onsdag 7. september 2011

Onsdag, sa du onsdag???

Så er vi over halvvegs av denne arbeidsuka og det nærmar seg helg på ny. Jaja.......Eg har skrive det så mange gonger før. Tida går altfor fort! No har ikkje eg tenkt å sitje her og klage. Eg måtte berre kommentere det sånn aller raskast.

Det er onsdag og vinden "uler" ute. Eller.....Den er ikkje så sterk her utanfor, men ifølge andre her på nettet, får dei både sjøvann og meire opp etter rutene. Så då går han vel sterk fleire stader i bygda.
Det kan jo vere litt koseleg med vind også. Når kvelden blir mørk og vinden aukar på, er det fint å tenne stearinlys. Så det skal eg gjere i kveld.
Eg skal tenne stearinlys, spele ballader på pianoet og rett og slett berre kose meg og nyte livet. Det er lov det også. :=)

No er det berre litt over tre uker til eg skal "heim" ein liten tur. Sidan mamma og dei kom hit i sommar, tenkte eg at eg heller kunne dra sørover på hausten istadenfor på sommaren. Så får ho liksom spredt den her bestemortida si litt utover. Så det blir skøy.
Sidan eg er eit matvrak for tida, ser eg allereie fram til grilling med gode vener osv........ Det blir digg!! Forhåpentlegvis har dei ekle brunsneglane "tatt kveld" som vi seier det når eg kjem dit. Dei er ikkje akkurat noko herleg syn. Ikkje er eg så interessert i delikatessemat at det gjer noko heller, så dei freistar meg ikkje på nokon som helst måte. (Sjokk - ser eg for meg at Eve seier no!!). Eg trur kanskje ikkje at eg "hæres" å ta livet av dei heller......... Heldige sneglar!

Plutseleg blei det så stille her. Kanskje eg er heilt åleine her heime?? Akkurat det er vel noko ein burde ha kontroll på? Hmm......Kanskje dei har snakka til meg og at eg berre ikkje har oppfatta det heilt kva dei sa.... Det er i alle høve så stille at det går ikkje an at det er nokon her. Kanskje eg skal prøve å rope!?! 
Hmm....Ingen svar. Jaja, eg får sjå det positive i det. Det betyr jo rett og slett at eg skal pelle meg av her og heller setje meg ned på den lekre svarte krakken rett her borte. Kanskje det då vil kome nokre fine tonar om eg løftar hendene og legg dei ned på tagentane:=) DET var ein god idè. No blei eg faktisk litt glad:=) Mon tru kor lenge eg er åleine? Eg får skunde meg:=)

Då blir det berre å seie hasta luego her og ha ein fortreffeleg fin kveld!!!


You are my star!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar