torsdag 13. oktober 2011

Beathe gjer hovmesteren "gal"...Hahahahaha!

Eg kom akkurat inn i resepsjonen på hotellet. Det viser seg at dei nettopp diskuterte  meg!! Det er då snakk om dei ansatte...... Dei er heilt imponert. Hovmesteren her er rett og slett ikkje seg sjølv når eg er i salen hans. Hahaha.....Kor kult er ikkje det.?
Dei seier at han er ein veldig vanskeleg person å ha med å gjere. Han må alltid ha overtaket, ellers er han berre negativ i svara sine.
Vi har middagstid akkurat når vi skal spele i kveld. Difor måtte eg spørre om vi kan få spise tidlegare. I resepsjonen sa dei at om dei spurte han, ville svaret bli nei. Om vi spurte han, ville vi også få nei. Såååå etter ei stund vil han komme og seie at ok, han skal få det til. Jaja, tenkte eg og grua  meg eigentleg litt til å snakke med han. (Han står der i matsalen som ei eller anna vaktbikkje). Eg spurte eg........ OG fekk ja på første forsøk. Det har ikkje skjedd før, så dei i disken var imponert. Så er det slik at vi må sjølv sørge for å bestille frokost til avreisedagen kvelden før vi reiser. Allereie i går tok HAN kontakt med meg og spurte om vi ville ha mat. Han skreiv sjølv kvitteringa på at vi ville ha mat og leverte i resepsjonen. Kva skjer?? Dei ansatte skjønnar ingenting. Kva er det eg har sagt og gjort for at han skal vere så medgjørleg og gjer det dei skal gjere? Ikkje veit eg, svarar eg berre og flirar.
Kvart einaste morgon har han komt med brett til meg. (Eg gløymer jo sjølvsagt å ta med meg eit når eg tar tallerken). I dag, då eg kom inn, klarte eg å ta eit brett sjølv. Då han oppdaga det, flirte han hjarteleg til meg. Han som heile tida ser så streng ut.
Så kom lunsjen........ Han spør aldri nokon som helst om dei vil ha drikke til maten. Det er det andre ansatte som gjer (som han er sjef for). Plutseleg stod han bak meg og la hendene på skuldrene mine og spurte om eg ville ha noko drikke. Han er rett og slett gått ut av sitt gode skinn. I følge ei av dei ansatte her, er det noko dei kjem til å snakke om lenge. Dette er ikkje normalt. Eg berre flirer, eg........ Eg venter spent på middagen:=) Hahahahahha.........

I dag har eg berre shoppa. Eg har tråla den tre kilometer lange handlegata, og jaggu meg fann eg meg noko. Vèret har vore "litt" overskya i dag og det passa jo perfekt. Det kan vere ganske ille å gå i butikkar om varmen blir for intens. No når handlinga er over for min del, titter faktisk sola fram att. Godt planlagt, spør du meg:=)
Det spørs om det blir plass til alt i kofferten......Vi satsar på det.

Vg.no......... Carola sin botox-nei er framleis høyt opp på sida. Det har visst ikkje skjedd så mykje i verda sidan i går kveld. Det er fanga ein kobra i ei leiligheit i åttande etasje. Kor?? Veit ikkje..... I alle høve ikkje i Kjøpsvik. Med mindre det er nokon som har innebygde etasjar eg ikkje veit om.
Ein eller annan idiot speler gitar i skotveksling. Fotografen har tydlegvis ikkje sett liknande før. Eg må ærleg innrømme at heller ikkje eg har sett noko så tåpeleg.... Sjuk etter merksemd?? Ja, noko anna kan det ikkje vere. Han får pelle seg heim, så skal heller han få nokre idear av meg til kva han heller kan gjere. Han skulle fått ei laaang liste:=)
Det blei Rasmus som vann kattekonkurransen! Gratulerer så mykje!!! Håper du føler deg stolt no. Kjenn på følelsen ogt lykken...... Send katta ned "walk og fame". Gjer litt stas på ho! Jada.....eg har det litt for gøy, men eg har aldri skjønna med på desse avstemmingane. Som om at eg hadde gidda og sendt inn bilete av katta eg ikkje har i håp om at alle andre skal synes ho er like fin som eg. (Thihihii........Det blei vissst ein setning med dobbel betydning. Då kan dåke jo tippa på kva eg tenkte!).
Kjøp bolig med en venn: Det er bilete av to frå Friends, men det er sikkert eit eller anna seriøst bak artikkelen. Forhåpentlegvis er det retta mot studentar som bør kjøpe ilag, for så å selgje seinare. Eg har null peiling, for eg har ikkje lest innhaldet. Gjeld det generelt? Ja, då ville eg vore skeptisk. Særleg lurt å kjøpe masse rart med andre, har vel aldri vore særleg lurt. Aller minst ein bolig. Jaja........Dte kjem jo an på kva venen duger tiul (og eg stopper med det).
Eg lurar på kva nettavis spom eigentleg har flest lesarar. Mange trur sikkert at eg er ein av dei (eg er jo forsåvidt det), men eg definerer meg berre halvvegs som lesar. Eg ser berre på overskriftene. Så sånn er det.

No skal eg opp og pakke for å sjå om eg må kjøpe ein koffert ekstra eller om det går bra. Eg reknar med at det skal helde akkurat. Så ha ein fortsatt fin torsdag. I morgon bere det heim att...... Hasta luego!!

You make me want........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar