tirsdag 4. september 2012

Joanna fikk sparken fordi hun snakket polsk i lunsjen. Steike ta...... Å vere polsk, jobbe ved eit norsk sjukehus som reinhaldar og snakke polsk i pausane sine med sine polske medarbeidarar er visst ikkje forenleg med kvarandre. Uforståeleg nok!
Som om eg hadde gidda å bry meg om at polske reinhaldarar snakka morsmålet sitt seg imellom. Det må jo vere lettare for dei, spesielt sidan dei ikkje er så fantastisk god i norsk.
Det er jo ikkje akkurat snakk om folk som snakkar polsk i nærleiken av pasientar og slikt. Det er stort sett i pausane sine og ein sjeldan gong om dei møtes i korridoren. So what??

Snakk om å ha ein vanskeleg sjef! Sjølv om sjefen har sagt ifrå muntleg at ved deira arbeidsplass skal det snakkast norsk, gjer det vel ikkje grunnlag for oppsigelse for at dei "gløymer" seg litt innimellom.
Kva gjer dei om dei treng ein spesialist til noko viktig og det viser seg at spesialisten kun kan snakke engelsk.? Skal dei då la vere å bruke han, sjølv om det kan bety fare for liv?
Kor går eigentleg grensa? Norsk er norsk og utanlandsk er utanlandsk. Polsk eller engelsk.... Det er like lite norsk begge delar. I alle fall sist denne knetta sjekka!

Ein reinhaldar!! Ho vaskar golv osv...... Kva i alle dagar speler det for ei rolle om ikkje alle dei søte og yndige sjukepleiarane forstår kva som blir sagt?
Eg vil tru dei har bra dårleg sjølvtillit som klagar vidare i systemet på dette. Er det verkeleg så redde for at dei snakkar stygt om dei?? For det må jo vere det dei trur??!
Nei............. det er nok ikkje berre eg som slit med den høge hesten som ein av og til bør klatre ned frå. Eg trur det er mange som slit med det!!

Denne kremen kan gi 20-åringer kviseutbrudd. Heldig for meg, då. Då kan eg jo trygt bruke den!! Det står jo tydeleg svart på kvitt at det er 20-åringar som får kviseutbrota! Hahaha........ Eg trur likevel eg står over. Betre å kjøpe kvalitet!!

Noen menn har grunn til å "sutre". Hahahahaha......... Det må vere den beste setningen eg har lest på lenge!! Thihihi....... Eg kjenner menn som sutrer, ja, men av og til er det faktisk litt "søtt". Hallo, liksom??!!!
Menn sutrar definitivt over andre ting enn vi kvinnfolk. Eg skal ikkje nemne eksemplar her no (sjølv om eg eigenteg har litt lyst til det), men lista er rimeleg lang.
Menn skal liksom vere litt maskulin og tøff, men sanninga er nok at mange fleire kvinner er hakker tøffare enn mannen. Det er eigentleg litt komisk når menn blir litt feig og redd.
Akkurat no ser eg for meg fleire episodar som passar perfekt til nett dette og eg må no flire litt for meg sjølv. Som sagt, eg skal vere grei og ikkje nemne eksemplar. (Sjølv om eg trur dei fleste kvinnfolk kan klare å lage si eiga lista!) Kanskje det er det eg skal gjere ein dag seinare? Lage ei liste der menn er pingler?? Det kunne jo blitt gøy!! Kanskje innhente forslag frå andre kvinner.........

Overskrifta seier jo at enkelte gonger har dei grunn til å sutre. Javel...... Setningen er sikkert laga av ein mann!!

Riise om sin nye kjæreste . Eg trur jaggu meg at denne karen skiftar kjæreste oftare enn han vasker seg mellom tærne!! Ut frå biletet ser det i alle høve ut som om at han har ei heilt ny dame.
Kor gamal er Riise no?? Han er i alle fall berre nokon og tjue år enno og eg har ikkje heilt talet på kor mange damer han har hatt på den korte tida han har vore vaksen..... Det eg veit, er at han allereie har vore gift og skilt to gonger. Det er vel eit "høgt" tal når ein ikkje eingong er runda tretti??
Skal han fortsette i same tempoet, er han oppe i seks bryllup før fylte 50 år!! Så kan han invitere dei alle til 50-dagen sin! Hahaha...........
(Jada, eg skal klatre ned av hesten min. Eg syns berre det er litt komisk eller det heilt motsatte at det går an........... I love you får liksom ei heilt anna meining.)

Nei, det var nok ikkje så lurt å kombinere Greys anatomy med blogging i kveld. Det blei litt vanskeleg å halde fokus her!
Dessutan er det få saker i avisene i kveld. Det er stort sett ei sak som dominerer medie-Noreg akkurat no, forståeleg nok............ så eg får heller vente til i morgon med å leite. '

Det eg kan klare å få fram utan å måtte tenke så hardt er at du må ha ei god og fredfull natt. Er du heldig, får du nokre fine draumar med på kjøpet!

Så.......... Hasta mañana!! :=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar