tirsdag 11. oktober 2011

Tysdag 11.oktober 2011

Un dia muy buen!! For ein herleg dag. Klokka bikkar straks halv ti og det er snart tid for å øve litt. Eg har allereie vore oppe eit par timar. Eg gjek aldri ut i går kveld. Eg blei her på hotellet og fekk med meg deler av eit flamenco-show før eg rett og slett berre tok tidleg kveld. Det var bra godt å roe ned med ei god bokpå verandaen og berre nyte utsikta ut over havet før ein kraup under teppet. Flamenco-showt var så som så...... Den unge herremannen var ganske spenstig og delvis "sexy" der han dansa, men den unge frua trur eg kanskje var under opplæring enno...... Så den stoooore opplevinga var det ikkje. Det hjalp ikkje særleg på at at "kjekkasen" kladde av seg på overkroppen for å vise fram six-pack'n sin. Det blei berre teit. Han viste så tydeleg at han ville vise fram kroppen sin. Funker ikkje på meg:=)  (Ikkje det at eg ikkje liker å sjå ein flot kropp. Ingen tvil om det......Det er berre at det blir så teit når ein person sjølv går rundt og vil vise seg fram av di han "veit" han er sexy). Den var djup!!!!! Hahaha.............

Dagen i dag ser ut til å bli knall. Det var så godt å sitje der på verandaen i stad og lese og berre få sol på kroppen. Det er luksus før klokka ni om morgonen. Det er stor overhengande fare for at det kan bli ein vanesak. Akkurat no er eg berre sååå klar for stranda. I same augeblink øvinga er over, er føtene mine på veg opp trappa og ut av hotellet., Då er det massasjetid.
Forhåpentlegvis blir det berre soling og bading heile dagen fram til fem. å skal vi jo ha konsert. Først må eg berre finne ut om butikkane er opne i morgon. Då er det o tolvte oktober. Om eg ikkje er heilt på villjordet no, så vil eg påstå at det nasjonaldag her nede i morgon...... Eg meiner bestemt det. Då kan det jo hende at butikkane er stengt? Eg må spørre i resepsjonen før eg går på øving. Så må eg berre hugse å innformere dei andre om det same. Litt dumt om vi planlegg å shoppe i morgon om det ikkje lar seg gjere!! Pengane brenn i lommeboka, så slikt kan vi ikkje la overrumple oss.

Under frukosten var nervøsiteten til å ta og føle på. Vi var ikkje mange som åt akkurat då, men fleire av dei byrja å kjenne på nett det. Det er så mange timar att, at det er for tidleg å tenkje i dei baner. Ikkje kjem eg til å møte dei vi speler for seinare heller, så nervane kjem sikkert til å vere under kontroll. Også om eg skal vere solist........ Mest gler eg meg til vi skal skape stemning i teltet. Vi skal prøve å få folk i salen med, så det blir skøy. Eg gler meg!!!

Ellers er det berre å følgje med på sms-meldingane i Fremover i dag eller dei to neste dagane. Vi har sendt avgarde ei melding i går kveld:=) (Vi har det gøy??)

Plutseleg oppdagar eg at eine tommelen (den eg speler med) er riktig så opphovna og vanskele å bøye skikkelg. Hmmm.... Kva kan det kome av, då? Sukk...... jaja, shit happens. Sikkert borte i løpet av kort tid. I don't really care.....

No byrjar visst musikantane å dukke opp her........ Eg går ut frå at det betyr at det er på tide å leite fram instrumentet og notane slik at eg får med meg øvinga.
Ha ein kjempefin dag der heime. Eg skal sørge for at dagen her nede blir minnerik!

Hasta pronto:=)

I wanna feel yor body......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar