torsdag 1. mai 2014

Klokka er passert midnatt, og det utan at eg har hatt tid til å roe ned etter arbeid i dag. Likevel…..Eg klarer ikkje heilt sette ord på kva eg eigentleg har gjort idag som tilseier at det skal vere slik. Korttidsminnet er visst ikkje heilt inntakt.
Jaja, eg klarte i alle høe å registrere at eg fekk heim ein søkkvåt gut, noko som tyder på at han har terga på seg russen og har måtta tatt følgjene av det. "Feiringa" er igong.
Eg lurar på kva som er så ufatteleg artig med det der vatnet kvart år. Det er det første mange av borna tenker på når det ringer ut etter siste time. Det er om å oppsøkerussen. (Min kar er absolutt/definitivt ikkje noko unntak der.) I dag samla dei seg utanfor her og lada opp rundt ein 40 små vannbomber. (Etter grei formaning frå oss vaksne om at det ikkje måtte ligge å slenge langs vegen.) Russen sjølv sat oppover med svære poser fulle av vatn. Det var kanskje ikkje rart at eg fekk ein søkkvåt gut heim etterkvart. "Som man reder, ligger man".

Det er berre eit par timar sidan gutungen og eg kom inn for kvelden. Vi har vore ute og trena. Det vil seie at eg skulle ut og jogge og då såg han sitt snitt til å få vere lenger oppe……. "Kan æ vær me å træn? Æ kan ju gå på ski." Joda, når eit born vil trene, seier ein ikkje nei. Ikkje i dagens samfunn der det elektroniske er tilstades i stor grad. Sportsleg aktivitet er særs viktig.

I dag har eg lært eit nytt ord. DEFFE!! (Deffing…) Kva er det liksom? Deffe. For eit ord. Hadde det ikkje vore for at det fulgte eit bilete med ordet, hadde eg aldri klart å bruke sunn fornuft for å finne ut kva ordet betyr.
Det er jo så mange smarte menneske rundt omkring som analyserer ord ned til minste detalj, og vips har dei funne ut kva eit ord må bety. Å deffe er definitivt ikkje eit ord eg kunne klart å gjere nett det med.

Skulle eg prøvd meg på ei forklaring, ville eg tenkt deffe = deaf (eller noko i den dur). At det har ein samanheng mellom det engelske ordet. Men det er absolutt feil. Å deffe har ingenting med å vere døv å gjere. Langt ifrå.
Å deffe er eit slanguttrykk for å definere. (Akkurat det kunne eg kanskje klart å ende opp på, men så er det jo i ein spesiell samanheng det ordet brukes. Ikkje akkurat for å forklare ord……..)
Muskulaturen har tverrstriper mange ønsker å få fram. Blodårer. Det er meininga at fettet skal bort og musklane fram. Då snakkar vi om å deffe.
Eg syns eigentleg at "deffe" er eit ord som høyres uferdig ut. At det berre er ein del av eit ord.

Det er  mange måtar å gå ned i vekt på. Slanking er ein måte, men deffing handlar ikkje om å slanke seg. Fokuset er på forbrenning og eit viktig stikkord er styrketrening. På ein måte blir det slanking med stålkontroll.
Slik deffer du deg til sommerkroppen. Er det rart at mange får problemar. Når media har slikt eit fokus på kropp. Etter jul startar dei med alle artiklane som skal hjelpe deg med nyårsforsetta. Før sommaren dreiar det seg stort sett om å få mest mogleg "perfekt" kropp. Slanking er hovudfokuset til mange magasin. Så syns vi det er så trassig at det er så mange som får spisevegring? Eg syns ikkje det er rart i det heile. Og kva syn får ein tenåring på eigen kropp når han/ho veks opp med ei mor som er fanatisk opphengt i kroppen? Tanken om kroppsideal dukkar opp ganske tidleg.

Er det noko som er sikkert, er det at eg aaaaaldri kjem til å deffe. Jeeeezes, korleis skulle det gå seg til liksom? Dei fitness-triksa som er avbilda i VG, til dømes, er jo svintunge. Som om eg skulle gidde å pine meg sjølv gjennom eit slikt strengt regime?! Hahahahaha…… Eg hadde ikkje klart å kome meg halvvegs mot målet. Eg ville berre byrja å flire kvar gong eg ville prøvd meg på dei ulike øvingane. Og akkurat det er ikkje tull eingong. Men ein god latter forlenger jo livet………… :=) (Eg trur eigentleg at eg er nøydd til å bli ganske gammal…….!)

                                                                                          Foto: Roger Neumann.

Sjå no berre på det her biletet! Skulle liksom denne knetta halde på slik som dette? Eg trur eg flirer meg minst 40 grader skeiv………….
Nei, eg har ingen planar om å deffe meg fin til sommaren. Viss ein ikkje tar meg for den eg er, så er det ikkje mitt problem. Eg klarar meg godt med hengepupper og null sixpack. 

Deffe……. Jaujau….for eit ord, seier eg no berre.

Nei, klokka var allereie passert midnatt før eg starta opp her inne, så det er kanskje på tide å bruke sunn fornuft. (Kva no enn det er….) Det kjem ein dag i morgon også, så då kan det vel vere greit å få  seg nokre timar på auget. Eg vaknar vel som vanleg rundt kvart over seks uansett, så………… Berre så det er sagt. Eg står ikkje opp då! Dyna mi er alt for god ven med meg  til det. Eg ligg så lenge eg kan. Sånn er det berre. 
Ikkje må eg opp til noko kaffikopp (eller liknande). Ikkje må eg ha noko morgonrøyk. Den tida andre brukar på det, brukar eg under dyna. I følge meg sjølv er det eit hundre gonger så mykje betre alternativ. 

No skal eg tilte meg i seng og håpe på ein fin dag i morgon. I alle fall bør den vere fri for snø! Det var ikkje særleg å sjå ut vindauget i morges at tåka låg langt nede og at bakkane var kvite. Heldigvis hadde tåka letta innan halv åtte, så dagen blei ikkje så dyster likevel. 

Uansett…Ha ei god natt. Sov godt (Med eller utan dyne…..) Viss du vil deffe, er det berre å slå opp ordet på nettet, så er eg sikker på at du vil finne mange måtar på å få den rette kroppen. Bortkasta spør du meg. Eg tar meg heller ein løpetur. 

Hatsa luego!

IWALY!!!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar