mandag 10. oktober 2011

Ivar er ein pudding!!

Hahahaha.....Det berre må nemnast! Vi var på stranda i går og i ei spesiell setting fekk vi det litt gøy. Det heile endte opp med at denne setninga blei registrert på ei strand i "Barcelona". "Han Ivar e egentlig en tøffing. Han bære ser ut som en pudding". Vi flirte så tårene trilla. Det passa berre så perfekt inn i samanhengen, at det er heilt sjukt.

Dagen i går var eigentleg ganske innhalødslaus samtidig som det skjedde ein heil del. Jada, eg veit det ikkje høyrest heilt normalt ut, men slik var det. Rom 311 var dei første på stranda for å utnytte alle dei deilege strålene. Det er klart eg måtte ha massasje også...... Det var berre å sørge for å få den før alle dei andre kom ned, så ein slapp unna dei "herlege" kommentarane frå dei andre. Spesielt med tanke på at ho bretta ned heile bikinien også. Det er ikkje kvar dag ein ligg med rompa bar på ei strand utfor Barcelona:=)
Vi var innstilt på at det skulle vere total avslapping heile dagen. Joda........ Det er lov å draume. Vi tykte vi høyrde eit par kjente mannfolkstemmer og skjulte oss godt. Akkurat det varte kanskje i tre minuttar. "Beathe!! E det ikkje meininga at vi skal ligg samla heile korpset?" Draumen brast......... Ikkje det at det gjorde så veldig mykje. Eg var ikkje heilt klar for den sjampisen osv som dei hadde med på morgonkvisten, men det kom jo nokre gullkorn innimellom. Eg lurar verkeleg på kva andre turistar eigentleg tenkjer om oss..... Det er slett ikkje slik at alle er like lavtlynte. Enkelte snakkar jo då ganske høgt.
Roen blei brutt, men dagen blei gøy:=)

Etter lunsj var det verandaen som fekk seg eit besøk. Som reiseleiar har eg fått den beste verandaen av oss alle. Deileg!! Det var berre å brette seg ut, høyre på musikk og lese litt i boka innimellom. Då var livet herleg.
Det blei tid til litt shopping også. Ikkje det heilt store, men det kjem det også.

På kvelden skulle eg eigentleg ta det heilt roleg. Nok ein draum som brast!! Det byrja med ein liten togtur frå hotellet til teltet. Det er berre 20 minuttar å gå, men eit par andre hadde så grueleg lyst å ta det lille bytoget, så greit nok.........heilt til at vi fann ut kven andre som sat der. Eg satte meg sjølvsagt på bakerste benk og hamna i lag med galne austerriske menn. Dei fleste tok til vitet etterkvart, men han eine var jo rape "tullåt". eg blei heilt svett. Hadde eg vore åleine, trur eg at eg hadde komen til å hoppa av toget i fart( Det går ikkje så superfort). Han var jo nesten nede i toppen min fleire gonger, og ropa ut "Ich liebe dich" og "Du bist wonderbaum"...... Han var ein jæ... idiot. Det hjalp jo ikkje å oversjå han. Ei heller hjalp det å seie at eg var gift med han som sat atmed meg.... Det var forresten andre gongen eg var gift med ein i korpset i går. Med to ulike...... Hahaha. Dette kan eg bli vant med.
Første gongen var på stranda og ein selgjar kom og skulle kvitte seg med klokker og briller. Joda, han hadde mnge fne, men vi var ikkje interessert. Då han prøvde å prakke det på vår kjære korpsvenn, sa eg først hyggeleg på spansk at han ikkje var interessert. Han brydde seg ikkje og då måtte eg bli irritert. Juhuu... Gjett om han blei sur?? Han blei så sur på meg at han kjefta meg opp og ba med slutte å blande meg. Om han vil selgje denne mannen noko, ja, då skulle faen ikkje eg få øydeleggje salet for han. Eg berre såg han i augene og svarte at han mannen som han prøvde å overtale var mannen min. Det tok ikkje mange sekunda før han fordufta. Så det er sikkert slik her også at kvinnfolka har mest makt! :=) Hahahahaha.......

Jaja, tilbake til toget. Vi kom oss heilberga fram og var rask med å kome oss inn i teltet. Også i går kveld var det masse folk. 2000?? Eg går ikkje heilt god for det talet. Uansett, der var det berre fleire teite mannfolk med dei teitaste sjekketriksa i verda. Så no skal eg slutte å smile og le og berre setje "styggauge" på alle framande menn.
Det hjalp ikkje på at eg blei iriitert på det eine orkesteret som spelte i går. Dei har fore rundt her i byen og spelt på ein superirriterandes låt heilt sidan det starta opp. Gud kor lei vi er av nett den songen. Dynamikk?? Eksisterer ikkje. Alle spiller same stemmen og vrenger nesten alle tonane. Irritasjonen sørga for at denne jomfrua blei litt for ærleg. Så eg sa til dei at eg ikkje lika musikken dei spelte og at det er det verste eg har høyrt. Namnet på gruppa var noko med Chaos....... Kaos passar veldig bra på dei. Då dei atpåtil stemte i med "Deutchland ùber alles" i eit festtelt. Klimaks? Nope..... Hallo??!!
Så der var kvelden min i gong. Då var det berre å stå på:=) Det kunne ikkje bli ein like ansvarsfull aften som kvelden før. Pepsien blei bytta ut og moroa starta. Og EIN regel blei innført i mitt lille hovud. Ingen fekk spandere noko som helst. (Med ingen, meiner eg framande). Nei, eg nekta å ta imot utan at eg fekk betale for det. Det kan vere skummelt å ta imot frå folk ein ikkje kjenner. Ein veit jo ikkje kva som ligg bak tanken om å spandere. Eg skulle i alle høve vere tydeleg på "ligg unna".

Eg blei einig med meg sjølv om at eg skulle stifte litt nye bekjentskaper og oppsøkte det andre norske korpset. Det blei ganske interessant, må eg påstå. Når likesinnede utvekslar ditt og datt så blir det bra. Plutseleg var klokka der...... Vi hadde heldigvis vit til å gå "heim". Her går ingen åleine.
Kvelden var litt for heftig og det er jo bra når ein skal på utflukt dagen etterpå.
Vi har vore i Barcelona i dag på guida-tur og litt shopping. Eg trur ikkje eg skal tore å nemne kva eg gjorde der. Eg har i alle høve opplevd noko eg aldri før har opplevd. Så akkurat det er jo bra. Spørs om det vil skje fleire gonger. Tvilsamt:=)

No er vi attende på hotellet og ventar på at hotelet skal opne middagslokalet. Eg reknar med at det blir teltet i kveld også. (Vi speler der i morgon kveld). Det blir vel aller helst pepsi-kveld på nytt (om ikkje dei andre lurar meg). Tidleg kveld blir det i alle høve. Den er spikra!!
Så no skal eg ta meg ein dusj og stelle meg for kveldens happening. Planen var ein lårkort kjole, men etter i går kveld vurderes det seriøst med berre lange klede. Vi får sjå:=)

Ha ein fortsatt fin kveld. Vi storkoser og i sol og varme. Livet er herleg!!

Hasta luego:=)

I miss you.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar