tirsdag 6. september 2011

Kva er overbefolkning?

I verda i dag har vi ein stor befolkningsvekst og samtidig er det ein vekst vi prøver å kontrollere. Alderssamansetnaden i befolkninga er varierande og vi har fleire typar flytting. Truman Capote sa eingong "Hvis det virkelig finnes så mye hat i verden, hvordan skal vi da forklare befolkningseksplosjonen?" Om ein set det litt på spissen, så er jo spørsmålet i og for seg berettiga.

I dag er verdas befolkning på bortimot 7 milliardar mennenske. Det vil seie at det i 2008 var over 6,6 milliardar. Sidan vi veit at antalet veks med to per sekund, er det å anta at 7 milliardar vil vere eit høveleg korrekt antal.

Om vi går 10 000 år attende i tid, var folketalet rundt 8 millionar. I byrjinga av vår eiga tidsrekning hadde talet auka til ca.200 millionar. Frå det tok det over tusen år å fordoble talet. Så blei veksten begrensa av sjukdommar, sult, krig og ulykker. Dei som kjenner brukbart til historia veit at dette gjeld heilt fram til rundt 1700.
Den industrielle revolusjonen førte til ei auking av levesstandaren vår og følgeleg også til ein nedgong av dødelegheita. Dette førte då sjølvsagt til at vi fekk ei eksplosiv auking av befolkninga. Eit godt eksempel på det er Nord-Amerika og Europa. Vi passerte ein milliard i 1802. I 1928 psserte vi 2 milliardar. Frå då av tok det "berre" 46 år å fordoble det til 4 milliardar.

Korleis såg folk eigentleg på denne veksten? Eg veit sjølvsagt ikkje svaret på det, men om eg skal prøve å resonere meg fram til det, så har eg ei viss meining. Eg trur at dei brukar begrepet befolkningseksplosjon  når dei skildrar utviklinga  av di mange var bekymra for utviklinga. Tankar som "Vil det bli nok plass til alle?" osv.... opptok sikkert mange. Ordet eksplosjon er (i alle høve etter mitt hovud) negativt lada.
Korleis ville verda bli på matfronten? Veksten av folk var på ein måte utanfor kontroll og ville det vere mogleg å skaffe nok mat til alle? Det er på denne tida ein byrja å prate om familieplanlegging og befolkningskontroll.

Heldigvis kom ikkje den store "eksplosjonen" på same tidspunkt over heile kloden. Barnekullaa i Europa for. eks. hadde alltid vore store, men likevel var veksten ikkje så stor pga av dødelegheita. Fødselsraten var alltid "litt" høgare enn dødsraten. (Med raten meiner eg antal fødte/daude per 1000 innbyggjarar pr år).

Eg nemnte den industrielle revolusjonen i stad. Ernæringssituasjonen blei betydeleg betre på den tida. Helsetilstanden blei i stor grad betre. i tillegg gjorde legevitenskapen store framskritt og for å nemne eit eksempel der, kan eg seie at koppevaksine blei innført. Desse punkta gjorde at vi fekk ei stor vekst som det ikkje var noko som helst økonomisk forrankring i. Løysinga på dette problemet blei då at vi fekk ei stor utvandring og då først og fremst til USA. (Så vi er sikkert mange som har ein eller annan amerikansk slektning. Eg har det i alle høve........).

Før i tida hadde vi ein mentalitet som sa at vi måtte få store bornekull slik at ein hadde garanti for at ein skulle bli forsørga i alderdomen. No blei dette eit problem. Det blei rett og slett for mange munnar å mette. Dei måtte bli flinkare til å kontrollere bornefødslane. Så kombinasjonen av utvandring og synkende fødselsrate løyste Europas befolkningsproblem.

I det tjuande århundret har vi hatt ei eksplosiv vekst i verda. Årsakene er stort sett synkende dødsrate og høy fødselsrate. dersom desse folkereike landa går gjennom same utviklinga som Europa, vil det kanskje vere mogleg å stabilisere verdas befolkning på 9-10 milliardar mennesker. Det attstår å sjå!

For å klare å halde antallet mennesker stabilt er det nødvendig at kvar generasjon føder like mange jenteborn som deira eigen generasjon bestod av. No fødes det litt fleire gutar enn jenter (105 per 100) og difor bør alle kvinnfolk få 2,1 barn for halde nivået stabilt.

Til slutt vil eg påpeike korleis utviklinga er i mange vesteuropeiske land og Noreg. Fleire befolkningspyramidar viser ei "eldrebølgje" somvi kaller det så fint for. Aldersgruppa rundt 50-60 år er den største, og reproduksjonen er liten. Med enkle ord vil det seie at i løpet av 10-20 år vil prosentandelen pensjonistar bli mykje høgare enn den er i dag. Det blir rett og slett færre yrkesaktive menneske for kvar pensjonist.
Akkurat denne aldersfordelinga vil bli ei stor utfordring for politikarane i framtida.

Dersom du spiser eit eple kvar dag i meir enn 36 500 dagar, blir du garantert 100 år gamal!!

(Eg kunne gått nærare inn på land som Kina og eittbornspolitikk osv.....men eg vel å stoppe her).

Det er tysdag og det er ein fantastisk deileg temperatur ute. Fargane byrjar så smått å dukke opp ute og dagane er hedigvis lyse enno.
No skal eg ta å dukke ned  i reggaen og blant anna Bob Marley si verd. Jamaica, narkotika, rytme osv...... Så får eg sjå kva spanande som kjem ut av det. Er eg heldig, dukkar det opp informasjon eg ikkje allereie sit med:=)

Så for denne gong......
Hasta luego!!

I will be there.................

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar