torsdag 6. september 2012

Beathe - dødaren...........

Hahahahaha....... Beathe har tatt liv og DET utan at ho var klar over det!! Viss ho no skulle vere så uheldig at mora les denne bloggen, så kan ho forsikre ho om at det heile dreiar seg om ein edderkopp og sannsynlegvis har ho fått både tilgivelse og velsignelse allereie! Beathe, altså......Viss det skulle vere noko tvil. :=)

Det heile har seg slik at det var musikkøving og ei ny dame kom på besøk av di ho var/er interessert i å byrje å spele i lag med korpset. Jomfru Knutsen skulle teste ein kornett for å sjå om den eigna seg til å sende med ho heim. Ho blåste eindel tonar før ho konstanterte at instrumentet var heilt ok.
Eine ventilen (sjølvsagt stemmeventilen) ville ikkje løysne, så jomfrua tok den med på kjøkkenet for å leggje den i varmvann. Då ho la kornetten ned i vannet, såg ho plutseleg at det seiv ut ein "frisk" og fin edderkopp frå instrumentet!! (Ein stoooor ein!!! Minst FEM cm......Hahahaha.....)
Den såg heilt frisk og fin ut, berre at den mangla liksom den der desperate "hjelp eg held på å drukne"-røyrsla. Den sprella med andre ord ikkje!
Så sidan den såg så forbaska "fin" ut, som om den sånn sirka nettopp hadde døydd, konkluderte jomfrua med at ho sannsynlegvis hadde sprengt både trommehinne og laga hjartestans på det lille (uskuldige) dyret.
Jaja...... Ikkje alle som er så heldige at dei får døy til musikk, sjølv om det i dette tilfellet ikkje var så vakkert. Stakkars lille kryp. Tippar han rakk å bli desperat eit lite sekund før det plutseleg berre sa stopp. Bye, bye.....liksom.

Når først korpset blir nemnt her, må det jo også seiast at "Fest i Dovregubbens Hall" er råtøff med to bassistar! Rett og slett digg!!

Denne læreren får et velfortjent spark. (Der detgjer mest vondt!!) Det er ei lita skolejente frå Russland som rett og slett hadde fått nok av læraren sin!! Hahaha......Her er det berre å hente tips å bruke mot dei lærarane som er upopulære!! Thihihi.......

Vel, ein kan vel rekne med at det var enkelte ting som låg bak hendinga. Jenta meiner tydelegvis at engelsklæraren er skikkeleg upedagogisk. Faktisk så upedagogisk at han står og roper foran elevane når han skal lære dei glosar. Han "slår" jenta i hovudet med peikefingeren og då får jenta nok. "Rett i balla" med foten hennar.

Det heile er filma og filmen går som varmt kveitebrød verda rundt. Vel, så er vel ikkje ballespark på lærarar eit så velkjent fenomen heller!! :=)

Ølnektet lastebilsjåfør tisset i pilsen til gjestene. Det er vel berre eitt ord ein treng for å skildre kva ein meiner om akkurat det. Kvalmt!! Det er i "søta brors" Sverige at det skjer.........
Han blei visst så sint for at han ikkje kunne få meire øl at det var på sin plass med litt ekkelt skvip å dele med dei andre gjestene. I tillegg til å sloss og rane litt osv.... Lista er visst lang i følge Dagbladet!!

Menn kan syte så mye de vil. Endeleg!!! Endeleg er det nokon som har turt å stadfeste at det er greit. At vi kvinnfolk skal la menna vere i fred og ikkje sjå ned på dei av di dei bæsar litt for mykje. Tippar menna berre har gått og venta på dette.
Syt så mykje dåke vil, berre ikkje skuld på likestillinga!!

Det verste var at egoet fikk en knekk. Tja, det kan vel passe på einkvar. Ingen tvil om det! Kor mange er det som kan skilte med at dei ikkje har følt seg snurt av di egoet deira har blitt ramma?? I alle fall ikkje eg!
Det er nok ikkje noko nytt fenomen, nei..... Det vil nok heller aldri bli borte.
Eg har eigentleg eit par eksempel eg kunne ha nemnt her, men eg trur eg skal la vere. Det er ikkje alle som alltid klarar å sjå det humoristiske i alt.

Jaja...... Kvelden går mot natt og hovudet er litt sliten etter eit par timar med speling. Eg får vel heller kome sterkare attende i morgon!
Ha i alle fall ei god natt og sov godt!!

Hasta mañana! :=)

Time has brought us here to share ........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar