torsdag 8. mai 2014

Ein ny nydeleg dag her nord. Kva er vel betre då enn å tilbringe den ute? Ettermiddagen blei brukt i hagen, og då måtte minstemann også berre pent nøydd til å delta, han også. Det var nok ikkje så populært, men tre kvarter med raking er det vel ingen born som har tatt skade av. Dessutan er det jo koseleg å gjere noko ilag?!
Han var nok ikkje særleg nøgd då to vener stod der på trappa og han måtte seie at han diverre ikkje var tilgjengeleg før etter fem.



Se opp for huggorm. Joda, det gjer eg alltid om eg er i dei rette områda. No har eg nett sett eit opptak frå Oslo-området der ei Torunn Beate har filma frå livet i hagen sin. Ho er vant med å ha eindel ornar i hagen, og sjølv seier ho at ho kjem til å sakne dei om dei blir borte. DÅ seier eg berre "eeeeeeeeehh…". Hadde eg visst at medan eg sover så kryp det mange huggormar rundt huset mitt, ja då hadde eg faktisk måtta klart meg utan svevn.
Etter å ha sett opptaket ho sjølv har tatt, tenker at ho ikkje er riktig rett!!! (Sorry, Torunn Beate. Det er ikkje vondt meint..) Heslege, ekle kryp……. Eg seier ikkje meir!

Det eg syns er merkeleg, er at vi har noko som kalles "Giftsentralen". Det kan folk som har blitt bitt ringe. Dei har ikkje noko oversikt over kor mange som har blitt bitt, men dei veit jo sjølvsagt kor mange det er som har ringt nett dei.
Til no i år er det 29 stykk som har ringt dei med huggorm som utgongspunkt. I fire av desse tilfella har det vore snakk om fare for forgiftning.
Så spørs det kva det er eg syns er så merkeleg…… Jo, enkelte ringer inn og veit eigentleg ikkje heilt om dei har blitt bitt eller ikkje. Og då seier eg berre "hallo????" Sjølvsagt kjenner ein det om ein huggorm biter deg. Ein vil både merke at ein blir bitt og ein vil også sjå ormen samtidig, så ein kan ikkje lure på slikt.

Femåringen forlangeregen Ipad. Tja, det er vel dit vi er komen? At borna blir yngre og yngre…. Det er ikkje så mange år sidan at det var stort om ein fekk eigen pc etter at ein var konfirmert. I dag er det meir regelen enn unntaket at ein 10-åring har eigen pc, eller eit nettbrett som til dømes Ipad.
Dagens tiåring har gjerne både mobil, Ipod og Ipad.
Det er nok ikkje meir enn få år til det er meir regelen enn unntaket når det gjeld femåringar også.
Det er ei kjennsgjerning at dagens protestar er morgondagens trend.
Vi kan "misslike" det så mykje vi vil. Vi gjer likevel etter…..

Å bli kjønnsmoden på 80-talet er det same som pliktlaus og uskuldig. Den gongen bada dei nakne, gjerne i sånne der små tjern i skogen.
Dei som var "ung" på den tida hugser sikkert Kiss-korta. Eg var ikkje så gammal sjølv då, men også eg hugser dei. På den tida bytta ein slike kort. Seinare var det andre kort som var i sentrum.
Kva kort byttar dei idag? Eg vil tru ingen! (Då tar eg bort det faktum at det eksisterer noko som heiter russekort.)
Teknologien har tatt mykje av dette ifrå oss. Akkurat det kan vel dei fleste vere einige i?! Borna stirrar på skjermen kvar einaste dag. Det er ikkje berre, berre å få kontakt med dei. Dei knyttar venskap med nye mennesker og til slutt har dei så mange vener som ein eigentleg berre kan draøyme om. Berre det at ein er like einsam som om ein ikkje har vener. For å ha digitale vener er langt ifrå det å ha ekte vener ein kan tilbringe tid saman med. Vere sosial……..

Kven trur at borna etterkvart vil droppe dibbeduttene? Jo tidlegare behovet skapes, jo meir avhengig vil dei bli. Likevel……Kva skjer om du nektar bornet ditt å halde på med mobilen eller nettbrettet?
Vil di då ikkje skape ein avstand mellom deg sjølv og bornet?
Kven veit kva bornet tenker inni seg, men eg vil tru at dei er mest opptatt av at dei då ikkje klarar å henge med alt som skjer. Om venene deira får lov, vil ein møte lite forståing frå dei når dei blir nekta. Kanskje oppnår ein berre at dei blir trassige. Kanskje………

Så kva er rette alderen for å få eiga nettbrett/ data o.l.? Kven sit med fasitsvaret? Sannsynlegvis ingen.
Sjølv trur eg at det ikkje er verdas undergong om eit born har tilgong til slikt utstyr dersom det blir satt grenser. Dersom borna er ute kvar ettermiddag og leiker, at dei ikkje bruker heile ettermiddagen inne på nettbrettet, er det ikkje så ille. Dersom bornet ikkje får sitte oppe til midnatt og chatte eller spille…….. For det fins dei borna som i elleve-tolv-tida enno er pålogga på ein heilt vanleg kvardag. Ikkje nødvendigvis av di dei får lov til det. Dei gjer det kanskje bak ryggen til dei foresatte. Foreldra trur dei ligg og sover, medan sanninga er at dei er pålogga.
Løysinga kan vere å "dra inn" alle dibbeduttar når bornet skal legge seg. Rett og slett sørge for at han/ho ikkje har sjansen til å kome seg på nett. Då er dei mykje meir vakne når dei skal opp og gå på skole.

Tidlegare undersøkingar av born i ungdomsskulealder har vist at dei sender kvarandre sms-ar i to-tre-tida på natta. Mange timar etter dei skulle ha sovna. Er det då rart dei heng med hovudet i løpet av dagen? Kor mange timer er det frå klokka tre til dei skal opp om morgonen. Svaret gjer seg sjølv.

Tja, eg skjønner at femåringen forlanger Ipad. Det er slik vi har skapt dagens samfunn. Det betyr likevel ikkje at vi treng å gje etter.
Min kar blir ti år om få dagar, og han har tilgong til både mobil og Ipad, sjølv om Ipad´n ikkje er hans eigen, men min. Han bruker den likevel fritt, og kva har det då å seie om det er min eller hans? Det blir nesten det same.
Eg ga etter for presset, eg også, men ikkje frå ein femåring. Han var ni……. Eg syns det også er tidleg.
Heldigvis er han ute og leiker kvar dag. Enno…….
Det blir mitt ansvar å sørge for at det er slik om nokre år også. Ikkje hans åleine……

Det er torsdag og det betyr at det "straks" er helg. Eg håper vèret held seg sånn høveleg. Grand Prix er på TV. Eg har ikkje fulgt noko særleg med, men no kjem i alle fall resultata, så eg skal få dei med meg sidan Noreg sitt bidrag var eitt av innslaga.
Du får ha ei god natt! Sov godt! :=))

Hasta luego!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar