tirsdag 25. oktober 2011

Tysdag 25.oktober.

Akkurat no skulle eg anten ønske at klokka var litt meir, eller rett og slett litt mindre og at eg var ein heil annan stad enn her eg sit. Eg er ikkje så veeeeldig glad i å vere irritert, men kjenner at eg er det litt akkurat no. Det går vel forhåpentlegvis fort over.
Denne dagen har ikkje akkurat vore det ein kallar for heilmaks. Så byrja den rimeleg tidleg, då. Lenge før det eg er vane med. For første gong på leeeeeenge vakna eg av ei vekkerklokke som ikkje er mi. Eg søv som regel over den....... I dag vakna eg av den, klarte i tillegg å gå ut av senga og inn på badet før eg skjønna at det ikkje var på tide å stå opp. Då var eg jo allereie vaken....... Jaja. Eg la meg no under dyna att og slappa av halvannan time før eg karra meg "ut" att.

Ein dag som startar slik, blir som regel ikkje bra. Eg fann sjølvsagt ikkje nøklane mine i morges. Dei er eg ganske avhengig av i løpet av ein heil skuledag.
Så gjekk eg til time utan å ha med meg noko som helst av det eg skulle bruke. Då kjente eg at eg blei heilt varm av frustrasjon, men tenkte også samtidig at "no kan det berre gå oppover".
Eg fann nøklane. Eg hadde dei med meg heile tida utan å vite om det. (Det er til å bli sprø av). Inni ei lomme som var inni ei lomme (eller noko sånt....). Jaja. Eg kom meg no i mål i løpet av dagen.

Så då eg entra stova rundt klokka fire, var son min allereie igong med leksene. Han måtte sjølvsagt spørre om noko han ikkje var sikker på, og det viste seg at han hadde stått opp med akkurat same foten som mora i dag. Hyggeleg. Det er det dei kallar god kombinasjon. Not!!

Jaja, kvelden har vore grei då....... Eg har nok ikkje vore heilt på topp, men ok. Eg har vore på øving og det er alltid gøy, sjølv om det er på ein dag som denne.  Det er i alle høve det mest positive med denne dagen.

Ho-ho-ho-no. Nissen har gått konk. Snakk om dårleg julegåve. Det måtte jo vere det første eg las då eg nett opna linken til Vg.
Byttet ved fødselen - oppdaget etter 12 år. Nei, dette er ein dag der ingenting går min veg. Sukk!
Ikkje det at dei her stakkars borna har så mykje med meg å gjere. Det er berre at det kun er slike saker det står om. Nedtur.......

Det er nesten november og det betyr at det kun er ein månad att til førjulstida startar. Pepperkakenene er allereie komen i butikken. Det er til å bli "klar" av, men litt koseleg også. Det blir vel kjøpt eit par boksar med pepperkaker, men når desember kjem, ja då er det vel likast å lage dei sjølv. I alle høve når ein er småbornsforelder. Det er kjempekoseleg å lage hus og alle dei fine pepperkakefigurane.

5. desember skal eg til Oslo ein tur. Det er ein måndag, så eg vurderer sterkt å reise ned allereie sundagen. Ei natt på hotell og kanskje ein tur langs Karl Johan måndagen er jo ikkje akkurat å forakte. Eg har eigentleg aldri vore særleg mykje i Oslo i førjulstider. Eg reknar med det bere litt meir preg av jul enn her i denne "lille" bygda. (Eg seier ikkje på nokon måte at det eg negativt for bygda......!)
Så spørs det............ Slik tilstandane er i Oslo, ifølge media, veit eg ikkje heilt om eg tør å reise kvelden før. Ei kvinne åleine på bytur. Hmm! Kanskje eg kan kontakte "Spiderman", "Batman" eller "Superman"?? Liksom som min guardian angel......... Byen er jo full av galningar. Likevel, ein skal vel ikkje la seg skremme av slikt. Det er nok ingenting som kan skje meg ein sundagskveld. Då er ein jo litt paranoid. Det blir berre stress å dra tur-retur same dag. Så då blir det vel sundagen:=) Ding dong merrily on high..........

No kjenner eg eigentleg at eg ikkje gidd å vere irritert lenger. Alt ordnar seg med ei natts svevn. Ingen tvil om det. Eg veit nøyaktig kor eg ser for meg at eg vil vere akkurat no, men eg trur nok eg berre skal legge inn årene og krype til køys. Det betyr ei kald dyne......

Ha ei god natt:=)

Hasta luego......

I wanna feel you.....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar