mandag 19. mai 2014

19.mai 2014

I dag tenker eg at eg har verdas herlegaste son!! (Vel…….det har eg jo alltid, men litt ekstra i dag.) I dag fann han ut at han skulle bruke penger på mora si.
Då eg kom heim frå arbeid kvart over tre, kom han med ein pakke til meg.
Kven lar seg ikkje sjarmere av ei slik gåve? 60 kroner på Coop. Hahaha…………. Og det utan at det var noko spesielt høve.:=)

Medan eg låg og las på sofaen, høyrde eg plutseleg frå gongen "Æ har nåkka tell den vakre gudinna Beathe." Der kom han jaggu meg inn med blomar til meg. Så både eit hjartesmykke og blomar på ein og same dag. Herleg!! (Dette kan eg lett bli vant til.) 

Det har vore rimeleg fint ute her i dag. For dei som har sveitta over eksamensoppgåvene sine, har det vore perfekt at det ikkje har vore steiksol rett på aulaen, og for oss andre har det vore nok varmt til at vi har kunna kalla det for ein herleg dag. No er det berre å håpe på mange slike dagar framover. (Sjølv om det nok blir akkurat det motsette.)

Her i heimen er det ein som har leita fram ein av shortsane sine. Eg hadde ikkje hjarte til å seie at han ikkje fekk gå i så lite klede. Det er jo lett å la seg lure av sola, men eg satsar på at det går heilt greit. 

I går kveld fekk eg spørsmål om eg skal vere med til Oslo i september og springe maraton. Tja, tjo, kanskje det?! Det er nokre år sidan sist, då halvmaraton på 21 km. Det har eg gjort fleire gonger, men ein eller gong bør eg vel prøve meg på 42 km. Sånn berre for å ha gjort det. Spesielt med tanke på at mor mi her eit år først sprang 42 km, for så å fortsette på 21 km i same slengen. I mitt hovud blir det 6,3 mil med jogging i eitt. Viss eg kjem med mine skarve 21 km opp mo hennar 63…….. Pinglete, kallar vi det. MEN det blir nok ikkje i år. 
Skal eg til Oslo for å løpe i år, får det greie seg med ei mil. Og då må eg vite at det skjer på 40-45 minutt. Viss ikkje er det ikkje verdt det. 

Det einaste som er sikkert, er at ein ikkje løper med nye skor når ein deltar på slikt. Eg hugser godt eit år eg skulle springe "Midnight Sun Marathon" i Tromsø. Eg var kanskje i slutten av tenåra. Skorne mine var utslitt, så mor mi og eg for innom ein sportsbutikk og kjøpte meg nye skor. 
Sjølve kjøpet var smart, for skorne var knallgode, men tidspunktet var alt anna enn smart. 
Når det gjeld sko, er det noko ein må "gå inn". Det veit nok dei fleste…….men akkurat den dagen var eg nok litt "blond". 
Følgene av det heile var at eg hadde verre stil enn ein gammal mann med stokk dagen derpå. Eg kunne såvidt gå, og tru meg…….eg fekk høyre det dagen lang kor artig det var for alle andre å sjå på meg medan eg gjekk. 
Det blei eit eingongstilfelle. Det sit fastbrent på hjernen min den dag i dag, så det er inga fare for at det repeteres.

Så var det Oslo, då. Eg må vel straks besteme meg. Eg veit ikkje heilt kva tid fristen for påmelding går ut, men det er jo ikkje lenge til sommar……og då går tida fort. 
Kanskje eg slår til?! Men eg reiser såvisst ikkje åleine. Då får andre hive seg med også. 
Det kan jo bli det nye målet til folk her i bygda! Trene seg opp for å få seg ein Oslo.tur. Tru kor artig det kunne vore å dra ein heil gjeng?! 
Det er det eg er vant til. Då eg var yngre, hadde vi eigen buss som frakta oss til og frå Oslo. Stort sett var bussen full av kvinnheringar, og det var kjempesosialt. (No var vel eg ein av få "unge", men eg overlevde eldrebølgjen på tur.) 

På tv har det akkurat vore sending med fotballkamp. Eg syns vitterleg at det er seine tidspunkt å sende kampar på, og det "live". 
Kva er vitsen med å starte ein kamp klokka åtte om kvelden? Det kan umogleg vere optimalt for spelarane. 
Joda, eg skjønner at det er media som styrer dette. At det heile dreier seg om pengar……….. Då saknar eg slik det var før i tida. Før var det slik at fotball var ein hobby og ein fotballspelar spelte for gleda si skuld. I dag er det økonomien som avgjer. Kommersiell………..

Nei, når lilletåa til Messi er verdt x tusen gonger meir enn det som for meg er mykje viktigare ting…. Då ramlar eg ut. 
Som attenåring sat vi benkra for skjermen for å sjå kampar. Det var i den tida då vi digga fotball. Det var tider det . No gidd eg ikkje lenger. Fokuset har endra seg alt for drastisk. DÅ kan eg heller høyre god musikk eller spele….. 

No skal eg slappe av med Wallander. Han har fleire mord som må klarast opp i . Kanskje eg kan hjelpe han på veg?! Han kjem vel i mål denne gongen også. 
Ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar