søndag 9. oktober 2011

Laurdagskveld og festivitas:=)

Så var første dag i Calella over for min del...... Eg er vel den einaste som er rusa på pepsi (hehe....). Eg kjenner at eg er stup trøytt. Kroppen skrik etter senga, så det blir ikkje lenge til dyna er bredd over ein sliten, men nøgd kropp. Først skal eg berre bryte i meg litt pizza. Det er rart med det......Ein blir så sulten med kvart:=) Så medan eg ventar på at den skal steikast ferdig, sit eg liksågodt her.

Sjølv om det siste døgeret stort sett har vore svevnlaus, har det vore ein kjempefin dag. Vi var framme i Barcelona rundt klokka ni og ein time seinare var vi i Calella. Der fekk vi alle saman lekre og rosa t-skjorter. Vi blei einige om at alle skulle bruke desse skjortene i kveld, noko som var til stooooor glede hos mannfolka. Berre så synd vi ikkje hadde rosa bukser til dei også. Dåke som kjenner dei som er med, ser vel for dåke alle desse staute karane i rosa?? Eit vakkert syn:=) Sjølv har eg gått i uniform. Vi var to som måtte representere korpset på scena, og vi måtte bære full uniform. No skal den ikkje på før på tysdag. I morgon er det rein ferie=)
Når eg først er inne på temaet scene, så kan eg jo i forbifarta nemne at det blei ein scenetur litt seinare på kvelden også. (Sa eg at eg berre var rusa på pepsi?? Sukk........Då kan eg ikkje skulde på noko som helst). Eg kyssa dirigenten for kvelden (på kinnet vel og merke) og fekk han til å dirigere ein song med hjelmen min på. Vi har fått eindel merksemd pga den svartens hjelmen, så då var det berre å utnytte det. Så fekk eg og han eg drassa med meg opp på scena (etter oppfordring frå dei andre) dansa litt der oppe også. Så prøvde vi å få folk litt med.
Ein ting er sikkert. Det tar heilt av i teltet. Dei som spelte i dag, var sjukt gode. Det er eit anna orkester som spelar no, men eg orka ikkje vere att for å høyre på dei, så eg tusla likesågodt dei tjue minutta det tar attende til hotellet. Så her sit eg....... Eg kan ikkje gå god for formen til dei andre i morgon, men mi form kjem til å vere knakande god. Det blir digg å brette seg ut på stranda og å boltre seg litt i havet. Eg ser fram til det.

I halv sekstida var det parade rundt i gatene. Innimellom tok det heilt av. Enkelte korps var litt meir frampå enn andre, og enkelte var det i alt for stor grad. Dei trudde dei eigde verda og hadde nesten ikkje pause i spelinga for å sleppe andre til. Det var eindel som irriterte seg over det. Om det var nokon som rakk å starte opp ein song, venta dei ikkje på at dei skulle bli ferdig. Dei berre starta opp medan dei andre var midt i songen. Ganske arrogant, spør du meg. Arroganse er noko ikkje eg likar.
Uansett, det var veldig gøy. Gøy er kanskje ikkje det rette ordet, men eg er sikkert på at du som lesar skjønner kva eg meiner. Vi rakk å spele åtte marsjer på runden vår, så eg er glad vi ikkje skulle spele i kveld også. Stemninga under paraden var kjempemessig. Så det lover til å bli ei kjempeflott uke her i Spania.

Ellers så er det ikkje tatt heilt av med shoppinga enno. Den starar vel ikkje opp heilt fullt før på måndag, når vi skal på guida tur til Barcelona. Sjølvsagt har det ikkje vore ein heilt shopping-fri dag. Eg har kjøpt Barcelona-skjorte til "hjartet" mitt heime (han heier på dei). Eg kan jo ikkje kome heim utan noko bygåve til han. Det ville vore litt av ei mor. Hehehe...... Og så måtte eg jo berre ha meg ei veske. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det siste halvåret har eg vore litt opphengt i vesker. Så no har eg anskaffa meg ei til. (Men den er veldig fin, då.....til mitt forsvar).
Hatten som eg kjøpte borti teltet, trur eg berre eg skal teie stilt om. Sjølv syns eg den er grusom og har inga idè om kvifor eg i 100% edru tilstand kunne finne på å kjøpe den. Den er blå og glitrar. Dei andre meiner den står i stil med uniformen. Den har no gått på rundgang i løpet av kvelden. Eg reknar med at den kjem med heim i kofferten. Vi får sjå.........Så blei den nemnt likevel.=)

Det første som dukka opp då eg opna sidene til Vg.no, var brystene til ho godeste Anka. Det er visst laga ei sak på utringinga hennar i kveldens episode av "Skal vi danse" og det at Tor Fløysvik ga ho tommelen opp. Wow..... Eg logga av der fortare enn svint. Er det noko eg ikkje bryr meg døyten om, må det vere puppene til denne kvinna. Jaja.... Det stod sikkert mykje fornuftig, men det gidd eg ikkje finne ut. Pizzaen er kommet og allereie fortært medan eg har vore her på dataen. Difor er eg veldig klar over at det endeleg er dynetid. (Men ingen armkrok å liggje i.....). I morgon tidleg blir det nok ein liten svømmetur før frukost og såååååå soling av kvar ein centimeter Beathe.

Så ha ei fantastisk fin natt og sov godt. Eg kjem til å sove hardt. Det kjenner eg godt. Så er det berre å håpe på ein fantastisk fin dag i morgon, både her og heime. (Har høyrt rykter om at det er falt litt snø. Stemmer det??)
Quiero un cola, gracias...........og så var det slutt for i kveld.

Hasta luego:=)  <3

My minds are filled with you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar