fredag 14. september 2012

Helg! :=)

Jomfru Knutsen har tatt helg og er no på tur innom nettet for å sjå om det har vore nokon i denne verda som har leika galningar det siste døgeret, eller berre rett og slett gjort noko pinleg (eller supert for den saks skuld).
Eg trur eg må ha mi eiga lille nedtelling her. 10, 9, 8........ neida. Push the buttom!!

Mann tiltalt for voldtekt under jobbintervju. Tør vi tippe at han ikkje fekk jobben?? Som sagt, eg skreiv jo at det sikkert er nokon som har leika galningar. Eller.........kanskje ikkje leika. Nokon er faktisk galne!!

Det var ikkje han som blei intervjua. Det var han som foretok intervjuet.
Det er ein mann i 30-åra som har forgrepet seg på ei femten år gamal jente. Jenta var til intervju i samanheng med ei deltidsstilling ho hadde lyst på.
Mannen og jenta hadde prata via internett og deltidsstillinga virka interessant. (Nok ei årsak til å ikkje innvolvere seg over nettet).

Mannen blei dømt for seksuell omgang med jenta, men nektar faktisk straffskuld sjølv om han har innrømma å ha hatt sex med ho.
Ein er vel skuldig uansett frivillig eller ikkje om jenta er under 16?? Rar tankegang han har......

Minner om den verste behandlingen av Diana. Det er god presseetikk som settes på dagsorden. Kor går grensa for kva ein har lov til å trykke?? Eg skjønner godt at temaet kjem opp!

No er det eingong slik at dersom ein er ein offentleg person, så må ein kunne forvente at det er noko som heiter fotografar, papparazziar!!! Ein kan forvente at det blir lagt merke til om ein gjer noko "gale" og at "heile" verda får vite det. Likevel, ein eller annan stad må det gå ei etisk grense for kva pressa til sjuande og sist trykker i utgåvene sine.

Om eg er på ei strand i syden og av ein eller annan grunn treng å ta av meg bikinioverdelen for å skifte til ein vanleg bh eller tre ei skjorte over hovudet.........Ja, då treng eg ikkje vere redd for at det skal kome topplausbilete av meg i dei store avisene/magasina. Det burde det heller ikkje gjere av kongelege, slik som no har skjedd med engelske Kate, kona til prins William.
Viss det er slik at ein ikkje kan gjere noko som helst utanfor sitt eige bad, ja då syns eg verkeleg synd på dei som ikkje er som oss "normale" menneske. Det kan umogleg vere skøy å vakne til forsidebilete av deg sjølv, topplaus. Uansett kor fin overkropp du har!
Dei bileta som blei trykka av Kate, burde aldri ha komen i bruk. Det er som presseeksperten her frå Noreg seier: Desse bileta ville aldri ha blitt trykt i Noreg. Det er eit grovt overtramp.

Ja, ein må som kjendis hugse å sjå seg over skuldra til tider, men det må vel gå ei grense ein stad!

Tidenes dyreste bolig til salgs i London. Stor som en fotballbane. 45 rom. Jau, jau.......... Eg prøver så godt eg kan her å sjå behovet. Kven i all verda treng ein BOLIG med 45 rom? Ein bolig er trass alt ein stad vi bur i. Det er jo ikkje akkurat eit hotell vi snakkar om!!
Eg veit enno ikkje kva prisen er, men eg har mine bange tankar om det i og med at det er tidas dyraste bolig.
Eg er glad eg ikkje er rik nok til å ivestere i ein slik bolig!!!

Tre milliardar kroner!! Joda, eg kjenner behovet melde seg.......... Tenk på kva tre milliardar kroner kunne gjort for mange fattige i denne verda. Her er det snakk om at ein einaste person kan kome inn i biletet og berre sånn heilt utan vidare bla opp heile denne summen og det berre for å få seg ein bolig.
Eg tippar dette er ein attraktiv bolig av den enkle grunn at den som kjøper den på ein måte viser litt "makt". Status ville mange sagt.......

Kun Buckingham Palace er større....... (i London).

Orm ble nektet servering. Ein buorm kom seg inn på ei kro i Telemark!! Hahahaha......  Eg ser for meg dei hysteriske ropa til gjestane! Om ikkje det var hysteriske rop, så er eg hundre prosent sikkert på at dei ikkje følte seg særleg høg i hatten . Det var faktisk så ille at dei tilkalla politi for å få den fjerna. Hahahaha........ Ein buorm!!! Ein buorm er vel ikkje farleg?? Om eg ikkje tar mykje feil, var det buormar vi som 5-6åringar brukte å halde då vi leika i skogen oppfor huset. Eg har i alle fall eit par høver lagra oppi hovudet. Det var i alle fall orm..........

Det står i avisa at kundane ikkje blei redde, men eg trur ikkje noko på det. Om dei var rolege, var dei sikkert litt "gira" innvendig.
Jaja, politiet fekk den ut med ein stokk og ein kan trygt seie at for framtida er ormen nekta servering!! :=)

Myter om Norge du ikke må tro på. Skuffelse!!! Eg såg fram til nokre anten litt artige eller i alle fall litt spenstige myter då eg las denne setingen. Då eg opna saka, må eg ærleg innrømme at eg blei skuffa.
Berre sjå her kva første myte er: Norge som reisemål har lite å by på.
Er det ein myte?? Greit nok at enkelte faktisk meiner det, men det er vel veldig langt i frå det til å kalle det ein myte. Noreg har plenty av reisemål som verkeleg er verdt å få med seg.

Norgesferie er alltid dyrt. Noregsferien KAN bli dyr, ja, men det er forskjell på det å kunne og alltid. Det er mange gonger billigare å bu på hotell i norske storbyar enn i mange utenlandske storbyar. Det heile handlar vel mest om planlegging.......

Du må vere topptrent for å nyte norsk natur. Vel, eg er ikkje topptrent, men eg trur nokeg likevel skal klare mange av dei utfordringane som vil kunne dukke opp om eg tar ein naturferie i Noreg.

Ingen spenstige og overraskande myter........ Kjedeleg!!

Krangel om flysete endte med basketak. Eg reknar sterkt med at det er snakk om nordmenn! Det må det vere når det er snakk om ei slik sak. Tippar det er nokon som føler seg flau no i etterkant.

Det er visst ikkje snakk om nordmenn.... Snakk om å vere på villspor i kveld. Eg lurar på om jomfrua har tapt seg litt?? Jaja........ Saka er jo like teit sjølv om det ikkje var våre landsmenn som deltok.

Det er snakk om at ein mann tok setet sitt bakover for å sitje litt betre. Det likte ikkje mannen bak. Han ba han om å ta setet fram att, noko som ikkje blei tatt til følge. Dette blei det eit basketak utav. Det blei så ille at piloten valgte å snu og fly attende etter heile seks timar i lufta.

Etter å ha sett filmen frådet heile, byrjar eg å lure litt på folk......... Det er nok ikkje berre eg som er snål i denne verda!! :=)

KK!! KK kom i postkassa i dag..... I følge bladet går heile 17% rundt med ein draum om å starte eigen bedrift. Kva gjer du når jobben ikkje lenger er draumejobben - og mannen ikkje er draumemannen?  Hahahaha......... Godt spørsmål! Det er vel nok av kvinnfolk som for lengst har oppdaga at dei ikkje er med draumemannen sin. :=) Spørs berre om dei gjer noko med det.............

Heile 36% kan faktisk tenke seg å skifte arbeid dei neste to åra. Det er eit ganske høgt tal som indikerer at det er mange som er hamna på feil hylle. Eller........ Kanskje ikkje feil hylle. Det kan jo vere tusen årsaker til at ein ønsker å bytte jobb. Vanskelege medarbeidarar osv....... Likevel, eit høgt tal!!

30% bruker sosiale medier for å finne ny jobb. Akkurat denne trenden er nok aukande. Det blir meir og meir vanleg å bruke sosiale medium til det meste. Kor positivt det er når ein når det punktet at Facebook er staden om ein skal søke ny jobb, veit ikkje eg........ Eg håper det er lenge til det blir ein realitet (sjølv om ein veit at det allereie har starta).

Eg kan trygt seie at eg ikkje er blant dei 17% som ønsker å starte eigen bedrift! Ikkje det at det er utenkeleg å gjere det. Det er berre det at det er ikkje noko eg går rundt og drøymer om.
Litt skummelt må det jo også vere å seie opp ein stabil og trygg jobb for å starte for seg sjølv (noko som kan vere høyst usikkert om det vil bli ein suksess).

Kor draumemannen som ikkje var draumemannen likevel kjem inn i biletet, er eg høyst usikker på. Litt dristig, vil eg påstå, om du ikkje har han med på laget ditt om du skal starte di eiga bedrift...... Viss ikkje bedrifta er det som sørger for å setje kroken på døra for heile mannen! :=)

Det er fredag og det er helg! Sjølv om klokka går mot halv tolv, føles det som om at det ikkje er så seint. Ergo er det enno plenty av tid til å gjere ugagn før ein legg seg. Eg trur eigentleg at ein berre skal halde seg i ro og nyte det å slappe av.
Jomfrua skal prøve å løyse vanskelege saker i lag med Liza Marklund og er ho heldig kjem dei i mål om nokre få dagar. Det er ikkje snakk om noko eindagarsprosjekt når dei set igong. Då skulle døgeret hatt litt fleire timar.

Ha ei kjempefin helg!! Eg håper alle får eit nydeleg haustvèr så dei kan vere ute og nyte den herlege naturen vi har (som så mange meiner vi må vere topptrena for å kunne klare å beherske). Går du rundt med tanken om å starte eigen berdift?? Vent no i alle fall til etter helga, så kanskje "dryppet" har gått over.
Eg har nok med å vere meg om eg ikkje skal leke supermann i tillegg. Jomfru Knutsen med vinger!! Det ville vore lekkert. :=)

Sov godt!! Natta. :=)

Hasta luego!!

Part of.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar