lørdag 3. september 2011

Laurdag 3.september.

Herlege London!! Vi kunne ikkje bedt om betre vèr på ein sånn dag. Sååå utroleg bra. Det har rett og slett vore med på å setje spissen på dagen. Over 100 born har kosa seg på bana i dag og det har vore mykje glede ute og gått. Attendemeldingane har vore bra, så det tydar på at dagen har vore vellukka. Då er i alle høve eg nøgd:=)
Eg måtte spørre sonen min om han er sliten, no nettopp. Han er ikkje akkurat den som innrømmer det (i frykt for at eg skal seie at det er leggjetid....). Svaret kom raskt og tydeleg. "JA!" Han er bra utslitt. Fire kampar på ein og same dag, tar på. Alle dei små håpefulle var kjempeflinke.

For ein liten halvtime sidan, var vi på nett og telefonerte. Vi snakka med "Long Island - Amerika" og akkurat det er litt rart å tenke på. Vi sit her og jentene der og så kan vi få full omvisning i leiligheita deira. Ikkje dårleg det. Verda har hatt ei enorm utvikling på mange områder. Skype er eit av dei. Så no har vi både sett og høyrt at dei har det bra..... Så i dette tilfellet er det jo genialt med web-kamera.

No er det laurdagskveld og eg har planane klare. Om ikkje det dukkar opp noko ekstraordinært, så blir det film på meg. Eg har kjøpt filmen som byggjer på boka "Saras nøkkel". Då eg las boka, grein eg. Så får vi sjå om filmen gjer det same med meg. Boka var sterk, men språket var sånn så som så. Forfattaren kunne sikkert gjort mykje annleis, men med ein "story" som denne, er innhaldet så sterkt at det som manglar...... Ja, det gjer liksom ingen verdas ting.
Det viktigaste blir uansett at eg skal ha ein roleg kveld og berre slappe av. 

I innleiinga til redaktøren av KK skriv ho følgande: Hovrfor er vi så redde for å tabbe oss ut? Ho tenker då spsielt attende på ein episode ho hadde for nokre uker sidan då ho var på Kreta. Ho datt ned i ei grøft og fekk skrubbsår på knær og hender. Det gjorde sjølvsagt vondt, men den første tanken hennar var "Såg nokon meg?? Herregud kor flaut!" Ein liten episode i livets samanheng, men likevel interessant.
Tabber er nok det verste vi veit når det angår oss sjølve. Likevel "elsker" vi det når det skjer med andre. Sjølvsagt ikkje for at vi vil dei noko vondt, men det er i og for seg litt avvepnande ved å tabbe seg ut.  Vi burde verkeleg bli betre på å takle eigne feil eller frykten for å gjere feil.
No trur eg eigentleg at eg sjølv ikkje er så ille på å takle slike ting........Ehh, eller kanskje det er nett det eg er??! Kanskje ikkje ille, men dog heller ikkje normalt. Eit glimrande eksempel på akkurat det, er hikkinga eg var plaga med då eg var yngre. Det har seg slik at eg av og til fekk hikke. I og for seg ingenting unormalt i det........MEN!! Det var berre det at hikkinga MI var litt meir høglytt enn andre si hikking. Det verste var at eg ikkje hadde noko sjanse til å kontrollere det sjølv. Så det hendte eg gjekk langs gata heilt åleine og plutseleg byrja å hikke. Eg syntes det var veldig flaut og såg meg alltid rundt for å sjekke at det ikkje var nokon som var i nærleiken.
På Husnes er det slik at det er eindel rekkehus. Dersom eg byrja å hikke og gjekk forbi slike hus, tenkte eg at dei kunne høyre meg gjennom opne vindauge. Tanken på at det var superflaut, gjorde at eg byrja å flire. Så tenkte eg "Kva om nokon ser i vindauget at eg går her heilt åleine og flirer for meg sjølv? Dei må jo tru at eg ikkje er normal." Tanken på akkurat det, gjorde at eg syntes det blei flauare og difor flirte eg enno meir. Tilslutt flirte eg sånn av det at tårene trilla. Det var sikkert ingen som høyrte at eg hikka, kanskje ingen som såg den første fliringa........men eg lurar grueleg på kva dei tenkte, dei som såg meg då eg flirte sånn at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Jaddddddda! Eg veit at det umogleg kan vere normalt, men slik var det. Godt er det at eg er ferdig med hikken då:=) 
Dette var no berre eit eksempel på det redaktøren i KK siktar til. Eg flirer i alle høve av meg sjølv. Berre det er ikkje så verst. Hihihihi........(Eg ler litt no når eg tenker attende på det).

Etter å ha bladd gjennom KK denne uka, er eg komen til ein konklusjon som ikkje var så vanskeleg å fatte. Eg fann ikkje ein einaste ting som var å rope hurra for. Det var supermasse motereklame (not my favourite) og ellers ingen reportasjar som fenga noko særleg. Det er vel slik det skal vere. Det skal vel noko til for å blidgjere meg kvar einaste uke. Eg trur likevel eg vel å la det vere med bladinga denne gongen. Eg kjem ikkje til å lese noko spesielt i bladet.

Jaja, sånn går no dagane. No skal eg ta meg eit herleg bad før eg skal sjå filmen. Berre eg ikkje sovnar i badekaret...... Det går vel aller helst bra. Rein kropp i rein seng. Kan ein ha det betre?? Hehehehhe.....JA, sikkert. :=)
Ha ein fortreffeleg laurdagsaften og hugs å nyte livet!! Smask <3

Hasta luego.

I wanna kiss you goodnight....


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar