lørdag 8. oktober 2011

10.000 m, men utan å vere medlem:=)

Her er det berre å oppføre seg! Hahahahaha....... Trur ikkje eg skal prøve å ha det så altfor gøy no på morgonkvisten. Det er ikkje mange timane sidan eg var her inne og skreiv, men no er eg her att. Eg er forflytta frå Gardermoen airport hotel til opp i lufta over Europa, ein eller annan stad. På øyret har eg "Part og me, part of you", datae ligg fint i fanget og rundt meg fins det maaaange trøytte sjeler. Det er ikkje kvar dag ein må opp i otta (halv fire). Det måtte ein dusj til for å kvikne til liv. Eg fekk i alle høve eit par timars søvn. Dei andre trudde sjølvsagt eg la meg med ein gong vi kom til hotellet. "Kor det blei a dæ i går kveld?" Eg var nok her på denne sida og skreiv. I dag er eg glad eg valgte det istadenfor baren i lag med dei andre (dog ikkje alle).
Ikkje er eg vant med å innta frukosten midt på natta heller. Ei ny oppleving. (Skulle tru ein ikkje har vore med på slikt før.......). Jaja. Då funka frukosten med kylling, her på flyet, betre. Full av proteinar. Jippi!!

Eg hamna først i alg med to austlendingar. Ei dame med ei dotter. Plutseleg (veeeeldig plutseleg) kom det ein mann (sikkert loverboyen hennar) og sa at det var to ledige seter heilt der framme. O lykke, kallar eg det. Plutseleg fekk eg ei heil rad for meg sjølv. Meir heldig kunne eg ikkje bli. Ingen auge som smugkikkar på det eg skriv og heller ingen pliktsnakking med folk eg ikkje kjenner så tidleg på morgonen. Eg får lov til å berre vere trøytt. Digg...........

Vèrmeldingane er gode.... Om to og ein halv time skal vi ut av flyet og trer inn i eit heilt anna klima enn vi har vore vant med den siste tida. Det var ikkje vanskeleg å reise frå vèret heime. Det kan fort bli ein vane:=)
Den neste timen vaknar vel store delar av bygda opp og skal på arbeid. Eller?? Det er jo laurdag. Eg er litt døger- og dagvill. Jaja....... Skiftarbeidarane må i alle høve opp.

Hmm....Eg blei litt borte her. Plutseleg oppdaga eg at dei sender "Tom og Jerry" på skjermen rett over hovudet mitt. Det er jo berre ein så herleg serie. Lett å flire av, for å seie det sånn. Eg må likevel innrømme at det ikkje er like spanande å sjå på utan lyd. No har eg musikk i øyret (Genie, with the light....). Kan jo vere ein fordel å ta proppane ut av øyrene, men eg trur ikkje det hjelper så mykje på. Dei tar vel hensyn til dei som vil ha det stille rundt sine trøytte kroppar.

I dag har dei kabinansatte tatt på seg eit litt blidare andlet enn i går. Fantastisk. Høflege er dei også. Gløym det!! Sjølv med internett ombord og god frukost, held eg min knapp på SAS.
Flyet vi flyr med i dag, er faktisk det nyaste av alle flya til Norwegian. Det er ganske stort og litt mindre trangt enn alle dei andre gongane eg har reist.

Om eg ikkje tar mykje feil, sit alle dei andre og søv i denne stund. Det er sikkert berre eg som ikkje har vit til det. Typisk! Så når dei andre kjem i festmodus i kveld, går eg og legg meg. Ha!

I følge Vg.no går menn i Texas med hæler!! Femi?? Under en veldedighetsinnsamling i Texas gav menn sin støtte for kvinner som opplever vold i hjemmet ved å gå i tog i høye hæler. Og de fikk mye oppmerksomhet. Hmm..... Eg såg for meg litt anna bakgrunn då eg såg overskrifta. Jaja, det var jo kreativt, då:=) Det må ha vore litt av eit syn!
Ellers å står det om ei Ida på 20 som ikkje ville ha klaga om ho hadde vakna med George Clooney ved si side. Hahaha...... Kva kvinnfolk ville ha gjort det då?? Han er jo heit!! Thihihii...... Trur vi skal vere glad vi slepp unna:=)  Eg viet kven eg heller ville ha vakna med..........

Det var berre desse to sakene som ikkje var av særleg alvorleg karakter. Ellers var det berre om kriminalitet, terror, brannar og skip som har gått ned. Triste hendingar som ikkje skal få påverke meg i dag. Statsbudsjettet opptar jo sjølvsagt stor plass også, men det hoppar eg glatt over. Det er nok av dei som syt om ikkje eg også skal byrje. Eg kunne ikkje brydd meg mindre. Eg fortset vel ganske så sikkert å ha det høveleg likt slik eg allereie har det. Regjeringa gjer vel ikkje så mykje med det. Så då får statsbudsjett vere statsbudsjett. Opposisjonen vil vere ueinig med forslaget, uansett kva som hadde stått i det. Banna bein!!

No skal eg få meg ein ørliten time på auget. (Når berre "I could eaasily fall........" får spelt seg ferdig). Så difor vil eg først berre få spredt mitt ønske om ein god dag. Nyt laurdagen og alt den vil bringe med seg av positive ting. Er den berre skit, så gjer noko med det:=)

Hasta luego!! :=)

I could easily........... Already done! <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar