søndag 30. oktober 2011

Spotify og anna dilldall......

Eg byrja plutseleg å tenke "Kvifor har eg ikkje lasta ned spotify?" Så då gjorde eg likesågodt det. No har eg tilgang til spelelistene som mange av dei eg kjenner har. Kom nettopp over ei låt av June Lodge "Someone loves you honey". Først tenkte eg den ikkje var noko, men etter å ha høyrt den eit par gonger, liker eg den faktisk. Det har sikkert med teksten å gjere. Den vil sikkert ha vore eindel finare om det hadde vore ein annan vokalist.
No har eg spotify, så attstår det å sjå kor mykje det kjem til å bli brukt. Det er no greit å ha:=)

Eg har akkurat henta ein lykkeleg gut på "gamleskola". Trur du ikkje han slo til denne gongen også, i rolegdans. Han og denne her såkalla kjæresten som han har gifta seg med bak skulen (ho Sofie-Henrikke) har dansa og vunne. Tippar dei såg riktig så søte ut på dansegolvet. Dei er sikkert like stolt begge to:=) Kven han har sjarmen ifrå, veit ikkje eg, men Sofie er jo bedårande med sine lange augevipper då.
Han sit no her i sofaen utan å seie eit ord akkurat no. Eg er eitt hundre prosent sikker på at han er stille av di han håper eg ikkje skal merke at han er her. Han er veldig klar over at han er laaaangt over tida han har lov til å vere oppe og han har nok ikkje lyst til å finne Ole Lukkøye enno. Det må han nok med ein gong eg logger av her. Reknar med det er mora han vil kose med i kveld.

Eg har tråla heile VG (orginalutgåva), men eg fann ikkje ein einaste ting eg kunne drøfte. Hovudfokuset i dag er visstnok den boka som er komen ut om dei tidlegare kongsemna våre, Haakon og Olav. Eg skjønnar ikkje heilt poenget med boka no så lenge etter. Historia er viktig og også det at den blir korrekt. Likevel, eg tvilar på at nokon som helst av dei var i nærleiken av å vere nazistar. Alle var vel prega av det som skjedde rundt dei og alt har nok eit heilt anna perspektiv enn det vi i dag kan klare å sjå for oss.

VG helg brukar å ha med ei side som dei kallar "Barnemunn". Mange gonger kan det vere riktig så hyggeleg lesing. I dag fekk dei spørsmål om "Hvorfor dør bladene?" Svara varierer ganske mykje. Ei jente seier: De kan ikke leve videre på bakken. Det er fordi de hører til treet, som de drikker vann av. Jeg blir trist av det, for jeg vil ikke at noen skal dø. Ja, born ser vel ikkje heilt samanhengen mellom mennesker og blad. Litt søtt.
Då er det ein gut som er rake motsetninga. De dør bare. Det gjør meg glad.................

I Italia finnes hundrevis av oppskrifter med tørrfisk fra Lofoten. Eg veit ikkje heilt om eg likar den tynnlinja som er heilt øverst på sida. Det står noko som "Lag din egen tørrfisk eller ekte lofottorsk - med blåostekake til. Torsk og blåost? Jaja........
No i desse dagar trekk sola seg attende, også frå Svolvær og Henningsvær. Likevel tar ikkje tørrfisken vinterferie.
Hmm......No trudde eg mest at eg skulle skrive om tørrfisk og Italia. Kvifor i alle dagar skriv dei ein slik ingress om det ikkje har noko med hovudinnhaldet å gjere? Hallo! No blei eg heilt forvirra her. Eg trur nesten eg må lese teksten ein gong til. Kanskje eg har oversett noko.
Nei, det står kun om Lofoten. Jaja....... Dårleg journalistikk, igjen!! Ikkje det at det er uinteressant det som står om Lofoten. Lofoten har veldig mange bra "ting" å by på. Tørrfisk/fisk er nok berre eitt moment som freistar. Lofoten får vere Lofoten for denne gong. Det står ikkje noko særleg i teksten som freistar å skrive om.

I følge VG helg blir vi 7 milliardar menneske i verda på måndag. Då har vi fått bekrefta det! Ifølge teksten, blir det født 500 nye verdsborgarar berre på den tida det tar å lese artikkelen. Det står at det er litt skemmande at vi har vokst til å bli så mange på så kort tid. Då passar det jo bra at det skjer på ein dag som halloween. Hovudsaka at det veks så mykje, er nok det at det er fleire og fleire born som overlev dei første åra sine. Før døydde det mange fleire born enn det gjer i dag. Det viser eigentleg at den innsatsen som legges ned i arbeid med dei fattige landa ikkje berre er positiv. No er eg litt redd for at eg kan bli litt misoppfatta her....... Misforstå meg rett.
Det er sjølvsagt positivt, og berre det, at det reddes liv. Det er ikkje det eg meiner med at det ikkje berre er positivt. Jorda skal huse alle desse menneska og jo fleire menneske vi er, jo fleire er det som må ha hjelp. FN sine tusenårsmål er mange. Veldig mange av dei skal vere oppnådd allereie i 2015. Korleis i all verda skal det gå seg til? Med tanke på kor fort folketalet veks........ Dei klarar nok ikkje eit einaste av måla, men dei vil forhåpentlegvis nærme seg litt.

Levealderen på menneska aukar i stor grad. Det står: Om få år vil flertallet av verdens land stirre befolkningsnedgang og eldrebølge i hvitøyet. Det med at vi må sjå befolkningsnegangen i kvitauget, kjem av at dei antar at når vi er blitt rundt 14 milliardar menneske på jorda, så vil talet byrje å synke att. Vi blir sjeldnare og sjeldnare gravid.
Sjølve eldrebølgja har vi vel eigentleg vore klar over lenge at vil kome. Det er nok ikkje nok ungdom idag som kjem til å orke å ta seg av dei eldre når den tid kjem. Med tanke på at fleire og fleire får ferre born no, er det færre til å ta seg av eigne foreldre også. Er det mange søsken. er det lettare å fordele "byrden" seg imellom.
Eg brukte ordet byrde. Det er vel alt anna enn det eg meiner. Det er slett ikkje ein byrde å ta seg av nokon ein er glad i. Langt ifrå. Det gjer ein gladeleg. Eg vil berre poengtere akkurat det, for eg kjem ikkje på noko anna ord som kan erstatte det litt negativt betonte ordet. Poenget er vel mest at eg vil ha fram, at det er lettare å stille opp om det er fleire enn om ein er heilt åleine. Om ein er åleine om ansvaret i år etter år, kan det slite på den det gjeld. Spesielt om ikkje det er nok helsevesen til å stille opp. Det er ei glede å hjelpe andre, men det må ikkje gå på helsa laus. Mange stader gjer sjukepleiarar og hjelpepleiarar ein uvurderleg innsats for mange. Det er ikkje alle som er så heldig at dei har borna sine på same stad som dei sjølv bur. Då er dei avhengige at det er eit helsevesen/tibod som fungerer. Så difor er det nok store utfordringar som ligg og venter nokre år fram i tid. "Alle" er klar over det, men så spørs det kva dei vel å gjere med det.
Det viktigaste i verda må vere å bry seg. Den dagen ein ikkje gjer det, er mykje tapt!

No stod det ikkje så mykje om eldrebølgje osv i avisa. Det var berre nemnt i den setningen som står med utheva skrift lenger opp på sida. Det er berre eg som lufta litt tankar. Eg håpar "problema" dei ser for seg, blir mykje mindre enn dei trur. Eg har i alle høve ikkje vore like effektiv for å sikre mi eiga framtid slik som bror min. Han er jo storprodusent:=)  Det er ikkje lenge sidan tredjemann kom til verda, og no er det berre tre månadar att til nummer fire kjem. Hurtig i vendinga der..........:=)

Alle kan være noens drømmedame! Ja, det er vel ikkje noko nytt. Kristin Spitznogle har no den her "Sex og samliv"-sida si. Denne gongen vil ho poengtere at det er håp for alle!! Så flott! Alle som les desse to sidene i avisa, vil få sjølvtillit og tru at den rette er rett rundt hjørnet. Neida, eg berre jåssar. Eg må no først lese kva det eigentleg er ho skriv om. Det har i alle høve noko med kven vi tiltrekkes å gjere. Sitata hennar får i alle fall fram det som er ganke sikkert, nemleg at ein treng ikkje sjå ut som Harrison Ford og Kevin Costner for å få draget på kvinnfolk. (Likeledes andre vegen også, sjølvsagt).
"Det sies at noen liker mora, og noen liker dattera. Smaken er som kjent som baken, den er delt". Tja, det ordtaket stemmer vel godt, det?! Det skal vi jo vere glade for. Eg seier meg no einig med ho Kristin når ho seier "Selv har jeg ingen vansker med å kunne oppfatte at en mann rent objektivt er vakker og flott, men det betyr ikke nødvendigvis at akkurat han er en mann jeg vil falle for eller finne tiltrekkende". Ein treng nok ikkje sjå ut som ein modell for at nokon skal synes at ein er sexy. Vi har vel alle våre referansepunkter som ho poengterer i teksten, og Harrison Ford (som i utgangspunktet er "hot") er ikkje ein mann eg vil finne attraktiv. Sånn berre for å støtte opp om argumentet hennar.

Menn kan synes at eit kvinnfolk er supersexy. Det er ikkje sikkert at dei tenner på ho av den grunn. Det er forskjell på kva ein syns utsjånadsmessig og kva ein i realiteten tenner på. Amerikanske forskarar har observert og kartlagt litt i forhold til vekt, høgde, bryststørrelse, midje, hofter, kjønnshår og kjønnslepper hos nakenmodellar i Playboy. Eg vil tru det er mange menn som syns ei dame i Playboy er sexy! Desse kvinnene har vore ansett som det ultimate av kvinneleg perfeksjon og kva menn tenner på. Eg vil i stor grad tru at dei aller fleste menn har eit langt breiare register når det kjem til kva dei tenner på. Så ho Kristin og eg er ganske einige der.
Playboy-myten er, ifølge Spitznogle, skapt av Hugh Hefner. Hans estetikk har fenga mange. Likevel, han har jo ikkje akkurat truffe ein puls som representerer alle menn der ute.
Konklusjonen må bli at menn er like forskjellige som kvinnfolk er det. Det heile er svært samansatt og vil alltid forbli eit mysterium. Ein god ting, med andre ord. Så difor passar overskrifta godt. "Alle kan være noens drømmedame".

Klokka bekkar midnatt om eit par minutt, så eg skal slutte av for denne gong. Det er vel på tide å leggje seg.  Harrison Ford er på tv'n akkurat no, så kanskje eg ser den filmen ferdig. Alle filmar han er med i er spenningsfilmar, og dei brukar å vere bra.

No er det ikkje slik at det er ein gut som sit og ventar på å bli lagt her. Eg skreiv jo at det skulle skje når eg logga av. Han har nok funne senga for lenge sidan. Eg tok meg berre ein pause frå skrivinga:=)
Ha ei god natt!! <3

Hasta luego:=)

And if you hold me tight, we'll be riders on the night......
Ooh........Rendezvous.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar