fredag 7. oktober 2011

Home sweet home.....

I alle høve for eit lite døger:=)  Det har vore ein rimeleg laaaaang dag. Vi starta litt før ni i morges, og var ikkje heime før nesten halv tolv. Sørover tok det berre 6 timar. Ikkje det at det gjer noko at tida går sin gang ein slik dag. MEN det er lite kult når du plutseleg står der med ein son som spyyyyyyyyr!!!! Han la seg litt seint i går kveld og brukte lang tid på å sovne. I tillegg måtte han opp tidleg. Han var rett og slett ikkje i reisemodus. Langt ifrå!! Så då vi kom på båten, i bølgjer, gjekk det som det måtte gå. Der spydde han. Han spydde på Flesland, på Gardermoen, på flyet, i bilen heim.....og såååå stoppa det. Puh, det er til å bli svett av. Han brukar ikkje å bli slik, så det er jo typisk at det skulle skje på ein slik dag. Jaja, vi kom oss heim. Noko anna var aldri noko alternativ.
Ein ting skal han no i alle høve ha: Han er verdas flinkaste unge når han er sjuk. Han er berre så lett å ha med å gjere. Han klaga og sutra ikkje ein einaste gong. Ikkje eingong når han holdt på å brekke seg ihel. Han berre sa i frå kvar gong det var på tur, slik at han kunne få pose. Det var ikkje eg som var slik i den alderen. Eg hugsar godt at eg syntes veeeeldig synd i meg sjølv og at ingen måtte så mykje som prate til meg eller ta borti meg. Då kom "gorrsinne" fram. Då kunne eg bannes, ja! Det er godt ein har vekse det av seg:=)

No er eg i alle høve heime og skal sove i mi eiga seng. Det ser eg fram til. Det er rart med det, men ordtaket "borte bra, heime best" stemmer godt. Hmm....Eg som skal på tur att i morgon:=) Det er no ikkje før seint på ettermiddagen, så det er nok av tid til å gjere rampestreker før ein fer avgarde.
Ikkje minst må eg setje av tid til pakking. Det er eigentleg ikkje noko stress. Eg leiter berre fram uniformen no før eg legg meg....... Eg skal alt anna enn å stresse i morgon. Ein tar alt som det kjem:=)
Eg skal i alle fall ta meg tid til å holde litt på med musikkprogrammet eg har kjøpt til den nye ipad'n min. Eg fekk meg ein no når eg var sørafor. Trur kanskje eg kjem til å få meg ny hobby framover (på musikkfronten). Det er gøy!!!!

No er det visstnok berre tull at eg sit her og skriv i stadenfor å leggje meg. Vi får lite med svevn i helga og ikkje har eg tenkt å sove lenge i morgon. Så då sluttar eg av. Pc'n blir sikkert med på reise den også. Eg er stygt redd for det. Eg skuldar berre på at eg må leggje inn bileta eg tar etterkvart på pc'n. God grunn, det?! Eg får prøve å ikkje ta så masse nakenbilete........ Eg ser det for meg. Alle dei "staute" musikk-karane kjem der langs strandkanten i si lille "speedotruse".... Hahahahahaa:=) Eg trur eg døyr!! Heldig for dei at eg ikkje  legg ut bilete av andre.

No fekk eg det så artig her eg sit. Lite lyst å leggja meg når eg kjem i det hjørnet. Eg gjer det likevel. Ellers veit eg ikkje kva eg skriv ...... Så ha ei god natt. Sov godt:=)

PS! Eg gler meg til Helle skal fritere sneglar til meg og dandere det skjønne pinnsvinet eg har med:=)

Hasta luego!

Wish you come with me.........

2 kommentarer:

  1. Beathe,di tullmus!
    Lægg dæ nuh :)
    Håpa sneglan hold sæ i 14 daga i frostboksen din ..
    Oppfør dæ på tur :)))

    -Helle-

    SvarSlett
  2. Tja......skal prøve på det:=)

    SvarSlett