lørdag 1. september 2012

Sa du at det er laurdag?? Jaja........

Det er visst laurdag og denne jomfrua er halvbrisen! Vel........... (Elsker masse punktum!!!)
Viss eitt og eit halvt glas med raud vin kan klassifisere til halvbrisen, så er det nettopp det eg er.
Det skal vel ikkje meir til i demne skrotten, med tanke på at ein har vore halvbrisen heile TO gonger dei site tre månadane...... Eg slit!! Hahahaha......

Med dette humøret er eg stygt redd for at eg kan bli spydig i kveld!! :=) (Slenger på eit lite smilefjes for å.......... Tja, eg veit eigentleg ikkje kvifor!)

Dagen har sånn eigentleg vore ganske herleg. Ein liten gåartur, heilt åleine med kameraet, i fjellheimen, før ei god bok på verandaen der augelokka blei for tunge og eg slukna ute i frisk luft.
Då eg vakna, var det til deileg grillukt!! Mmmmmm........ Eit lite sekund etterpå var augene att på ny og eg kunne såvidt høyre naturlydane i bakgrunnen.
Viss ikkje det kan kallast herleg, ja, då veit då vel søren ikkje eg. (Søren?? Det nærmaste denne jomfrua kjem bannskap. I alle høve i dag).

Sånn eigentleg hadde eg tenkt å tråle avisene før eg logga meg på. Eg såg at vi kun hadde VG (papirutgåva) og då blei eg litt motlaus.......
Det er jp eit bilag med, men eg er litt lei av "sex og samliv" og om eg hadde tatt for meg helgebilaget, kan eg vedde x antall tusen kroner på at det er ein eller annan artikkel om temaet og då........ Eg hadde vel ikkje klart å la vere å kommentere det!
Så eg står over.
For ein viljestyrke!!!!!!!!! Hahahahaha........

Eg kan sjølvsagt ta VG nett, men med eit hyttenett som ikkje held breibandstandard, trur eg at eg likesågodt lar vere. Eg trur kanskje det berre vil provosere meir enn det gjer nytten!

Klokka er ikkje heilt halv seks enno, så difor burde det vel ringe ei bjelle som sa "kom deg ut og klipp plenen!!!!!"
Hmmm........ Eg høyrer ingen bjelle, så graset er vel like langt i morgon.

Nei, sit eg her for lenge foran denne skjermen, risikerer eg at augenlokka blir for tunge att. Det kan eg ikkje ha noko av. Desse fem minutta får halde for denne gong. Eg trur kanskje eg skal trø meg ein tur, for ellers er det stor fare for at det kan bli ein keisam kveld for dei andre sauane her på hytta. (Eller kanskje det berre hadde vore lykken for dei??? Eg syns eg høyrer dei..... "Sov, kjære jomfru, sov!")

Jaja...... Ha ein strålande laurdagskveld!! Leit fram dei positive tankane og ver glad og nøgd. Eg prøver......., men er slett ikkje sikker på om det virker. :=)

Hasta luego!

Part of..............

MYM IWALY FY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar