tirsdag 6. mai 2014

Eg er akkurat komen ut av dusjen etter ein av dei tyngste joggeturane på lenge, lenge. Eg var seig i dag og det var alt anna enn "gøy". Det er likevel viktig at akkurat det ikkje blir brukt som årsak for å la vere.
Sjølvsagt måtte det kome ein bil nede langs havet akkurat i det eg stoppa for å hipse litt på buksa. Hipse på buksa kan eg jo ikkje gjere då, så måtte eg jo gå litt. Akkurat det var vel ikkje det vi kallar så fint for ein genistrek. Det var jo å be om å bli meir stiv. Nei, forfengelegheita lenge leve!! :=)
Det beste med det heile er at ingen kan be meg om å gjere noko som helst resten av kvelden, for no er eg parkert i sofaen, og der har eg vitterleg tenkt å vere.

Vèret i dag har vore upåklageleg. Eit par dagar med slikt vèr og vi kan byrje å håpe på litt betre temperaturar.
Lærarane våre frå Israel sa idag (eller var det i går?) at no skjønnar dei kvifor nordmenn alltid pratar om vèret! Dei har vore i Noreg heile helga, og vi som bur her nord veit jo alt om at vèret her nord verkeleg har fått vist alle sidene sine (og alle årstidene, nesten) akkurat denne helga.
I Israel ser dei berre dumt på deg om du pratar om vèret. Viss du har sol og varme fire månadar i strekk, er det klart at det temaet må vere det kjedelegaste av alle.
Heldigvis fekk dei oppleve einordentleg fin soldag som i dag også!

Selfie - lidelse? Det er nett det fleire og fleire ekspertar påstår i desse dagar. Enkelte tar selfiar kvar einaste dag og har legg dei ut på sosiale mediar. Etterpå driv dei og sjekkar kor mange som trykker "liker".
Selfiar er som regel bilete av eiga andlet, og enkelte byttar profilbilete på facebook kvar einaste dag.
(Eg trur kanskje eg må skifte mitt eiga bilete snart…..Profilbiletet mitt har visst vore det same heit sidan desember 2011. Så det kan jo vere greit å få eit "up to date"-bilete no. Sjølv om eg heeeeeilt klart meiner at eg ikkje har blitt ein einaste dag eldre enn då!!!!)

Dysmorfofobi heiter det så fint. Diagnosen som desse selfiar-avhengige får. "Sykelig opptatt av eget utseende med overbevissthet på minimale "feil" eller imperfeksjoner:" (Imperfeksjon er det same som ufullkommenhet, mangel.)
I følge ekspertane er dei avhengige bekymra for eiga utsjåsnad. Til dels er ikkje det noko dei vil innrømme for seg sjølv eller andre……..

Eg tar nok selfiar, eg også. Likevel, eg er ikkje særleg bekymra. Dei gongane eg tar det, er det som regel i ein samanheng der eg skal dokumentere at eg har gjort noko. Viss eg er åleine på fjellet, er det jo ingen andre som kan ta bilete av meg, for å ta eit enkelt døme.
Eg trur nok heller at det er ein tiåring som er hovudmotivet mitt.

Er selfie-trenden eit teikn på ein lidelse? Er det slik som ekspertane påstår? Eg vil tru at det er ein ganske høg prosentandel av folket som tar masse selfiar. Dei vil nok ikkje heilt utan vidare gå med på at dei har noko form form for lidelse.

Enkelte vil nok ta denne saka ganske seriøst, medan andre berre vil le av det heile.
Då kan eg avsløre at dei som har laga artikkelen om temaet, ikkje har vore så ufatteleg gode på kjeldekritikk. Så kva som er fakta, eller ikkje, skal vere usagt. At det imidlertid florerer alt for mykje selfiar på nettet…….tja, det får kvar og ein sjølv ta standpunkt til. Ein bør vel kanskje ha eit litt anna fokus enn på sitt eiga andlet kvar einaste dag.

Det var ei som sa "Ein ekspert hevdar at langrenn fører til fyllekjøring". Kanskje ikkje heilt samanliknbart, men setningen er jo litt "artig", då?!! (Den var garantert mynta på Northug, men den viser også kor sant det er at det er elendig kjeldekritikk blant landets journalistar før dei publiserer noko som vi "alle" går fem på.

Nei, det er jo tysdag og i beste sendetid. Det er ikkje så enkelt å konsentrere seg om å skrive når Greys anatomy rullar over skjermen. Då er hovudfokuset sjølvsagt der!
Ha ein fortsatt fin kveld! Sov godt, og ifølge ekspertane lønner det seg å telle sauar om du ikkje får til å sovne. Av ein eller annan grunn skal det ha sin effekt! Så veit vi det!

Hasta mañana!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar