onsdag 12. oktober 2011

Det tar heeeeilt av!!

Fytti katta. Gårkvelden var berre sååå knall! Snakk om å ta av! Først var det skikkeleg gøy å spele. Heilt vanvittig med så mange tilskuarar. GØY! Så var det jo kult å få snakke litt spansk til de også:=) Eg prøvde å få litt liv i publikum og det gjekk heilt greit. Dei heiv seg både med i synginga og skapte liv ellers. Tre kvarter gjekk så altfor fort. Vi ville spele mykje meir, men det er eit stramt program, så det er ikkje rom for store improvisasjonar. Eg gler meg allereie til ny speling i morgon kveld. (Det var vi sjølv som ba om 45 min. Vi skulle nok ha sagt meir)......
Etter at vi var ferdige, var det berre å sørge for at alt av utstyr kom seg velberga att til hotellet. Superraskt klesskift og attende til dei andre i teltet. Der tok det etterkvart heilt av. Dei siste to timane var satt av til eit "orkester" med både band- og blåseinstrumenter. Det var mykje 60-talsmusikk og berre songar vi alle kjenner til. Gjekk om det blei hela i taket. Det er lenge sidan eg har hatt det så skøy ein kveld. Heile kroppen levde. Eg trur ikkje eg sat i ro i meir enn 15 minuttar i løpet av heile kvelden. Det var jo litt gøy å danse med ein tysker og ein spanjol då.... Eg kunne jo ikkje seie nei til det. For ikkje å snakke om twisten. Då Achy breaky heart ljoma ut av høgtalarane, var eg solgt! For ein energi. Det var ikkje mykje snakk om å ha vondt i kneet då. (Eg kjenner ikkje noko til det i dag heller, så det er jo bra).
Det heile endte klokka 02.00. Dei slutta presist, for politiet stod utanfor og passa på at alt gjekk etter boka. Så der var det ikkje noko bøn om ein ekstra song.

Det fins bakdelar med slike kveldar (sjølv om det er få). Ein blir jo så innmari trøytt. Eg hadde jo sjølvsagt satt klokka på ringing før eg la meg. Det er rimeleg hardt og brutalt å stå tidleg opp etter ein slik kveld. Eg håpar dei skal spele fleire kveldar. (Det vil seie i morgon...) Eg trur nok ikkje eg skal i noko telt i kveld.
Vi skal ut og spise ein betre middag på ein restaurant i strøket, alle saman. Etter det skal eg berre slappe av.
Sjølv om det er deileg å vere masse i sola, blir ein også litt "utslått". I dag har det vore kjempevarmt!! Det var berre skjønt å trø ut i det salte havet og leggje på svøm. Det er litt rart at det skal vere så tungt å svømme når ein er i eit så salt hav som dette. Vi dukkar mykje, men det er slett ikkje bra for augene. Det svir!!!

Det blei massasje på meg i dag også. Eg er veldig glad i massasje, så det blir nok litt i morgon også. Det er jo ein vits å betale nokre få euro for all den tida dei brukar på å massere.
Sidan morgondagen er den siste, er målet å kome seg tidleg på stranda. Eg har tenkt å bruke nokre timar på shopping i butikkane, men eg kan jo ikkje ofre stranda heit. Ikkje i denne varmen.
Eigentleg burde eg kjøpe meg noko som er spesielt frå akkurat denne byen. Eg veit ikkje heilt kva det skal vere....Keramikk?? Det har eg ikkje så lyst på. Vi får sjå:=)

Det blir ikkje lest så grusomt mykje. Tanken om å gjere det er heile tida tilstades, men det stoppar ofte der. Kvar gong eg legg meg på verandaen for å sole meg i lag med boka, må eg slutte av. Augene sig i hop lenge før første side er fullført. I og med at det er litt skummelt å sove i sola, tar heller denne unge jomfrua og reiser seg opp og sørger for å halde seg vaken. Ergo ingen lesing. I beste fall høyrer eg på "Så kom du", men akkurat den songen er jo ikkje akkurat full av fart og energi, så då dett eg jo i alle høve i koma og draumer meg heilt bort.

På Vg.no har eg (foruten dei tragiske nyheitene om mord og anna galskap) lært at Carola ikkje treng botox, Pernille fekk kolestrolsjokk etter å ha levd på lavkarbo (som plutseleg er blitt så in..) og Britney Spears slaktes(!).  Vi får satse på at det ikkje er meint bokstaveleg.  (Dette er saker eg ikkje gidde opne opp og lese om, så eg veit ikkje kva det dreiar seg om.....). Britney smakar sikker godt ho, men eg trur eg står over.
Ein kan til og med stemme om den finaste katta. Juhuu...... Kor spanande. Å gje si stemme til ei katt ein aldri har sett, må vere toppen av lykke. Løp til dataen og stem!!!!
Er dekk ferskvare??? Tja, ikkje veit eg . Trur uansett det er ganske seigt! Brøt fartsgrensen på knærne. Ops.....Det høyrdes ikkje godt ut. Sjølv spring eg ikkje så raskt på knærne at eg får fartsbot. Hahaha..... Neida, stakkars mann. Det ser ut som om han har kjørt for fort på motorsykkel og blit slengt av. Då seier eg berre au, og får bekrefta at eg ikkje er heilt teit som bekymrar meg for dei eg kjenner som kjører motorsykkel. Eg er alltid redd det skal skje dei noko. Så lenge ein kjører forsiktig.......Etter å ha lest at elgane i sør er "sveklingar" trykka eg likesågodt på krysset oppe i hjørnet. Nordlendingane sine elgar er visst mykje betre enn søringane sine. Eg veit ikkje på kva område, men det er sikkert rett:=)

Så får vi håpe at det ikkje er nokon heime som blir slakta, tar botox, går på lavkarbo, har ei fin katt med i konkurransen, spiser dekk, køyrer for fort på sykkelen sin eller knertar ein sveklingeelg. (Ops.....det var jo sørpå.... Send dei ein elg i posten då!).  Uansett.......om du ikkje er halvparten så gal som desse som er verdt ein artikkel på Vg si nettside, så ønsker eg deg ein fortreffeleg fin kveld.
Two more days and I'm home.

Hasta luego:=)

<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar