søndag 2. september 2012

Den aktive "sløvedagen"........

Dette er ein dag der eg berre har slappa av og likevel fått gjort så mykje. Aktiv sløvedag, med andre ord!!

Eg vakna forholdsvis tidleg og såg at det var sol. Den første tanken var at dette måtte bli ein herleg dag.
Når ein drar på hytta første dagen i september, må eg ærleg innrømme at bikini ikkje er det første eg pakkar ned i lag med sakene mine. Denne gongen kunne eg godt gjort det.......... Det blei meir "man taver hva man haver", for soling var det einaste alternativet blandt mine små grå.
Det var berre å slengje seg ned på sofaen i nesten nettoen på verandaen og suge til seg kvar einaste stråle! Spesielt i og med ein visste så altfor godt at snart vil regne ause ned.

Sånn bunn i grunn, så føles det som at det er solinga som har vore dagen min...... Det føles rett og slett ut som at eg kun har slappa av. Sanninga er at eg har fått gjort riktig så mykje i dag. For å nemne noko, kan eg seie at eg faktisk har bada i sjøen!
Det må ha vore eit herleg syn dersom det var enkelte som fekk med seg sjølve "happeningen". Det er berre ein ting å seie og det er KALDT!! Det var rett og slett kaldt! Så stilen var vel ikkje heilt den beste og kanskje kom det nokre ukontrollerte lydar fram også. Eg veit ikkje heilt.........
Jaja.... Eg har i alle fall bada (heile meg!).
Etterpå spelte eg fotball med min kjære son før eg fann ut at det var på tide å grille. Så grilling blei det.....
Så er det jo viden kjent at kvinnfolk er god til å gjere fleire ting samtidig. Så medan eg grilla, plukka eg blåbær og tyttebær i tillegg til at eg klipte litt plen. (Maten blei ikkje svidd!) :=)

Det er verkeleg eit dårleg bærår! Sjølv blåbæra var vanskeleg å finne. Det har aldri vore noko problem før. Dessutan verkar det som at anna lyng veks blåbærlynga ihel. Der det før var mykje blåbær, er det no berre bjørnebær...... Jaja, eg fann no litt bær som eg har laga syltetøy av.

I ettermiddag fekk eg meg ein god trimtur sjølv om det var litt småyr i lufta. Eg kan ikkje akkurat påstå at det regnar, sjølv om andre kanskje ville gjort det. Dei få dråpene vi har hatt her i dag, klassifiserer ikkje til regn.

Då eg kom heim frå trimturen min, tenkte eg at eg skulle lage litt pannekaker. I og med at eg hadde nyrørt blåbær, så var det liksom berre "kakene" som mangla. Til stor lykke for ein liten gut........
Eigentleg var planen å lage pannekaker til dei søte tanteborna mine etterkvart som dei kom ut av fjorden. Det blei litt vanskeleg for eg har enno ikkje fått tak i dei...... Litt småbekymra i og med at bror min har heile fire born og klokka er blitt ganske seint no........
Det kan jo vere at dei har ombestemt seg og skal vere att der inne til i morgon.
Ser vi no ikkje båten i løpet av morgon formiddag, må eg vel etterlyse dei!! (Dei sit sikkert inne i ei varm og god hytte og stooooorkoser seg!!!! Det er nok berre tanta som er tantekosebabysjuk!)

I kveld har eg tenkt å bevege meg inn på eit tema som eg eigentleg heile tida har vore bestemt på at eg ikkje skal skrive om. Eit tema eg i utgongspunktet fryktar å skrive om........
Etter "terroren" i fjor, stod landet samla og mange gjekk foran og "sa" at namnet til gjerningsmannen ikkje skulle nemnast. Vi skulle ikkje gje han gleda av det. Det er akkurat det han vil. Han vil ha fokuset retta mot seg og sine haldningar til samfunnet.
Eg støtta eigentleg dei som meinte vi ikkje skulle seie namnet hans. Eg gjer det eigentleg enno, så eg har ein liten kamp pågåande med meg sjølv.
Eg har enno ikkje nemnt nanmnet, men det er likevel nett han eg skriv om no.

Kva skal eg eigentleg skrive om han og kvifor fryktar eg eigentleg å skrive om han? To, i utgongspunktet" enkle spørsmål, men dog likevel så vanskelege! Det er vanskeleg å finne dei rette orda......... Ord om eit tema som er så vanskeleg pga alle dei som er berørte av saka.
Det handlar om å finne ord som gjer at dei som har det vanskeleg etter hendinga ikkje skal bli provosert. Ord som gjer at du som lesar skjønner kva eg meiner om det heile om eg slår ein liten fleip.... At eg ikkje blir misoppfatta.
Temaet er liksom så seriøst og det er så utroleg mange som har sterke meiningar om saka. Det gjer det vansklegare. Sjølv om det berre er ord........

At eg fryktar å skrive om han......... Ja, det gjer eg!! Eg veit ikkje korleis det ligg an med saka om han skal få ha pc eller ikkje. I kva grad han har tilgang til Internett eller ikkje, er eg heilt blank på. Det gjer at eg fryktar at han skal google eit eller anna som gjer at han hamnar inne på sida mi. Eg har open profil, så han vil med eingong sjå kven eg er og kor eg lev.
Nett slike ting gjer at eg vegrar meg for å kalle han for ein galning. Ein psyko. Ein forstyrra mann som må sperrast inne på livstid! Ein jævla idiot! (Unnskuld språket!)
Det er ingen som likar å bli kalla for slikt. Sånn bunn i grunn er eg vel opplært at det er vanleg folkeskikk at ein ikkje kallar andre for slikt. Det er stygt å kalle!
Eg skal la vere å kalle han for det, men inni hovudet mitt svirrer det mange små grå som tenker at det er nettopp det han er.

No trur eg nok at han forventar at vi er mange som meiner det og at han eigentleg ikkje bryr seg så hardt. Likevel..... Denne mannen har mange sympatisører. Det er nok mange som har lyst til å sosialisere seg med denne mannen. Det til trass for at dei eigentleg tar avstand frå det han gjorde.

Kven er eg som kan påstå at haldningane hans er fundamentalt feile? Vi lev i ei verd der ytringsfridomen står sterkt og vi har alle retten til å ha våre eigne meininger. Har eg så mykje betre verdiar og meiningar enn han og alle dei som sympatiserer med han og som ønsker å lære meir om hans syn på livet?
Eg vil sjølvsagt hardnakka svare JA!! Ingen tvil om det, liksom...... Eg kan likevel ikkje sitje der på min høge hest og tru at eg er så forbanna god at eg kan bestemme kva som er det beste.
Ideologien hans er ikkje noko nytt for denne verda. Det er mange som har hatt dette synet i plenty av år attende i tid. Vi har fleire delar av verda som er påverka av dette.
Poenget er jo at vi som bur i akkurat dette landet har vore skjerma for det. Det er nytt for oss. Vi har visst om at det fins folk med tankar som vi definerer som sjuke, men vi har aldri følt oss trua av dei.

Kvifor ønsker folk å sosialisere seg med han?? Det er eit spørsmål eg syns eg håplaust å finne eit logisk svar på.
Til alle tider har det eksistert menneske som har sendt straffangar brev og til og med besøkt dei i fengsel, berre av di det er noko ved fangane som treff dei.
Det er uendeleg mange eksempel på at kvinner skriv til farlege menn at dei elskar dei og ønsker seg eit liv i lag med dei. Dei er til og med villige til å vente alle dei åra det tar før straffen er sona.
Av og til tenker eg at det må vere noko alvorleg galt med dei. At dei har eit stort problem og har skjønnt lite av livet.
Ja, det er det eg har tenkt! Så var det den der høge hesten då........ Det er jo den eg skal vere forsiktig med å ri på. Eg skal jo ikkje dømme andre..... .... Det er likevel ganske uforståeleg at denne problemstillinga faktisk eksisterer. Framleis er det MITT hovud eg snakkar ut ifrå og MIN høge hest!

Eg trur nok dei aller fleste i denne verda (av dei som fekk med seg det som skjedde) fekk sjokk då det gjekk opp for dei kva grufulle handlingar som var blitt gjennomført. Ja, også dei som sympatiserer med synet hans.
Fleire av dei gjekk ut i media og tok avstand frå handlingane hans. Heldigvis!! Likevel er det skremmande å vite at det er så mange som er einige i ideologien til denne "farlege" mannen.
Vi veit jo også at det er andre som har blitt avspora frå å gjere det same i andre land det siste året. Seinast no i vår, viss det ikkje var på sommaren. (Jomfru Knutsen slit litt med tidsbegrep. Det blir verre jo eldre ho blir.....)

All den merksemnda mannen har fått, spesielt no under rettsaka, har sørga for at han har fått fleire sympatisørar. Eg vel i alle høve å tru det. Det føles liksom litt nærliggjande å tru det.
Mannen skulle ha fått null merksemd. Det hadde vore det beste! (Sjølv om eg skjønner den biten om at vi er ein rettsstat og at det er viktig at vi følgjer den slik vi skal.......)

I tillegg syns eg det er tragisk at ein kan idømmast 21 år. Kvifor er det ikkje 21 år for kvart menneske som blei tatt av dage??

Nei, det var vel kanskje ei lita avsporing frå det som har med sympatisørar og dei som ønsker å sosialisere seg med han.......... Det er berre det at det dukkar så mange tankar opp på ein og same gong og då er det vanskeleg å halde ein raud tråd. Det blir som det blir.........

Uansett.......... Dei som vil sosialisere seg med han......Kva er det eigentleg dei ser for seg?? At dei skal få æra av å bruke av tida hans og kanskje få slå av nokre små fleiper saman med han? Få nokre gode tips til fengselsvitsar f.eks....? Kanskje dei kan få han til å le litt!!!
Dei trur kanskje at han innerst inne er ein varm og omgjengeleg person og at det er difor at han ønsker å spreie ideologien sin til alle. Han gjer av seg sjølv i kjærleik, liksom!!
Som ein prest velsignar sine undersåtter, gjer han vel dei si ideologiske velsigning og ei lykkeønskning om eit fantastisk liv berre dei vender "fornuften" om til same "fornuft" som han.
Han vil sikkert gladeleg vere ein Jesus for sine disiplar............. Berre at Jesus kun hadde tolv av dei. Ideelt ser han vel for seg eit av hav av lærlingar. (Der kom hesten inn i biletet att..........)

Viss ein tar avstand frå handlingane hans, korleis kan ein då ønske å sosialisere seg med han?? Det er noko som er riv ruskande galt! Skjønner dei ikkje at det er ein samanheng mellom ideologien hans og det at han faktisk gjennomførte det han gjorde? At dei faktisk kan ende opp med å bli totalt hjernevaska og bli ein samfunnstrussel på lik line med han??

Eg kjenner eg blir svett opptil fleire stader....... Eg blir liksom så irritert og så skal eg samtidig halde hovudet klårt og ikkje la meg påverke av kva eg EIGENTLEG tenker. Det er søren meg ikkje lett! Eg har lyst til å bruke ganske sterke ord, men så var det jo det med at eg eigentleg er litt "småredd" for å skrive noko som helst av dette!
Kanskje eg skulle tømme eit heilt beger med jordbærdram slik at eg i "verste fall" blir tøff i trynet og prater rett  frå levra. Det kunne jo sjølvsagt bli litt artig, men då trur eg kanskje eg ville ha bytta adresse.
Sånn eigentleg syns eg ikkje at eg har skrive noko "farleg" i dag. Eg meiner sjølv eg klarte å unngå det.
Faren er jo sjølvsagt at dette berre blei mykje pjatt og ikkje utfordrar tankegangen til nokon som helst.

Eg hadde i utgongspunktet tenkt å skrive alt i ein humoristisk tone, men etter å ha tenkt lenge og vel, var det einaste eg klarte å tenke "Korleis i svarten skal eg få det til med eit tema som omhandlar han?". Då ville det nok blitt vanskeleg å unngå at enkelte ville følt seg tråkka på tærne, sjølv om det ganske så sikkert ikkje hadde vore intensjonen min.......

Nei......Eg er ikkje så god på "denne mannen". Han er så altfor ............ Eg veit ikkje heilt kva ord eg skal bruke.
Han treff i alle fall så mange "nerver" i systemet at det berre blir som eit lite kaos.

Jaja...... Ha ein fortsatt fin sundagskveld. I morgon er det ei ny uke og vi får satse på at den blir bra! :=)

Ha ei god natt og sov godt!! <3 p="p">
Hatsa mañana!!

SDSIM
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar