torsdag 15. mai 2014

Onsdag 14.mai.

Ein flott dager over. Ettermiddagen og kvelden har vore tilbragt på den finaste plassen, Grunnvoll. Det har vore 10-årsfeiring for minstemann og det blei ei kjempefin feiring.
Han var skeptisk då vi dro frå kai litt over tre. Det snødde tett, og det virka ikkje akkurat lovande vèrmessig. Sjølv var eg ikkje i tvil. Eg visste at det kom til  å bli godt vèr der inne.
"Ta det med ro, han "Beste" (Walter) bi aldri å la det vere stygt vèr på Grunnvoll når du skal feire bursdag der." 
Når han såvidt såg naturen foran seg for skodda, trudde han kanskje at eg hadde tørna urpitelitt, men eg sa "berre vent og sjå". Og det gjorde han.
Då båtane med borna kom til kai i fjorden, kom godvèret, OG det holdt seg bra under heile feiringa. Så eg fekk rett…….. Og til dei som trur ein er galen når ein påstår at ein som ikkje lever lenger kan påverke på denne måten, dei må tru om att, for slik er det berre. Det skjer titt og ofte……
(Sjølvsagt ikkje berre med vèret.)


Eg har sotte her i over ein halvtime og eg kjem ikkje på eit einaste ord å skrive. I kveld er eg rett og slett tom. Det gjer seg vel utslag av di det har vore ein lag dag. 
Eg trur kanskje eg berre skal tilte meg i seng og heller kome attende i morgon. Det er nok ikkje så dum ein idè. 
Når ingenting er artig og når augelokka heng nedanfor nasen, ja då er det på tide å finne puta så hovudet blir plassert på rette staden. 
Med vissheita om at ein "liten" kar er strålande nøgd md dagen sin, kan eg trygt ta kveld. 

Sorry…..men det blir eit hurtig god natt frå meg. Eg har allereie "sovna" ein fire-fem gonger i løpet av desse orda. Natta.

Hasta mañana! 

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar