søndag 23. september 2012

Kul kveld:=)

Hahahahahaha....... Det er ein som sit her i sofaen og er suuuuuuuperfornærma på meg!! Thihihi........ Han er sjalu på George Clooney!!! Hallo?? Alle veit då vel at Clooney er unntaket??!!
Eg var så uheldig at eg sa at dersom George Clooney hadde stått på trappa her, ville eg glatt ha gått til sengs med han. :=)
Det nyttar ikkje kor mykje eg seier "Det er jo han Clooney! Hallo??!! Han er jo den hottaste av alle!"
Han er berre sur og svarar "Det spælla vel ikkje nåkka rolle om det e han Clooney eller ikkje! E det liksom grett å gjær sånt med han? Korsn bås sætt du mæ i då?" Hahaha........ Eg hadde vel ikkje reagert om han hadde kost seg med Sandra Bullock, så kvifor ikkje Clooney og meg?? Det kan eg ikkje forstå!! :=)
Etter ei litt lang og stille stund kjem det "Æ kan ikkje nedlægg at du vil gå tell sengs med han Clooney! E han så mykkje beire enn alle andre??" Jaaaaa!!

12-13 år har enno ikkje lært han at det er Jomfru Knutsen som talar og at ho faktisk er vakse opp i lag med ironigenerasjoen som dei så fint kallar det.
Som om Clooney ville få meg til å vibbe?? Nei, han er nok berre deileg på film!!
Eg trur eg skal leve resten av livet i sølibat.............
(Han er enno fornærma! "Om det kjæm aldri så mange kjendisa....så hoppa man ikkje tell sengs med de!" Hahahahaha....... Eg skal berre såååå ikkje avsløre at det berre er jåss.
no gler eg meg berre til at han les det eg har skrive her. Då kan vi sikkert snakke fornærma!!)

Jomfru Knutsen ler seg skakk i hel!!! Kven andre enn George Clooney dukka nett opp på reklame på tv?? "Sjå nu dær.... E han nu så hot som du skal ha det tell???" Fantastisk!!!

Sutrehøner........ I dag er det Liverpool-fansen (mange av dei) som er det. Liverpoll tapte kampen og det er sjølvsagt dommaren sin feil!! Heilt klart. :=)
Heldigvis kan ikkje trønderne seie det same i kveld. Heia Brann!! Dommaren dømte eindel imot Brann, så det er ingen som kan påstå at Brann fekk noko som helst hjelp til seieren. Så det er uvanleg stille på fotballfronten og Facebook når det kjem til trøndere på lista mi!! Herleg!! :=)
(Neida, hovmod er aldri bra, men eg trur eg må gni det inn...... Heia Brann!)

Nei, eg trur eg må la augene kvile litt på han Varg Veum no!! Han er jo ikkje så ille, han heller......
Så ha ein fortsatt fin kveld og ei god natt når den tid kjem! I morgon er det måndag og ny uke. Som dei seier........Ny uke, nye moglegheiter! :=)

Hasta mañana!

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar