torsdag 15. mai 2014

Mor dømt til åtte års fengsel for barnedrap. Det er berre i Noreg at det er så "snilt" (eller svakt) rettsvesen. Å få åtte år i fengsel for å tatt livet av sin eigen unge, tja, det er jo berre ein vits.
I tillegg påstå at eit drap er uaktsom og ikkje forsetteleg når ei mor held hovudet til bornet sitt under vatn i ei bøtte…… Hallo!? Kva tid blei det uaktsomt?
Det er så vel vitterleg slik at det ikkje er lov til å halde eit born under vatn i ei bøtte!! Eller…? Vi veit jo også, alle, at å halde nokon under vatn kan medføre drukningsdaud. Akkurat det er det ingen som får lov til å vere uening i. Alle som er oppegåande nok til å skjønne at ein lagar born ved å spre føtene osv osv…… sit også med den kunnskapen at ein kan drukne om ein er under vatn. Ingen kan snakke seg bort frå det. Uaktsom, liksom. Liksom meg her og liksom meg der. Inni meg kjenner eg meg ganske provosert.

Å disiplinere dottera…….. Hallo, dottera var eitt år og ni månadar. Og det etter instruks over skype.
Eg skjønner at ikkje alle er like oppegåande, men å ofre sin eigen unge for å tilfredsstille ein kjæraste?! Det er jo hinsides all fornuft. Det strider mot ei mor sin natur. Det skal ikkje gå an. (Men det gjer jo tydelegvis det…). Ikkje forstår eg noko som helst……for i mitt hovud er det så groteskt gjort at eg ikkej skjønner at eit menneske faktisk har klart å la seg hjernevaske så til dei grader at dette kan skje.
Hadde ein mann prøvd å få meg til å gjere slikt med mitt born, ja då ville det vore bra synd i han, for eg ville ikkje ha vore nådig. Eg trur kanskje han ville ha angra på at han var i sine eigne skor då.

Ho som utførte drapet fekk åtte år og han som ga instruksane fekk ni. Ein som smugla inn amfetamin til Noreg fekk tretten år! Det set ting litt i perspektiv.
Det verste er at det ikkje fins garanti for at eit ny born kjem til verda med same mor……

Kvinne dømt til døden i Sudan fordi hun er kristen. Vi skriver 15.mai 2014 og enno er det slik fleire stader i verda. Kriminelt skremmande at vi ikkje klarar å få meir bukt med slikt.

Å seie til eit kvinnfolk at du har tre dagar på deg til å konvertere attende til islam….. Viss ikkje blir du hengt til du døyr. I tillegg blei ho piska 100 gonger for utroskap. Ikkje av di ho hadde noko utanomekteskapeleg affære, men rett og slett det at ho var gift med ein kristen mann og at det ikkje blir annerkjent av det sudanske rettsvesenet.
Så eg seier berre jeeeeezes for ei verd vi lever i. Nokon må reagere snart……

No har eg lest det også……20 år og "bestefar". Den nyfødtes far er 23 år! Å vere stefar til ein som er eldre enn deg sjølv må jo berre vere bra spesielt. Å få tittelen "bestefar" i ein alder av 20 er kanskje like spesielt. Jaja, ingenting sjokkerer i denne verda. Det er jo litt komisk, men også det motsatte.

Dei har vore kjærestar sidan han var seksten år gammal. Eg vil tru at det for ein nittenåring vil vere rart at mora finn ein kjærest som er berre seksten år. Men alt går an. :=)))

Nei, no skal eg sleppe alt eg har i hendene og tilte meg i retning av fabrikken. Eg skal nok sørge for å stoppe lenge før eg faktisk hamnar der, forhåpentlegvis på innsida av husveggane her! :=)
Eg har ikkje vore på date med Wallander på fleire dagar så det spørs om han ikkje er blodig fornærma desse dagane.
Uansett….Ha ei god natt! Sov godt! :=)

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar