mandag 24. oktober 2011

Måndag 24.oktober.

Så var uka i  gong. Det er måndag og "har lyst til å finne på noko"-dag. Å vaske tar fort knekken på det, så difor gjorde eg det.... At ein til tider kan vere "svimåt" kom verkeleg til sin fulle rett i dag. Etter at eg hadde vaska ferdig det eg tenkte, satte eg liksågodt jif'n og klorinen i kjøleskapet. Smart!! Så om det er nokon som plutseleg fell om her heime, så veit ein kven som har skulda. Eg har aldri prøvd med litt klorin i sausen før, så ein gong burde jo vere den første. Jaja......

Akkurat no gjer eg det kvinnfolk kan best, nemleg å gjere fleire ting på og same gong. Skrive på pc, mobil, spele på kornetten, spis og ordner trålaus forbindelse som har vore sakna i fleire uker. No er det på stell! :=)

"Heller pappa enn pupp". Jaha...? Det står på nettet. Trur kanskje eg må opne den og sjå kva det dreier seg om. "Skal fedrene ta makta hjemme, må vi mytene om ammingtil livs". Det er likestillingsministeren som talar menna si sak. Puppen står rett og slett i vegen for pappa. Hahaha......
No skal det ikkje lenger vere slik at kvinna skal få velgje borna framføre jobben. No er målet å få menna heim. Lykke til:=)  I følge Lysbakken påstår at dei fleste berre ammar om morgonen og kvelden etter borna er seks månader. Då trur eg kanskje eg skal teie stilt om kor lenge EG amma. Han ville vel aldri tru meg.

Det som før var eit viktig fokus på amming, har gått over til å bli eit hysteri. Dersom neste generasjon får litt mindre pupp og mye mer pappa, er det akkurat det vi trenger for å komme videre med likestillingen. Javel, om han er så sikker på det, så er det vel rett då? Eg veit ikkje svaret og eg treng ikkje bry meg. Eg er ferdig med det for lenge sidan, så det så.........

"Madonna er god for milliarder - broren er uteligger." "Åge forteller om selvmordsforsøk i ny biografi." I tillegg frykta han at faren skulle drepe mora. Hmm.....Oppløftande å lese nettavisa i kveld.
Eg hugser at eg som tenåring las boka om livet hans. Trur kanskje det var mamma som hadde kjøpt denne biografien. Det var ikkje akkurat så oppløftande tekst. Det var mykje mørkt å lese. No er det komen ei ny biografibok og den er visst ikkje meir positiv, den heller. Eg veit ikkje heilt om eg villa ha bretta ut slike ting det står om i boka for "heile verda". Det er jo ganske sterke saker til tider. Ikkje veit eg om foreldra lev enno heller.....

Obama skriver sjekker til amerikanere i nød. Obama mottar over 20 000 brev kvar einaste dag!! Puh...  Han opner fleire av dei og sender faktisk penger til fleire av dei som skildrar nauda si. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om det. Eigentleg er det jo kjempebra, men det blir likevel litt feil. Breva burde heller bli brukt på ein slik måte at dei jobbar med å få bukt med dei problema som breva tar opp. Det må jo vere betre å gjere noko for folkegrupper enn å sende ein og annan litt penger som liksom skal "hjelpe". Jaja....Det hjelper jo der og då, men kva med tida etterpå. Då er dei jo attende i det same sporet som før. Førebyggjande arbeid er mykje viktigare.
Amerika er jo veldig stort, så det er nok ikkje berre, berre å få ting gjort. Det er vel så mykje fattigdom der og dårlege reformar som har vore, at dei aldri vil få bukt med problema. Eg er glad eg berre er "den vanlege mann i gata". President blir eg aldri.

Dritthuset hennes er som mitt toalett. Nei og nei.....Er ho godeste Anna Anka eit heitt tema i media enno? Eg trudde det kanskje skulle bli litt stille rundt ho no når ho ikkje lenger er med i "Skal vi danse". Så feil kan ein ta! Anna Ankas realitysirkus ruller videre. - Maria er faen meg dum i hodet. Antydes det at det er ein eller annan feide på gong?? Klikk, klikk på teksten for å lese........
Det er visst ein mediekrangel som har vore lenge. (Mellom Anka og ei anna svensk Hollywood-berte). Det er visst Anka som kjem med dei litt spesielle uttalelsane om toalett osv... Kanskje det er ho sjølv som er dum i hovudet?? Eg skal ikkje uttale meg om det. Eg trur kanskje ikkje eg skal stjele den kommentaren til seinare bruk heller.......Det kan sjå ut som om at det er ein heilt unødvendig dialog dei imellom. Det likaste ville vore å la kvarandre vere i fred. Det er jo berre mi meining, så den tel ikkje i den store samanhengen.
(Eg vil heile tida kalle ho for Kalle Anka. Eg kan ikkje heilt skjønne det. Er ikkje det det same som Donald Duck, eller noko?).

Ha ein super måndagskveld, det som er att av den:=)

Hasta pronto!

There is only a lot of yes inside of me:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar