fredag 21. oktober 2011

Tjueførste....

Fredag, helg, hytta......... Eg er så trøytt som det går an å bli. Eg trur ikkje eg har lagt meg i normal tid ein einaste kveld heile uka. Det positive med det, er at eg no veit kven som står bak alle morda i kriminalromanen og sit her heilt i ro og fred utan ein einaste lyd rundt meg. I og med at eg er så trøytt, er det veeeldig greit at dei andre er sosiale og ser på "Idol" lenger oppe i lia. Eg nyter roen.........

I dag, i bilen, då vi var på tur utover mot hytta, spurte plutseleg Steffen: "Mamma, heite jorda Tellus?" Eg svara no ja til det og tenkte ikkje meir over det. Så gjekk det eit minutt før han fortsatte: "Jamen, jorda heite jo Gaia!" Ja, ho gjer jo det........ Så var det å kome seg ned på det nivået att og prøve å forklare. Jorda, Gaia, Tellus........... Sukk, det er jo fredag!
Like etterpå følgjer han opp med dette: "Det e ikkje bære en værden." Neheii?? Eg sa no at vi som levde her på jorda kun kjenner til ei verd. "Jamen, æ veit at det ikkje e bære en værden. Det e sånn det e!" Eg kunne jo ikkje akkurat nekte for det. For alt eg veit, fins det mange av dei, berre ikkje her i vårt system. Det var ikkje akkurat slik eg såg for meg at helga skulle starte.
Det er supert at han engasjerer seg for å lære mykje, og han har utroleg god "husk", men ein fredags ettermiddag med ei mor som aller helst berre vil kople av og sooooove, hmmmm, det seier seg sjølv. Her er gode råd dyre.

Vi kom oss på hytta og naboane var allereie på plass. Vi skulle eigentleg ta same ferga alle saman, men dei hadde litt betre tid enn dei hadde rekna med, så dei tok ei tidlegare ferge. Difor var det særdeles deileg å forlate ei hytte under oppvarming og trø inn i ei som var ferdig oppvarma. Kvifor er det alltid slik at det er varmare ute enn inne i ei hytte som har stått tom nokre uker??
Ein annan ting som er veldig rart, er at når ein kjem i hyggeleg selskap, så plutseleg "poff" er ein ikkje å trøytt likevel. Svupp, så var to timar gått og stakkaren på våres hytte som berre gjekk å venta på meg slik at vi kunne starte på middagen....... Minstemann var berre glad til. Han var jo ute og herja med dei andre borna. Reknar med at vi ikkje kjem til å sjå han så mykje i løpet av helga. Først når magen rumlar etter mat......... og knapt nok då.
Attende på hytta og kroppen to baileys rikare.......zzzzzzzzzzzzzz. "Koffor svara ikkje ho mamma når æ prata tell ho??" Slaktet sovna der og då, dog berre i ti minutt, men så altfor tidleg. Eg er no vaken enno og skal prøve på ein time til. Så lenge ein har noko å finne på, så skal vel det gå greit. Eg og snopposen til Steffen, som han la att her sist vi var på hytta og som han berre sååååå har gløymt av. Så det er berre for meg å ikkje nemne det for han og forsyne meg rikeleg!! Ein gong bitch alltid bitch. Hahaha......

Eg har nok vore i mi eiga verd eindel gonger utover ettermiddagen. "Kor e du nu??" har vore eit gjengangsspørsmål....... "Nei, du kan få mykje, men ikkje desse tankane" er vel det som har blitt svart i ørska. Når tankane er der dei ikkje bør vere.....hehe.

OG DER var freden brutt. Eg som snart skulle setje meg ned med Ipad'n og prøve ut nokre akkordrekker. Telefonen ringte akkurat........"Kor blir du av?? Sjå tell å pell dæ hit ilamme oss ainner!" Det var ikkje noko spørsmål. "Eg er så trøytt", prøvde eg meg. "Hahaha....... Det e borte i samme øyeblikk du er ute av hytta. Snask dæ å kom!" Jaja.......Så no bere det vel opp til hyttenaboane, då. Det blir sikkert veldig koseleg:=) Det blir ikkje nydusja, sminka og solidox-glis, men det funker sikkert utan også.
Så då får eg vel berre ta å slutte av her, så ikkje eg risikerer at eg blir henta. Ha ein fin kveld og ei god natt. Eg veit kva song eg skal lytte til før eg sovnar:=)

Hasta luego!

Du e den finaste eg veit.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar