lørdag 17. mai 2014

17.mai!!

Gratulerer så mykje med dagen, alle saman! For min del starta dagen heilt perfekt. I skrivande stund er eg rimeleg trøytt, men det gjer absolutt ikkje noko som helst, av den enkle grunn at det ein annan som også er trøytt. Thihihi…….

Svigerbror min har ein tendens til å gjere litt "djævelskap", så difor tenkte eg at eg skulle få russen her til å hjelpe meg med å gjere litt "djævelskap" med han utan at dei skulle vite at det var det dei gjorde. OG det slo til!! Ergo er det lykke på jord hos denne unge dama! Hahaha……

Kvart einaste år vekker russen lærarane grytidleg. Eg visste at eg kom til å få "gjennomgå" i år, og har fundert litt på korleis eg skal vere førebudd når dei kom. (I og med at dei har tatt meg på senga dei siste to åra.)
Det var då det slo meg……..den perfekte planen for å lure både russen og samtidig få gjort litt sprell.
Å la russen tru at eg sover ein annan stad enn det eg gjer. Og at eg ikkje har tenkt på det før…?!
Eg laga følgjande plakat som eg hengte opp på ytterdøra etter at eg kom heim frå russekveldsen i går.

På dette biletet har russen vore å skrive "Du lura ikkje oss" over teksten min. 

Hahaha. Got you!! Vi har et hus til i Kjøpsvik, men avslører ikke hvor. LOL - Der ligger jeg og sover så godt!

I tillegg "avslørte/forsnakka" eg meg for nokre foresatte rett før eg la meg……..sa at eg skulle lure russen ved ikkje å vere heime. Sjølvsagt i vissheita om at dei vaksne kom til å avsløre meg og få russen til å lure meg. Hahhahaha……. Det funka så bra!! 

Vi forskansa oss alle på minstemann sitt rom. Klokka seks, i morges, høyrde eg at dei kom. Vel vitande om at dei kom til å skjønne kva hus eg hadde skrive om, fekk eg med meg at dei var ganske snar utanfor hos meg. (Dei har jo in vaksen i lag med seg, og difor var eg sikker på at han ville skjønne kor hus nummer to er.) 
Det betyr at dei hamna i hagen nede hos svigerbror min, indst i Hestnesvegen. Hahahaha…… Der tok dei heilt av. Dunka i veggene og vindauga, brukte sirener osv……..for dei var jo sikker på at eg var der. 
Heilt til dei såg eit trøytt tryne i vindauget. Eit tryne som ikkje passa heilt inn med meg!! Og for å sitere kva han sjølv sa då vi møtte han: Æ trudd ju pinadø at æ våkna opp i Syria!" Eg takkar russen for hjelpa!! 
MEN, russen forstod jo at eg hadde lurt dei, så etterpå kom dei jo attende, og då for å bli ei stund. Då laga dei verkeleg leven! I og med at eg ikkje var sikker på om dei hadde vore nede i Hestnesvegen, turde eg ikkje vise meg for dei. Minstemann fekk grei beskjed om å halde seg i ro i senga. 
Og tru meg….Dei tok heilt av. Stakkars naboar, seier eg berre. 
Dei klatra opp på verandaen, dunka i huset/vindauga heile vegen rundt. Dei var til og med og gløtta under garasjeporten for å sjå om bilen stod der. 
Uthaldande var dei så det monna, men det var eg også. Då eg kom ut, på tur til klubbhuset og revelje, såg eg at dei hadde skrive "Du lurer ikkje oss" på plakaten. 
(Eg har lova dei ei kake som plaster på såret for at eg ikkje kom ut.) 

Dei var nok klar over at eg hadde planar om noko, men eg trur nok dei var meir førebudd på at eg skulle stå der med hageslangen, eller noko i den dur. Og kva seier naboane?? Hehehe……På Facebook står det så fint "Beathe Susan Knutsen-Pedersen, kan ikkje du flytte til Hundholmen?". Dagens beste!! 

17.mai er så mangt. Det er alvor med tanke på kva vi feirer, det er leik og moro for borna, det er kaker og anna godt, ikkje minst is, og det er sosialt samver og ikkje minst festkledde mennesker som er glade og smilande. 
Vel…..Dei fleste var pynta i finklede. Sjølv hadde eg min eigen kamp her heime med å få på ein viss kar kvitskjorte og vest. Kompromisset blei at han hadde det på seg i kyrkja, men eg måtte då verkeleg skjønne at han skulle vere kul og ikkje fin resten av dagen. Til og med caps………. 
Ein kan jo ikkje synge disko i kvitskjorte!!!! Sånne er det berre….. Jaujau…så lærte eg og noko nytt.

17.mai betyr også at russen tar dei minste. Min kar har såvisst ikkje gått stille i terrenget desse mai-dagane, så han var fullstendig klar over at han låg i faresona for å bli tatt. Så på scena blei han heilt forknytt (for russen stod jo rett ved sida av scena) og sjølve folketoget blei eit tog eg ikkje kjem til å gløyme med det første. Russefrykt de luxe. 
Istadenfor å kose seg med kompisane sine, blei han gåande med mora. Tett oppi!! Han nekta å gå unna då eg ba han om det. Ikkje det at det gjorde så mykje den tida vi stod i ro og spelte, men gud betre den tida vi marsjerte!! 
Heile vegen tok han hendene rundt magen min, og der holdt han til toget var ferdiggått. Og ja, det betyr at han holdt der medan eg gjekk og spelte også. At eg brukte både snill og streng stemme på han, prella berre av på han. Han skulle halde seg fast, for viss han gjekk med læraren og i tillegg mora si, så ville ikkje russen tørre å ta han. Ferdig med det. 
Ei stund holdt han eine handa i buksa mi, og då kjentest det ut som at han kom til å sørge for at buksa kom til å hamne på knerne. Joda…….. Det var frykteleg lett å spele!! Ikkje minst at det ikkje er berre, berre å marsjere med eit par ekstra føter opp til sine eigne. Eg måtte konsentrere meg for å ikkje snuble. Jaujau……. Til neste år skal eg bure han inne frå 1.mai-16.mai, slik at han ikkje rekker å hamne på "offer"-lista til russen. (For tru meg………. Han har sjølv lagt opp til det. Og hos mora får han inga trøyst! No way!)

Ellers trur eg kanskje eg har vore svimmel i morges. For eg hadde tatt på meg ei alt for stor blå-bukse. Ikkje rart at buksa nesten datt ned då han kom med nevane sine. Jaja……..som eg sa…….så lenge "dagen" starta slik den gjorde, speler det inga rolle korleis resten av dagen har gått. 
No er det ribbe og avslapping ei urpitelita stund som gjeld. 

Ha ein fortsatt fin dag!! 

Hasta luego! 

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar