søndag 18. mai 2014

Så er denne sundagen også over. Sjølv syns eg at eg har vore ganske driftig i dag. Viss eg ser bort i frå ein tur på skulen i kveld, har eg faktisk ikkje vore utanfor dørene i dag. Eg låg lenge, og etter det føler eg at eg har holdt på med noko konstant.

Dagen byrja med 70 poteter som skulle til pers! (Ja, eg var visst veeeeeldig svolten akkurat idag…..) Haha…. Neida, det var nok ikkje verre at den kvartalvise lapskausen skulle lagast. Då trengs det mykje poteter. (Eg fekk hjelp til skrellinga, for det er grenser for kor artig eg syns det er. Får liksom litt sånn der "flashback" til kroa.
70 poteter og tilsvarande mykje kålrabi, gulrøtter, osv………Det tar si tid. Det skal vere visst. Men du dyre kor godt det er med mat som er laga eitt hundre prosent frå botnen av. Ein skulle tatt seg tida oftare, men det er samtidig ganske tidkrevjande. Det tar sine timar.
Her er ein såvidt i gong. No er frysaren "full" av masse deileg lapskaus med svineknoke, saltkjøtt og pølser. 

I og med at det tar si tid å koke heile den svære gryta, må ein jo finne på noko innimellom. Så idag blei det ei pavlova-kake. Dei fleste laga sikkert kake til i går, men av erfaring så har eg sjeldan tid til å orge slikt til 17.mai, så då fann eg likesågodt ut at her tar vi det dagen derpå. God blei ho i alle fall. Eg var nok ikkje så kreativ i pyntinga, men det fungerte no…. :=)

Viss nokon hadde bedt meg om å lage kake i går ettermiddag, ja då trur eg berre eg hadde sett rart på dei og latt vere å svare. For det har gått rimeleg i eitt den siste uka. Meir enn normalt, så det var ikkje mykje energi å spore då det blei kveld. 
Eller.??….. Det er litt rart. Eg makta eigentleg ikkje å gjere så mykje, men å jogge til andre enden av Kobbvikhøgda……det kunne eg. Forstå det den som kan. Sjølve bakken oppover mot høgda var drittung på ein slik kveld. Fytti katta, seier eg berre. Om eg ikkje allereie var fri for energi, så var eg i alle fall det etterpå denne turen. 
Ikkje berre at det er tungt å jogge den lange bakken, men vèret slo jo verkeleg til også! Regn gjer meg ingenting……for det er eg vokst opp med, men den vinden(!!) som var langs havet og deler av bakken….. Det var nesten som om eg stod på "stedet hvil" medan eg jogga. Det var nesten tyngre enn bakken. 
Eg møtte ei dame på tur opp bakken. Ho sa berre "Æ har aldri forstått folk som orka å jogg". Ho meinte at vi berre gjer oss sjølv ondt. :=)

Resultatet blei at eg slokna på sofaen i eininga og eg trur kanskje ikkje eg var så samarbeidsvillig i samtalen som blei prøvd holdt i løpet av kvelden. Ellers har eg ei vag erindring om at mor mi ringte meg ein eller annan gong, men eg trur ho ga opp å prate med meg…… Eg sovna sikkert eit par gonger under samtalen…. Hahahahaha…..

Så lapskaus og kake på ein sundag. Men kaka blei jo ferdig før maten, så då måtte ein jo finne på noko anna. Så då blei det brødbaking. Eg hadde gløymt å fylle opp med mel, så det blei sånn der "man taver hva man haver". Sjølve brøda ser veldig gode ut, så eg håper dei smakar som dei ser ut! 

Ein skal vel aller helst slappe av på ein slik dag, men eg trur det har sitt utspring i at det har gått i eitt heile uka og at det difor er vanskeleg å berre ikkje gjere noko. At ein ikkje får til å slappe av. 

Eg hadde tenkt å ta meg ein surferunde på avissidene her på nettet. Det slo eg fort i frå meg!! Årsaka er enkel og grei……. Noko av det første eg las var : Fann 12.000 år gammel hodeskalle i grotte." Gamle hovudskallar er ikkje akkurat det eg har lyst til å sjå for meg rett før eg legg meg i kveld. 
Då drøymer eg vel berre om hovudskallar kombinert med matematikk i natt…og akkurat det er ikkje noko god kombinasjon. (Det er matematikkeksamen i morgon.) 

Når nyhende i avisene ikkje fengjer, er det jo eit alternativ å gå til sladderverda. Det er vel meir korrekt å seie "Se og hør". Der kan du lese om Avril Lavigne og at ho nesten "mista" bikinitrusa. DET er kjempenyhende….eller??!! 
Eller kanskje det er likare med fotballfrua som gjer deg med baby treningstips? Akkurat det treff ikkje meg (sånn heilt utan vidare……) Då må eg no først skaffe meg ein baby……
I og med at det ikkje berre er å gå på salg for å finne seg ein baby…….så er vel det lite sannsynleg. Ikkje det at eg ville fått meir bruk for treningsråda då heller. Men, men…

Jens og jeg har mye til felles. Words from Carl I. Hagen. Jaujau……. Eg skjønner at dette ikkje er dagen for å bryne dei små grå på noko som helst. Det beste vil vere å trykke i seg maten og pelle seg i seng. Det kjem ein ny dag i morgon. Måtte den bli solfylt og varm!! Akkurat no kjennest det ut som om at det blir litt bra, men ikkje så bra som ønskeleg. Så attstår det å sjå. 
Uansett…Ha ei fin fortsetting på kvelden og ikkje minst ha ei god natt!! :=))))

Hasta mañana! 

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar