søndag 30. september 2012

Livets rett???

Nektet å befrukte kona fordi mannen var for gammel. Hmm........Dårlege journalistar ute og går att?? Viss ikkje denne overskrifta kan mistolkast, så veit ikkje eg.
Om eg set dei små grå i sving, så skal eg vel klare å skjønne at det må vere snakk om at det er ei dame som ønsker å bli befrukta, men av di mannen hennar er gamal, blir det avslag. (Eg vil tru at det er naturleg å tenke at det er det som meininga bak overskrifta).
Det er berre det at journalisten brukar begrepet "kona". Nektet å befrukte kona! Det kan tolkast som om mannen nektet å befrukte kjerringa si??
Så ergo er det ikkje eit heldig ordvalg som er brukt.

For at eg ikkje skal "drite meg lodrett ut" her eg ligg henslengt på sofaen, så skal eg opne saka. Berre sånn for syns skuld. Det kan jo hende eg er heilt på viddene?!'

Eg hadde rett! Det er fertilitetsklinikken i Telmark som har gjeve avslag på grunn av mannens alder.
Paret har sjølvsagt anka og venter no på ny handsaming.
Kva eg meiner om saka, veit eg eigentleg ikkje. Det kjem ikkje fram nokon som helst stad kva dei meiner med at han er for gamal. Kva alder er for gamal?? Er han 50? 60? 70?  70 blir jo sjølvsagt litt heftig, då. Men.......?
Eg syns eigentleg at når ein har passert 50, så nærmar det seg ei moralsk grense. Eg tenker då mest på bornet. Bornet skal jo på ein måte ha "gode utsikter" til å behalde begge foreldra til bornet sjølv er vaksen.
Likevel, det betyr ikkje at eldre ikkje skal kunne få born.......... Eg meiner likevel at ein må tenke på bornets beste. Å få eit born er jo ein egoistisk ting i utgongspunktet, så om ein skal tenke bornets beste..............
Eg vil på trass av at eg meiner at ein ikkje bør få born i alt for gamal alder, også påpeike at det kan vere mange born med eldre foreldre som har det mykje betre enn mange andre. Så det fins nok argumenter for det meste!!
Det er nok eit vanskeleg dilemma for mange.................

Hallo, forbrukerombudet! Jeg betalte faktisk for plettfri sæd!! Donorbarn er som andre barn, uten garantilapp eller bytterett.
Høyrt sånt?? Kontakte forbrukerombudet om bornet ein har fått ikkje svarar til forventningane? Som om at det går an å bestille eit frisk born?? Sjuke greier........

Graviditet medfører alltid ein risiko. Ingen veit kva resultatet blir rett etter inseminasjon. Ingen kan forvente det heller.
Det hjelper ikkje kor mykje pengar du legg på bordet. Det fins nok av par som har friske born og som får eit born som ikkje er "frisk" etterkvart.
Ein slik risiko må ein ta høgde for om ein vel å bli gravid............
Kjøper ein sæd og er "uheldig" med resultatet......Ja, då må ein jaggu meg bli like glad i bornet, sjølv om det har sine feil og mangler.

Nydeleg haustvèr!! Lite visste eg, før eg stod opp, at det var eit aldeles nydeleg haustvèr ute. Eg kjente med ein gong at "i dag vil eg til fjells".
Så uheldig som vi har vore med både vår og sommar, kan ein ikkje la ein slik dag gå til spille!
Eg spurte sonen min om vi skulle gå tur, men han var eigentleg lite villig til det. Då såg eg berre på han og sa "Jaja, godt at det er eg som bestem då"....... Han såg berre rart på meg og svara "Ok, då". Så då blei det slik. :=)
Vi pakka litt godt i sekken og la i veg. Uheldigvis for Steffen, så var det hans sekk vi pakka i og ergo var det han som var bærar i dag!! (Eg er av den oppfatninga at born treng å lære det også!!)

Vi fekk ein kjempefin tur!! Første rast var "Skihytta! Det er ikkje så lett å vere åtte år og vite at det ligger deileg kjeks i sekken. Klart det må ein liten rast til, der oppe på verandaen!! Namnam...... Kjeksen var god!!
Kjeks i magen = ny energi! :=)

Så bar det opp til "Storbotnvatnet". Der var det om å balansere på muren!! "Sjå mamma, æ dett ikkje uti".
Hadde det ikkje vore for at eg gløymte å pakke ned ei ekstra bukse til han, så skulle eg nesten ønske at han gjorde nettoppdet!! (Fysj.........skreiv eg det??? Hmmm......Ikkje bra!)  Thihihihi......... Litt av di eg då hadde fått noko å flire av, og dessutan kunne det ha fungert som ein liten lærepenge. Han har ein tendens til å utforske "grensene" litt for mykje, og ein dag må det jo gå galt??!!
(Med turen til Svartvannet friskt i minnet. Han var fire år og datt i elva heilt oppe i grensa til vannet. Rimeleg kaldt!!!)

Like etterpå bar det opp på Fuggelfjordeidet. Kjempefin utsikt mot Mulboktinden og ytre Tysfjorden.
Med sol og blå himmel, så var det kjempefint å vere der.
Det var sjølvsagt på tide med ein rast så ein kunne få i seg litt mat og drikke.

Steffen og eg fann ut at vi "ville" gå litt lenger. (Det var vel aller helst eg - han berre dilta etter mora då. Utsikta frå Eidet var meir enn godt nok!!)
Eg såg ein elg oppi høgget og hadde lyst å kome på nært hald for å få ta eit fint bilete av den. Vi gjekk opp mot toppen, men før vi nådde heilt opp, forsvann den bak ei knaus og blei borte for oss.
Like før toppen snudde vi og gjekk ned. Det var like før sola forsvann bak Lifjell-toppen og det var eindel vind der øverst.
Sjølv om vèret var herleg, blir det bra kaldt når sola blir borte. Det var nok best å snu!! Eg har ikkje noko ønske om å gå på meg noko forkjølelse.

Alt i alt fekk vi ein kjempeflott tur. Eg trur kanskje eg tok sånn bortimot 70 bilete og nokre få av dei ser du i innlegget rett under her. :=)

No skal eg ta å karre meg i seng! Eg ventar berre på at brøda skal bli litt meir avkjøla. Heilt normalt ein laurdagskveld å finne ut at ein skal bake brød og klokka er passert ti. Jaja....Sjølvgjort er velgjort. Det er trass alt sundag i morgon og sjansen til å ligge litt ekstra er jo så absolutt tilstades!!

Ha ei god natt!! :=)

Hasta mañana!!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar