mandag 31. oktober 2011

Måndag 31.oktober.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å ta turen innom her idag, for eg klarer ikkje heilt samle tankane mine om det eg skal skrive. Dei er ein heilt annan stad, og då er det ikkje berre, berre å finne ord til denne sida. Eg har øva på kornetten, pianoet........ Nope, har ein tankar som svirrar, er det ikkje berre å slå dei av. Eigentleg har eg ikkje så lyst til det heller, så sånn sett gjer det ikkje noko.

Akkurat no lurar eg grueleg på kor det blir av sonen min. Han "stakk" klokka fem, og no går ho mot halv sju. Han har ikkje klokke med seg, så eg håpar verkeleg han skjønnar at han må vende nasen heimover før og ikkje etter leggjetid. Det er sikkert ikkje vits i å gå på leit i alle høve.
Han har aldri fått lov til å vandre fritt i bygda. Eg er liksom vant til å ha kontroll på han. No er det halloween og han er ute og går ilag med ei venninne. Hvis det er godteriet som driv dei, kan det jo ta si tid før dei får lyst til å slutte av. Jaja..... Eg får vente litt til og sjå det an. Ingen tvil om at halloween er komen for å bli her. Akkurat det er berre å innsjå.

I dag skreiv ein kompis av meg følgande på nettet: Det kreves meir politi i Oslo på grunn av voldtektsbølgen....... mens på Helgeland har de kanskje litt lite å ta seg til . Han sikta då til ein avisartikkel som hadde overskrifta "Ville ta med seg ljå inn på utested". Hahaha.......Kan ikkje skjønne at han ikkje skulle få lov til det. Ein ljå er vel ikkje farleg??! Det er på Helgeland det skjer, trudde eg før eg las artikkelen. Etter å ha lest den ferdig, veit eg ikkje kva eg skal meine. Eg ler no i alle høve litt. Det heile er snakk om ein lekeljå i anledning eit halloweenarrangement, og ljåen er laga av alt anna enn noko farleg. Politiet blei kontakta og mannen blei satt i fyllearresten i tillegg at han fekk 8000 kr i bot. Godt jobba!!
Eg går ut ifrå at kompisen min i denne saka meiner at dersom ikkje politiet har betre å gjere (for lite å gjere), kan dei reise til Oslo....eller noko sånt. Kva veit vel eg?? :=)

Sjekk om du har migrene.... Nei, det hoppar eg glatt over. Eg er nok ikkje blant dei som slit mest med hovudpine.
Hadde halv kilo kokain i håret. Jeeeeezes....... Går det an, då? Tydlegvis! Kvelden 20. oktober ble en 36 år gammel spansk kvinne stoppet av tollerne på Gardermoen. Tollkontrollen avdekket at hun hadde skjult 447 gram kokain i håret. - Kvinnen kom fra Brasil, som gjorde at vi ønsket å ta en utvidet prat med henne. Håret hennes var satt opp på en 1960-talls inspirert måte, og så høyt og unaturlig ut, sier Tor Fredriksen, kontorsjef hos Tollvesenet på Gardemoen til VG nett. Ja, så går det an........

Sosiale medier overtar for mobil. Vel, det er jo ikkje noko nytt. Det har vi visst lenge.
Etterlyser mann med "sossete" stil. Ja, det blir jo eit lett signalement å forhalde seg til.

Nei, det var ikkje noko "spanande" saker i dag. Minstemann er komen til rette og mora er nøgd med det. Han stod i døra like etter at eg skreiv at han er ute og går, så det er bra.

Konsentrasjonen er like mykje på avveie enno, så eg får finne på noko å gjere. Eg veit kva eg aller helst vil, men så heldig er eg nok ikkje.

Ha ein fortsatt fim måndagskveld, den siste denne månaden. I morgon er det november..... Tida går fort!

Hasta pronto.

I can't stop dreaming...........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar