onsdag 19. oktober 2011

Mittwoch! Again:=)

Så var halve uka (arbeidsuka) passert med fleire timar og det er på ny tid for å tenke helg. Kva kan ein gjere for å skape ei mest mogleg spanande helg? Hmm.....Haha, som om det er noko mål i seg sjølv. Her planlegges det lite eller ingenting. Det er deileg, det!

I dag fann eg ut at eg ville kjøpe meg ei papirutgåve av ei hovudstadsavis. Elle, melle....... Det blei Dagbladet, sjølv om det som regel berre er mykje skit i det. Kanskje eg er heldig i dag? Dei må då ha meir interessante saker enn kven Josh Hartnett har klina med her til lands.

Deni Moore er sjokktynn. Tja, i følge biletet av ho, stemmer det godt.Fleire skuldar på at dei siste ukene har vore tøffe pga rykter om at ekteskapet skrantar. Vel, det kan godt vere ho slit av den grunn, men ein blir ikkje sjokktynn på nokre uker. Så mykje veit vel dei aller fleste. Jaja, det er vel like synd på ho som alle andre. Kanskje meir synd i ho som er kjendis, i og med at kjendisane som regel får heile privatlivet sitt bretta ut i media.

Debattsida stiller dette spørsmålet: Hva har en norsk politiker til felles med en japansk drosjesjåfør?
Det kunne jo ha vore eit interessant tema å diskutere. Eg skal nok ikkje spekulere i akkurat det no, for det kan bli litt for gøy...., men Dagbladet har no i alle høve tatt seg tida til det.
Fortsettinga i linja etterpå er berre ein stooor nedtur. Svaret er liksom : Ikke så mye, men i møte med kriser reagerer se omtrent på samme måte. Eg som såg for meg mykje rart oppi skrotten min. Det er ein lang kronikk og enkelte forventningar dukka opp der oppe. Det kan jo enno vere at dei blir innfridd. Eg har jo ikkje lest alt enno, men med den oppfølgingssetningen, så lover det ikkje så ufatteleg godt om det fortsetter på same måten.
Første parallell som trekkes er tsunamien i Japan. Det vises til ein drosjetur der sjåføren ikkje var heilt på stasjon (som vi brukar å kalle det). Ein japaneser er overmåteleg pliktoppfyllande og nett det holdt på å bli skjebnen til denne sjåføren og kunden hans frå Australia. Han ville ikkje køyre på raudt lys, sjølv om ei seks meter høg bølgje kom i mot dei. Det kallar eg mot!! Han lot til slutt reglar vere reglar og køyrde avgarde. Den norske politikaren har (ifølge kronikken) det same forholdet til kriser og protokollar. Då snakkar ein sjølvsagt kun om dersom politikaren ikkje sjølv er trua.
Eg lurar no litt på kva eksempel Jon Gulbrandsen skal kome med, så her er det berre å lese vidare.
Verden trues av sultkatastrofer, miljøøydelegginger og konfliktar i eit apokalyptisk omfang. Det kjem sikkert på grunn av befolkningsvekst, klimaendringar, overfiske, auka energiprisar og bla, bla, bla....... Så kjem kluet! FN og EU seier vi skal løyse desse problema med lovgjevnad, kontroll, styring, intergrering osv..... medan Erik Solheim seier at vi også bør satse på kvinner og bønder i Afrika. OG der datt eg ut!! No heng eg ikkje med lengre. Denne parallellen er sikkert lett å forstå,. Det er sikkert berre eg som er litt treig i dag (igjen).

Det heile vender uansett heile tida attende til denne drosjesjåføren som tilslutt klarte å bli fornuftig oppi heile kaoset. Ære vere han for det. Kv askjer om vi byttar tsunamien ut med matvarekrisa (her er det berre å halde tunga rett i munnen), sjåføren med FN, og journalisten (kunden i drosja) med ein norsk politiker. Sukk..... Eg veit ikkje heilt om eg skal prøve å finne ei eller anna form for konklusjon her. Du godeste Jon, du kunne då ha brukt eit litt enklare språk??

Nei......Det er fine bilete av han Erik Solheim, Jens Stoltenberg og Kristin Halvorsen. Bileta er visst meir interessant å glo på enn kronikken. Kanskje eg tar den fram seinare i kveld med eit litt meir vakent hovud. Akkurat no er det visst ingenting som fungerer. Like greit.......

På Vg si nettside står det kun om drap og likfunn. Det tar visst heilt av på den fronten, både her og i Sverige, tydlegvis. Oppløftande å lese.......

Som flypassasjerer er det mykje vi som reisande må finne oss i. Høge gebyrer, ekstreme sikkerhetskontroller og vond kaffe, for å nemne noko. (No drikk ikkje eg kaffe, så det siste gjeld ikkje meg).  Reisemagasinet Frommer's tok likesågodt og snudde på flisa. I samarbeid med Airfarewatchdog har dei spurt fleire flyverter om kva det er som irriterer dei mest av det passasjerane gjer, eller ikkje gjer - i lufta. Tja, no har jo eg tatt heile 8 fly dei siste ukene, så eg er spent på om eg sjølv kjem inn under enkelte av kategoriane dei kjem opp med.
Dei har laga ei topp fire- liste. Øverst tronar: Følg med, vi vil berre redde livet ditt! Ikkje vanskeleg å sjå den komme. Den passar heilt perfekt. Eg prøver å følgje med når dei står der og viser det vi treng vite om sikkerheita. Eg må likevel innrømme at det slett ikkje er kvar gong augene er der dei skal. Det hjelper lite å skulde på at ein reiser så mykje at ein kan det i frå før. Hmm..... Vi er vel mange som sviktar der.
«Kva seier du?» Folk som ikkje gidd å ta av seg hovuddtelefonar når dei blir servert. Folk skriker som regel når dei pratar med hovudtelefonar.
Ingen manerer Ordet takk er verkeleg mangelvare. Armlenet blri brukt som fotskammel med dei skitnaste sko. I tillegg er det nok av dei som klipper både fingernegler og tånegler (æsj!!) ombord på flyet.
Hør etter! Passasjerer ignorerer openlyst beskjeder som blir gjevne. Det skaper eindel misnøye.
Kanskje det ikkje er så "feitt" likevel.....det å jobbe ombord i eit fly. Det verste er at verstingane er vaksne folk. (Eg kjem ikkje til å gløyme den om tåneglane. Fisj....... Ikkje det at det er ekkelt md tånegler, berre det skjer heime hos ein sjølv. Hallo? På eit fly med mange andre menneske??).

No har minstemann hatt "damebesøk" heile ettermiddagen. Hmm.....Lover det godt, eller?? Klokka nørmar seg leggjetid og då er det tid for mammakos. (Best i verda!!) <3  Det er berre å leggje frå seg minipc'n og gjere den hyggelegaste "plikta" av alle. Reknar med at eg får same spørsmålet som alle andre kveldar. "Kan æ ikkje få ligg ilamme dæ i natt? Du veit jo at det e så godt å ligg intell dæ..." Synd for han at han så sjeldan når fram i den saka. Klokka fire ligg han nok der uansett, for då vaknar eg av ein fot over magen og ein arm rundt nakken (og klistra opp etter veggen!). Då har han sneke seg inn i det stille.
Dei blir vel fort nok stor, så ein skal vel ikkje klage på akkurat det.

Ha ein flott onsdagskveld. Den er såvidt starta......
Hasta luego:=)

You are great...










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar