søndag 11. mai 2014

Ei kjempefin helg er over for denne gong.  Eg har vore på Grunnvoll og véret har vore ganske fint heile helga. Det betyr mykje utetid. For det meste har vi arbeidd med uteområdet. Det er jo vår og då må ein slå til før gresset får vokst seg så grueleg høgt at det blir ei mare å få det på stell. Så spørs det kor gøy eg syns det var å sage tuer! (Du kan jo få lov til å tippe…..)
Eg skal ikkje seie kva gloser som kom ut av min munn, i det stille, medan eg holdt på.
Eg prøvde sjølvsagt først med ein kantklippar, og det fungerte jo eigentleg supert. Det var berre det at det kom glosar, då også! For desse eminente tuene er visst så gjerrige med å hjelpe til sjølv for å kome seg laus, så dei sørga heller for at dei med jamne mellomrom kutta tråden til klipparen. Så etterkvart eg som eg måtte stoppe opp og stoppe opp, kom orda og eg sverga heller til den hyggelege saga, som eigentleg ikkje var så hyggeleg når det kom til stykket.  Jaja, eg fekk no gjort litt.

Fredags kveld, medan vi "skoga" litt, høyrde eg plutseleg ei stemme rope "Beathe, Beathe du må kom! Åsså må du ha med dæ en spade! Han Steffen sett fast i leira!" Heilt andpusten kom kompisen hans for å varsku. "Vi så ikkje støvelen længer og så vil han ikkje ta opp foten sin førr han e redd for at han då mesta støvelen. Så no sett vel snart heile gutten fast åsså."
Sjølvsagt måtte dei teste ut leira. Heilt klart. Og når ein "skogar", er det sjølvsagt nett det ein vil bli forstyrra av. Jaja…….Då måtte eg no berre komme meg ned til leira då.

Trur du gutungen var redd? Nesjda….Han visste jo at mora kom for å hjelp og at det då kom til å gå heilt fint, så han leika seg med leira i hendene. Rein og fin!! 
Han klarte å dra seg laus sjølv, men støvelen? Eg måtte jo nesten prøve å berge den. Ikkje av di den har noko verdi, men det er no greit med støvler på hytta. Så då fekk eg testa spaden, til inga nytte. Det var berre å grave med hendene. Sjølv det var vanskeleg. Leira festa seg berre meir og meir og det var såvidt eg klarte å øyne støvelen. I tillegg var det om å ikkje sette seg sjølv fast i leira. 
"Vi sku bære sjå kor langt ned det går an å synk. Vi trudd jo ikkje at det sku vær sånn." Eg måtte berre kommandere dei attende til hytta med sverging om at dette var noko som aldri kom til å skje meir, ever. 
Eg tenkte det ville vere lettare å konsentrere seg om eg var åleine, enn at dei skulle "henge over" meg. 

Her er han straks laus med foten. 

Eg holdt på å gje opp mange gonger. Eg fekk fram mesteparten av støvelen og tenkte at då var det berre å dra den opp. HAhahahaha…….Joda, det var lettare tenkt enn gjort. Bom fast. 
Eg grevde litt til, og så blei eg så irritert at eg fekk uante krefter. Med litt klynk og litt bannskap kom jaggu meg støvelen opp. Det var berre å å få den i elva i håp om at den kunne bli rein. 

Leire sit jaggu meg godt fast!! Eg veit ikkje kor mykje eg gnudde på den hersens støvelen. Blei den rein? Ikkje heilt……. Og kleda til gutungen? Han såg jo ikkje riktig rett ut. Først måtte vi få nevane hans rein (eit heilt kapittel for seg sjølv). Så var det kleda. I elva. Kalde elva! Eg treng vel ikkje skrive at eg ga opp?! 
Skitne og våte klede til tørk……..


På tur til fjæra møtte vi på denne karen. Eit einsamt reinsdyr….heilt åleine. Han var litt nærare oss, men før eg fekk somla opp mobilen, la han i veg. Det fekk vere grense for kor lenge hans syns vi var særleg spanande å sjå på. Galne nordmenn……..Nei, takke seg til. Då var det betre å berre stikke.


At det er mykje fisk i havet er vel ikkje noko nyheitssensasjon. Men for unge gutar er det kult å sjå fisken som svømmer rundt i sjøen, rett utfor kaia. Det er klart det er om å fiske då. 
I helga har dei verkeleg fått prøvd seg på doktoryrket. Dei har jobba med fisken sitt hjarte, tarmar osv….. og eg trur kanskje eg høyrde begrepet "nese" i løpet av helga også. (Rart dei ikkje sa snute. DET ville vore…..hahaha…..) 

Det er ikkje kvar dag vi har fisk til frukost, men akkurat i dag har vi hatt kokt torsk. Gutane var heilt i hundre av di dei fekk torsk på kroken. (Den eine av minst ti krokar som dei brukte.) Dei får stort sett berre sei, og då er det klart at torsken skapte glede. 
Sundagsfrukost……TORSK!! Jaujau, seier eg berre. Torsk og egg! For ein lekker kombinasjon. 

Vi har vore rimeleg tidleg opp i helga. Normalt burde ein jo ville sove litt ekstra når det er helg, men så feil kan ein ta. Det var nesten på grensa til grytidleg at første ungen vakna. Plutseleg høyrde eg latter på loftet og skjønna at her var det berre å vakne til liv. Jaja…….Då får ein jo gjort desto meire. 
Det er ikkje kvar laurdag at ein har unnagjort både frukost og ein times fiske før halv ni på morgonen. Omvendt rekkefølge for å vere nøyaktig. For kven er det som gidder å sitte inne og vente på at egg og bacon-frukosten skal bli ferdig? Det tar jo aaaalt for lang tid. Då er det om at ein utnyttar tida betre. 
Og kor kult er det når ein av dei kjem inn døra rett før vi skal spise, berre for å vise oss auget på fisket? Æsj!!! Doktorleiken er ikkje kul (spør du denne jomfrua). Eit auge i handa……… og rett før bacon? Her var det berre om å omskolere hovudet hurtig!! 

Ellers har eg funne ut at det ikkje er så himla gøy å klyve ved heller. Eller….. Det visste eg jo ifrå før, men eg gløymer det jo frå gong til gong. Det er liksom ikkje noko eg går og tenker på. Og så tenker eg plutseleg at eg kan hive meg i klyvinga, for så å angre like etterpå. (Og då vil eg sjølvsagt ikkje innrømme det, så då står eg berre der og klyver mot min eigen vilje. Smart!!) 
Vi har jo vedklyvar, berre ikkje akkurat der. Jaja…no er det no ved for fleire år fram i tid, så då rekk eg i alle fall å gløyme kor kjedeleg det er. Dessutan kjenner eg det i armane, så det vitnar vel om at nett dei musklane blir brukt for sjeldan. (Men det har eg ikkje tenkt å gjere noko med!)

No er det sundags kveld og eg har eigentleg ikkje fått med meg noko som helst av det som har skjedd ellers i verda. Eg har sotte i fire timar med skulearbeid sidan eg kom heim, så hovudet er rimeleg sliten no og då gidd eg heller ikkje gå på nettet for å lese. 
Eg har fått med meg kven som vann Grand Prix, men etter å ha lest alle dei tåpelege kommentarane under saka, gjekk eg berre ut av nettet. (På mobilen.) 

Eg hadde eigentleg ingen planar om å få med meg songkonkurransen, men i går kveld fekk eg plutseleg lyst til å høyre songane på radio. Skuffande……I år sendte dei ingenting på radioen. Det må vel vere første gongen? 
Så når eg ikkje fekk høyre noko, kan eg ikkje kommentere den som vann heller. 

Nei, eg kjenner eg er trøytt i kveld. Eg skal ta å slappe av, for det har eg faktsik ikkje gjort på lenge no. Det er berre om at eg ikkje sloknar på sofaen. 
Uansett…..Ei fin helg er overog no attstår det berre å ønske alle ei god natt! 

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar