lørdag 8. september 2012

Kva er "Begonia"?

Hahaha...... Eg veit kva "begonia" er, det er berre "storyen" bak som er litt herleg.......

Dette har eigentleg vore ein kjempefin dag!! Akkurat no sit eg og nyt eit lite glas med raudvin, samtidig som eg tenker tilbake på kva dagen eigentleg har innbrakt av livskvalitet. Eg syns faktisk at det har vore mykje "kvalitet" bak denne dagen!!

Eg visste då eg la meg i går kveld at eg skulle tidleg opp i dag, til trass for at det er laurdag og som vanleg fridag. Eg la meg ikkje før klokka nærma seg to, noko som innebar at eg låg ein halv time lenger enn eg hadde tenkt i morges!
Vi skulle til Drag på fotballturnering. Minstemann gledde seg stort og då smitta det sjølvsagt over på oss vaksne.
Vi fekk ein fin dag på "andre sida". Steffen scora tre mål på dei kampane han spelte og det var han sjølv godt nøgd med. Då var det ikkje så nøye at det ikkje blei seier på slutten.
Mest glad var han for at dei vann 2-0 i første kamp. Andre kamp endte uavgjort. "Mamma, det gjær jo ikkje nåkka at vi tapte på slutten, førr vi va jo så sliten!!" Nei, det gjorde ingen verdas ting. Det viktigaste er å delta!!!
Då vi kom heim, forsvann han rett på fotballbana (noko som er litt merkeleg med tanke på at han hadde spelt heile dagen og eigentleg var ganske sliten).

Tyktflytende kolloidløsning. Kva i f... er det??
Vi snakkar Vg-helg og ferga! Fergeturane over fjorden brukar ikkje vere av dei mest interessante. Då er det fint med eit kryssord å løyse. Problemet er når avisa har funne det for godt for å la meg få ei enkel stund med å løyse det........ For kva i alle verda svarar ein når hintet er "tyktflytande kolloidløsning"? Hmmm......... Er dette noko som er flaut å ikkje vite svaret på?? Burde eg som lærar vere fullstendig klar over kva det betyr?? I såfall slit eg!! Mildt sagt....... For om eg skal vere heilt ærleg, så har eg aldri høyrt uttrykket før!
Jaja, eg skjønnar i det minste at det må ha med kjemi å gjere....... (Tar eg ikkje mykje feil, kjem eg til å sjekke svaret allereie i kveld. Ellers får eg vel ikkje sove....).

Ofte blir eg ganske frustrert når eg les overskriftene både Vg og Dagbladet har på nettet. Mange gonger stiller eg meg spørsmålet; "Er dei ikkje meir ærekjær enn at dei absolutt må sverge til desse "tullesakene" eg leitar opp?" Det er mykje søppel som publiseres og det er nettopp søppelet eg fangar opp og ofte skriv om her inne.
Eg syns det er så mykje negativt som skjer i denne verda at eg med viten og vilje hoppar over dei sakene som faktisk er seriøse. Rett og slett av di eg vil prøve å finne saker som vi kan slippe å tenke berre negativt av. Då er det om å finne dei sakene der journalistane rett og slett virkar "dumme".

Kva var det eg eigentleg starta på no........ Joda, dårlege overskrifter!!
I dag då eg var på ferga, fekk eg lyst på is. Medan eg stod i kø for å betale, såg eg følgande på Dagbladets forside. (Papirutgåva!) "Riise krangla rett før kampen". På Dagbladets forside, av alle stader, så er det nettopp det som dei fokuserer på. På forsida rett og slett.
Skal ikkje forsida vise litt av det viktigaste som skjer?? Eller er det berre eg som meiner det vil vere det logiske??
Eg driter vel i om Riise krangla rett før Noreg gjekk på bana for å spele mot Island!! Eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg at denne såkalla krangelen var det som avgjorde gårdagens kamp?? Eller?? På forsida!!!!
Jeeeeeezes............ Kunne ikkje eg også fått kome på fransida til hovudstadsavisa dei gongene eg hever stemmen?? Så kunne dei prøve å annalysere korleis det påverker dagen og livet mitt??
Ganske urettferdig at slike ting er forbeholdt sånne karar som Riise!!! Dessutan er han ikkje noko fin no når han er gått frå å vere raudhåra til mørkt hår.

No nettopp har eg inntatt eit "fantastisk" måltid med vinen som faktisk heiter Fantastisk som tilbehør. Eit riktig så godt måltid med fint oppdekka bord.
Eg er sånn at eg likar at ein i alle fall i helgene kan pynte matbordet litt så det blir koseleg å spise.

No har det seg slik at eg av og til lagar ei rose av ein serviett. Då vi satt oss til bords i kveld, kom det frå minstemann: "Mamma, korsen har du laga denne servietten slik? Det er jo så fint!" Eg svara berre at eg skulle vise han det når vi var ferdig å spise.
"Jammen mamma? Det ligna litt på en blomst. Det må jo vær en begonia!"  Hahahahaha......... Begonia?? Kor i alle dagar henta han det ifrå? Hn veit meir om blomar enn det mora gjer (for ho er ganske grønn på det området!!)  Mora veit jo at det er ein blom som heiter det, men ho har inga aning om korleis den ser ut! No syns sonen hennar at servietten faktisk liknar på ein "Begonia!! Fantastisk!! Rett og slett herleg!! :=)

Då vi var ferdig med middagen, spurte eg om det var god middag eg hadde servert. Svaret hans var då " Æ e ganske fornøyd!" Etter at han hadde spist "eit tonn" med mat, var svaret hans ganske ok! Ganske fornøyd!! Thihihi...........

Det er fredagskveld og første episode av "Skal vi danse" skulle sendes. Minstemann har gått og sett fram til at det skulle byrje og eg klarte sjølvsagt å ha maten ferdig midt i nett dette programmet.
Så er det no eingong slik at tv'n må av når det er middag. Ein skal då vitterleg ha matro......
Når det eingong var slik at eg kunne ha sørga for å hamaten klar både før og etter programmet, følte minstemann at det blei litt urettferdig at han skulle måtte gå glipp av store delar av programmet.
Han klarte sjølvsagt å smiske seg til at tv'n kunne stå lavt på i bakgrunnen slik at han kunne få med seg alle para som dansa.
Det verste (beste) var at han var grimm med å tippe rett resultat. "Det der det står nu kanskje tell en femmar!!" " Det der blir det nu sånn sirka sju for. Hvis de e hældi, så kanskje de får åtte!" Han har sett alle episodane av programmet dei siste åra og eg trur kanskje han har fanga opp korleis dei dømer, for har er som sagt grimm til å tippe rett!!

I same augeblikk som maten var ferdig inntatt, var det eit par som skulle danse til ein song eg ikkje så mykje som veit namnet på eingong. Aller minst har eg høyrt den før.
Minstemann byrja å syngje med og plutseleg sa han berre "Mamma, sjå hær!" Der stod han og dansa heile dansen. Det såg ut som om at det kunne vere slik ein dansar songen i ein musikkvideo.
Det var skikkeleg stileg og eg måtte jo sjølvsagt spørre han "Kor i all verda har du lært den songen??"
Svaret var veldig greitt og enkelt. "Æ har den jo nede på dansespellet mett!"
Han elsker å danse og difor kjøpte han seg eit dansespel i ferien. Han har tydlegvis øva mykje på den, for han kunne den på rams.
Eg skjønnar det er mykje eg ikkje klarar å følge med på for tida. "Skrekk og gru"! Det blir vel berre verre på det området jo eldre han blir? Eg veit ikkje heilt om eg likar det.............. Hmmmm! Kanskje Jomfru Knutsen må innsjå at ein ikkje kan ha stålkontroll 24/7 for bestandig...... (Likar ikkje)....... :=)
(Eg trur kanskje eg må be han om å la mora få vere med på dansen. Det er sikkert kjempegøy!! Tv-spel meg her og tv-spel meg der...........)

Ein herleg dag, eit herleg måltid, fantastisk stemning.......Kan det bli betre?? (Ja, det kan det jo sjølvsagt!)
Det er i alle høve ikkje lov til å klage!!

No sit eg her i sofaen og nyter som sagt eit glas "Fantastisk". Sporten som vises på tv i denne stund, bryr meg midt i ræva, men snart kjem resultata frå "Skal vi danse" og så er det rett i seng for ein som har hatt ein super fotballdag!! Klokka er over halv ti, så det er det ein kan kalle for "overtid".

Hahahaha.......... Faren spurte nettopp om eg orkar å stelle han i kveld. Glunten fanga det sjølvsagt opp. "Mamma, æ trur æ vil ha litt knekkebrød og kanskje du kan kok mæ et egg??"  Hahahaha....... Vi er såvidt komen frå matbordet....... Nokon som kjenner seg att og hugser dei brukte å seie det same som born?? Her er det snakk om å ønske å dra ut tida før senga blir for nær!! Nåneidu, lille gut (lille???). Nyttar ikkje å seie til meg at du er svolten. Du er gjennomskoda for lengst!!
Eg lurar på kvifor eg eigentleg syns at akkurat det er litt herleg i kveld, at han halar ut tida?? Kanskje det er "Fantastisk" som har varma opp hjartet eit lite hakk?? Hmm....Kven veit?!

No skal eg i alle fall sjå resultata av dansinga og så skal eg rett og slett berre slappe av. Laurdagskvelden skal nytast til fulle!! Kanskje det blir som i går kveld??
Tre gonger i året blir eg så trøyy at eg sluknar på sofaen. Det var det som skjedde i går kveld! Eg vakna av rulleteksten på filmen eg skulle sjå og fekk karra meg under dyna (kald) etter to ein gong. Jaja...... Ikkje det verst esom kan skje! Eg søv godt på sofaen............:=)

Så ha ein fortsatt fin laurdagskveld!! Sov godt når den tid kjem............

Hasta luego!!! :=)

Part of me............

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar