onsdag 7. september 2011

Calella!!

Ååååååhhh.......Det byrjer å gå opp for meg at vi snart skal til Calella. Eg har nettopp skrive ein e-post til Spania for å oppdatere kor mange vi er, bilete av oss osv osv osv......  I det augeblikket eg trykte på send, kjente eg det kribla litt i magen. Det var akkurat som om det først då gjekk opp for meg at vi faktisk skal på tur. Eg kjenner eg gler meg!!
Calella er ein turistby som ligg ganske nært Barcelona. Det er omlag 56 km unna (altså ein liten "svepptur"). Tidlegare har eg høyrt at det ikkje er så veldig stort der, men etter kva eg kan sjå på nettet, bur det over 13000 menneske der. Det er like mange som i Kvinnherad, så lite er det ikkje. No skal det seies at antalet er ganske difust. På nettet varierer det veldig. Enkelte stader står det faktisk at det er over 17000 innbyggjarar, så ikkje veit eg.
Eg gler meg uansett. Ein ting er sikkert. Plagget som skal brukast mest er forhåpentlegvis bikinien. Eg håpar det er kjempefint vèr heile tida. Då finn du ikkje meg på noko bar........ Playa de Calella here I come:=)

No kjem vinden eg har venta påi dag. Eg fekk rett......Vinden blei å tilta når mørkret seig på. Eg ser ingenting, men det ikkje vanskeleg å tyde lyden utanfor. Eigentleg er det no eg burde hyra meg godt og tatt turen ut for ein liten trimtur. Det ville vore friskt og deileg. Likevel, eg trur eg står over i kveld, med mindre det sit andre og tenker det same og plutseleg seier KOM. Eg sit no her i stova til det skjer............. Vel, ikkje bokstaveleg talt. Eg reknar ikkje med at det er nokon som sender meg melding i dette vèret og ei heller har eg tenkt å sitje her heile natta.. Thihiihihi.......... Så artig eg har det.
Sanninga er eigentleg at eg keiar meg i dag. Dette er andre gongen eg er innom her denne onsdagen. Eg kunne brukt kvelden på å lese, men eg gidd ikkje. Så då blir det å liggje henslengt på sofaen. For eit liv.......:=)

Før eg la meg i går kveld, tenkte eg at eg heilt garantert kom til å drøftegårdagens kamp. Eg gidd ikkje det heller. Fotball får vere fotball. Livet mitt blir ikkje særleg påverka om dei kjem med til EM eller ikkje. Det er sjølvsagt litt kult om dei greier det, men eg skrik ikkje om det motsatte skjer. Eg har sansen for Drillo, men, men, men....... Sixpack'n til spelerane er ikkje mykje å sjå på. Når ikkje dei då speler bra, er det jo ingenting å følge med på. Ingen god fotball og ingen flotte magar. What a life......Poor Beathe. Jada, jada, jada.....eg er superteit, men sei ikkje at du aldri ser på fine kvinnfolk eller menn. Då er det du som er unormal!

Her i huset er det visst Sandra Bullock som er hottest. Eg skulle ønske ho plutseleg stod her på trappa. FOR ei natt han då skulle fått. Kanskje han då ville leve lykkeleg resten av sitt liv? Sandra........Welcome!! Eg viker plassen for deg, utan tvil. Alt for å glede andre:=) Hihihihi.... Eg trur eg bør gå å leggje meg no. Det kan i alle høve virke sånn. Viss ikkje kan det hende eg får det litt for gøy her. (Og det er ikkje bra).
Eg fekk akkurat spørsmålet om kva eg flirer sånn for. Ærleg som eg er, klarte eg ikkje å la vere å seie kva eg har skrive her om ho Sandra. "Du får ikkje lov tell å skriv det!! Ta det vekk!" Hahahahaha......særleg. No lir det i alle fall ståande. For ei avslutning på ein elles så kjedeleg kveld. LOL!!

Jaja, kva er det eg brukar å seie? "Sånn går no dagane."
Det er ikkje SÅ stor forskjell på dagane i livet, så då må ein jo lage litt skøy sjølv. Eg trur eg er sånn høveleg god på det. Eg flirer i alle fall sjølv!!

No er det slutt. Eg tar ikkje kveld, men tenker eg skal finne noko anna ubetydeleg å gjere. Sånn for eksempel å løfte kroppen ut av sofaen og inn på kjøkkenet (eg sa jo tidlegare i dag at eg er eit matvrak!). Huff, for eit slit...

Ha ein fortsatt fin kveld. Enjoy life while you can.

Hasta luego <3

Sing me a song.,,....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar