søndag 16. oktober 2011

Sundag 16.oktober.

Så var det sundag att. I morgon er det attende på arbeid. Det blir greit å kome inn i normale rutinar att, sjølv om eg er fullstendig klar over at det ligg prøvar og stilar og ventar fint på meg.

I går kveld var eg ute og gjekk meg ein tur. Det var godt sjølv om det var litt yr i lufta. Det blir ekstra godt å kome inn då:=)
Eigentleg skulle eg kose meg med musikk og hobbyting i går kveld. Det kunne eg visst berre sjå langt etter. Eg la meg ilag med Steffen for å lese litt for han. Joda....... Eg vakna no sånn cirka rundt kvart på elleve. Det var den kvelden. Ikkje det at det ikkje var godt å sove, men ein laurdagskveld.......... Det blei ikkje så mykje likare resten av kvelden. I halvt koma sat eg meg i sofaen for å sjå ein film. Den var sikkert ikkje så grusomt spanande (sjølv om det var ein thriller), for korleis den enda, ja, det kan ikkje eg svare på. Eg slukna visst der også. (Kanskje det har vore litt rangling likevel den siste uka. Joda, det var jo det sjølv om det oftast gjekk i pepsi:=)  Det tar vel eit par dagar, så er ein nok i normal gjenge att.)
Det var visst berre å kaste inn handkleet og leggje seg. Det er jo inga vits å sitje i ein sofa og sove? Eg røska med meg den nye utgåva av KK og tusla i seng. Eg hugsar eg opna bladet og tenkte: "Herregud, e alle media samstemte no for tida. Dei skriv jo alle om det same." Så vakna eg i morges klokka halv ni. Lyset var slått av, men eg ser ikkje heilt for meg at eg har gjort det sjølv.

No har eg no lest KK og sjekka om det faktisk stod om det same som Vg skreiv i går. Joda....Berre at i bladet brukar dei overskrifta "Den nakne sannhet". Som eg skreiv i går, har folk for lite sex (ifølge VG). KK skildrar det same på ein annan måte. Vi har sjeldnere sex enn hva mange tror. 31% av dei spurte KK-lesarane seier at dei har sex kun 1-3 gonger i månaden. Eg trur ikkje eg hadde orka å bruke energi på å svare på slikt. To av ti ser på porno. Javel, så veit eg det! Eg bryr med vel ikkje om kva andre gjer. Dei færreste drømmer om å fikse på utseendet. Det er jo bra. Drømmevenninnen vår er Mette Marit. Hmm..... Interessant! Har det vært mange alternativ å velgje mellom, eller har folk kunne velgje blant heile verdas innbyggjarar. Eg kjenner meg ikkje att i den slutninga. Joda, ho framstår jo som tilnærmeleg, naturleg, direkte og open. Det er sjølvsagt eigenskapar kvinner set pris på og ofte etterspør. Likevel.....Eg trur ikkje eg har nok vit opp i min lille hjerne til å tenke i dei baner. Anten har ein "connection" eller ikkje.

KK shar avbilda tre kvinnfolk som utbryter: "Hurra, vi er normale". Kva er å vere normal? Det som fleirtalet av lesarane til KK sine 200 intervjuobjekt har svara? Eg trur eg ville vore meir nøgd med å kunne rope: "Hurra, eg er ikkje blant dei normale!" Vært utro? Større pupper? Botox mot rynker? Nesekorreksjon? Hvem betyr mest? Venninner eller mannen? Forholdet til svigermor? Spørsmålslista er uendeleg lang. Kanskje er vi meir opptatt av slike ting enn vi i røyndomen er villig til å avsløre? No har ikkje eg hjerne til å tenke på botox og nesekorreksjon.....Hallo?? Eg har nok med å klare å putte sånn der "stasj" i håret for å få litt frisyre. Berre det er vanskeleg nok. Fy søren om eg då skulle byrje å tenke på leppene og nasen i tillegg. Og dei rynkene som kjem, ja, dei må no berre kome. Enkelte er jo heilt fanatiske.
Eg fekk faktisk sjå silikonpupper "for real" etter å ha hamna i feil rom då vi var på bytur i Barcelona. Ordet BAR (som i pub) har fått ei heilt anna betydning oppe i skrotten min. Trur biletet har brent seg fast på hjernen min. Eg trur ikkje eg skal utdjupe det så mykje meir. Eg kan kanskje seie at eg opplevde noko som kanskje er dei fleste menn sin draum. Ikkje det at det var så spanande, men no har eg no opplevd det også :=)

Ellers så kan eg informere om at Christina Vukicevic er uovervinneleg!! I alle høve er det nettopp det som står skrive her i bladet.
Det uovervinnelege gidd eg ikkje lese om. Jobb utan søknad".Anne Elisabeth fann draumejobben via Facebook. Heldige ho....... Facebook er vel ikkje akkurat det forumet flest arbeidsgjevarar søker etter arbeidskraft (håpar eg). Ikkje det at det ikkje er mykje bra arbeidskraft på Facebook, men likevel....
Det er sjeldan draumejobben dett ned i fanget på folk. Dei fleste må stå på for å få draumejobben.
Draumejobben? Då må ein vel også vere villig til å ofre enkelte ting. Det er ikkje alltid at nett den jobben er forenlig med resten av "livet". Prioriteringar kallar dei det. Eg trur nok dei fleste studievenene mine ville svart ganske likt om eg hadde spurt dei kva draumejobben min måtte vere. Eg veit kva dei ville ha svart. Det toget er uansett gått for lenge sidan og det er mange andre ting eg måtta ha forsaka då. Livet blir kva ein gjer det til.

Det er tid for middag........ Eg håper dei neste dagane blir fylt med litt anna lesestoff enn andres sexvanar. Dei får folk ha for seg sjølv. Eg har ikkje behov for å vite om naboen har seg eller ikkje.

Ha uansett ein fortsatt fin sundag.

Hasta luego:=)

I will always smile at you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar