fredag 2. september 2011

Aldri meir fem over seks!!

Aldri meir fem over seks. Akkurat det er sikkert og visst. Fytti katta eg er trøytt no. Klokka et ikkje meir enn fem på halv elleve no og eg er så trøytt at det gjer megavondt. Skikkeleg dårleg føler eg meg.
No har eg vore sein i seng kvar einaste kveld heile uka, så det er nok det som er hovudårsaka, men likevel........

Eg opna dagen med ein nettkommentar som sa "Vått i Sørliholla!". Det ga jo ei opning for ein god del kommentarar. For dei som ikkje kjenner til geografien her i Kjøpsvik, vil det vere umogleg å skjønne fleipinga som byggjer seg opp. Anten trur dei at vi er rare eller sexfikserte. Vel...eg veit ikkje kva som stemmer mest. Det blir i alle høve ein god latter av det:=)

Eg har nettopp høyrt på Phil Collins-låta "One more night". Songen i seg sjølv er ikkje så veldig fin, men det er teksten eg heng meg opp i . " Like a river to the sea, I will always be with you. And if you sail away, I will follow you." Sukk.

I morgon braker det laus på bana. Over 100 born entrar bana i løpet av dagen. Det blir fotballfest i bygda. Eg håper verkeleg at vi kjem vel i hamn. Eg har i alle høve bestilt godt vèr!!! Så det skal ikkje stå på det.

Nei, no gaper gjespen høgare enn sunt er. Eg må vel berre ta teikna og kapitulere. Sånn er den saka. Ingen kryssord, ingen bok, ingen data........berre ei deileg seng og lukka auge. Ååååååhhhh, kor eg gler meg.

Hasta luego!!!

I've been trying
oohh so long to let you know
Let you know how I feel.

I've been sitting here so long
wasting time, just starring at the phone
And I was wondering
Should I call you?
Then I thought maybe you're not alone......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar