tirsdag 11. oktober 2011

Eg er ei klekse!!! Jippi:=)

Hahahaha....Eg trur eg døyr. Eg er blitt ei klekse. YES!! It feels good:=) Eg skal berre såååååååååå følge den biten opp i kveld. Dette kan jo bli riktig så gøy.
Her er nokre menn som må haldes litt ekstra i øyrene. Det er berre slik det er . Vi kvinnfolk må jo berre ta ansvar. Vi er jo vant med det. Hhehehehe..... Lurar på kva dei ville sagt om dei leste dette?? Faren er jo tilstades for at akkurat det kan skje, så det kan også bli gøy. Hvis eg ikkje er ei klekse, ja, då veit ikkje eg.

I dag har det verkeleg tatt av. Gutane orga og styra så mykje med dei her massøsene, at tilslutt så krangla massøsene med kvarandre. Eg trur ikkje andre ville klart det same. Eg tok shortsen over hovudet og lata som eg ikkje var der. Litt gøy var det jo, men dog ikkje bra.Nordlendingar på tur, kallar vi det. (Vestlandsjenta i meg slo visst litt til der). Trur kanskje det andre korpset (med berre damer) syns menna vår er litt "rar". Dei trur sjølvsagt at "alle" nordlendingar er slik. Haha.....vi slit!

No har vi nettopp vore og spelt konsert på "kirkeplassen". Det gjekk greit, men eg merka det godt at vi hadde øvd ein time og vel så det tidlegare i dag. Enno har vi ei speling til i dag. Gjett om folk kjem til å ta av når vi er ferdig på scenen?!?! Eg trur ikkje, eg veit! Det er godt vi har fri i morgon. Det blir nok stranda, i og med at det er helligdag og butikkstengt.
Mest av alt er eg spent på om salen tar av under dei songane vi skal syngje. Halve korpset deltar med song innimellom. Det er somgar dei kjenner godt nede i salen, så det ligg vel til rette for det. Det er jo meininga at vi skal skape stemning.

I dag byrja enkelte av menna å snakke om at dei skulle stille på stranda i stringtruse. Eigentleg så burde eg skrive her at eg gler meg til det (om det skjer), men eg får berre stygge bilete for meg inne på netthinna. Vis det mannfolket som blir sexy i string. Hallo??? Uansett, det mannfolket som tør stille opp i det her, er ikkje riktig god, men likevel litt tøff. Eg skal berre såååå ta bilete av det (sjølv om eg veit det ikkje kjem til å skje). Spesielt om dei stiller i elefantsnabeltruse. Eg lover at eg ikkje skal spy............. (OG det fins menn som kan gå i det....... Berre ingen av våre karer! Trur ikkje eg møter særleg motargumenter der). Så sånn er det........
No kan det jo vere at det er eg som er sær, og at alle dei andre kvinnfoka meir enn gjerne vil sjå orrhanene blomstre. Eg veit ikkje om det er nokre habile jegrar som ville "casha" inn den fangsten. HAhahah.......

For å ha med EIN seriøs ting også, så kan eg nemne at eg las eit veldig fint "dikt" (ordtak) i dag. Det lyder som følgjande:  Hvis du liker noen eller er glad i noen......
                        Si det direkte til vedkommende.
                        Det gjør deg til en modigere person.

Det er vel noko i det..... for "fallhøyden" er jo også då tilstades. Det er vel nett difor det står at det gjer deg til ein modigare person. Hadde det berre vore så enkelt....
Eg skulle ønske eg var tøffare til tider, men kven gjer ikkje det. Eller, ikkje i så mange samanhenger, for eg er jo ikkje akkurat "sjebeden", men spesielt på eit område. Jaja....

No ser det ut for at fleire og fleire trekk ned hit i første etasje. Det nærmar seg middagstid og enkelte er vel litt tørste før den tid. Det går for det meste i vann og cola i dag. Samtlege har vore kjempeflink og holdt seg til det, så då går vel spelinga også bra:=) Eg er litt spent på kva vi får servert i kveld. Det er heile tida bufèt, men med ulike varme rettar frå dag til dag. Det har faktisk vore servert kanin her. Sjølv om eg åt det på Husnes, trur eg nok at det ikkje kjem til å skje her. Eg held meg meir til den "safe" maten. I morgon skal vi på ein annan restaurant å spise. Det blir koseleg. Det er greit med litt nye lokaler. Vi har bestilt plass på ein argentinsk? restaurant. Det var det som blei sagt av dei som anbefalte det. Eg trur kanskje det er meir riktig med uruguayisk. Det var det som stod på skiltet. Det gjer uansett ingenting. Det blir sikkert bra uansett. Jupp!

No tar eg kveld... Det stemmer vel ikkje heilt. Eg tar kveld her, men fortset likevel kvelden. Eg har tenkt å kose meg masse, så eg ser fram til ein riktig så triveleg kveld. Det er berre tre dagar att før eg er heime. Sjølv om det er deileg å vere borte, blir det nok godt å kome heim att også. Spesielt med tanke på at det er ein liten gut som saknar mor si kvar morgon og ei mor som saknar sonen sin:=) Det er det beste med å vere borte. Det er ein som alltid er så lykkeleg og glad når mora kjem heim. Han har nok berre godt av å vere litt borte frå meg.......

Eg fekk visst eit lite oppbrudd her på eindel minuttar. Eg fekk telefon heimanifrå...... Det er visst ein liten gut som nektar å leggje seg. Det er same guten eg snakka om i stad!! Sukk...... Så då måtte mora stille opp og seie ifrå kor skapet skal stå. Krokodilletårer har aldri virka på meg. Det prellar rett av. Stakkars gut, han måtte jo få sjå på når det er Noreg som skal spele fotballkamp! Kunne ikkje eg skjønne det?? Nei, eg gjer nok ikkje det. Eg skjønner meg eine og åleine på klokkeslett, og når klokka nærmar seg åtte......Ja, då er det inga bøn. Han burde vore i seng for ein halv time sidan. Då han fekk vite konsekvensane dersom han ikkje høyrte på faren, fekk pipa ein annan kyd, og eg reknar med at han står på badet over vasken og pussar tennene i dette sekund.
Det er eigentleg litt kjipt å vere "bitch" når ein eigentleg berre vil heim og kose med han. Sånn er det no berre. Er ein forelder, så er ein forelder. Det er nok slik det må vere.

Eg var vel komen til det stykket at eg skulle slutte av her inne, så no gjer eg det. Eg håper det står bra til med alle heime i landet som er litt kaldare enn her.
Så ha ein fin kveld og kos deg godt om det så er med landskampen, ei god bok, tv'n eller rett og slett ingenting. Ahhhh.........Det hyggelegaste ein kan gjere, er å kose seg med musikk, så då kan eg jo ikkje utelate det alternativet. Hehe...... Herved er også det nemnt! :=)

Hasta pronto! :=)

I just close my eyes and I'm with you.
You're only a heartbeat away.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar