tirsdag 11. september 2012

Beskylder Irans fiender for å ha stjålet regnet. Slå den, du!!! Her er det snakk om evner på høgt plan! :=) 
Viss det går an å stjele regnet, ja, då skal eg vitterleg lage eit bestillingsverk på det for dei neste to månadane. Sjølv om vi har hatt fine dagar i det siste, er eg ikkje redd for at regnet skal utebli.

Det er tørke i Iran og Ahmadinejad meiner at nokon på eitt eller anna vis klarer å øydeleggje regnskyane før dei når fram til landet (i rein trollskap, liksom). Likevel er presidenten klar på at dette er ein krig han/dei skal vinne.........
Seinast i fjor blei også Vesten skulda for tørken. Intet nytt med andre ord.

Korleis kan ein vere så "glup" og samtidig klare å bli president?? Hmmm...........

En bitte-liten g-streng, nesten som en skolisse. Edna Falao er 73 år, men føler seg ikkje så gamal som det. Viss ho får lyst til å føle seg fin, tar ho på seg nett dette antrekket!
73 år, g-streng, fin.......... Tja, det vel som alltid auget som ser. Viss eg ikkje tar heilt feil, er g-streng ganske så "ut" i dagens samfunn. Det er vel meir rett å seie at det fins andre modellar som er litt meir populære enn g-strengen?!! Jaja..........
Falao er sikkert ikkje blant dei verste!

Kirsten Bråthen på 67 år, sagger!! Når ein nærmer seg søtti år og sagger???? I mitt hovud er det alt anna enn rett.
No skal det sjølvsagt presiserast at eg personleg syns at sagging ser superteit ut. Eg har ikkje til dags dato sett eit einaste menneske som ser fin eller stilig ut i ei saggebukse. Kanskje av di mange har misforstått sagging og tar ei bukse som ikkje er meint til sagging, men brukar den til å sagge i. Det er begrensa kor interessant det er å sjå halve ræva til saggarane og kva farge dei har på boxeren sin. Det hender ein kan miste apetitten av slikt.
Skal ein sagge, så må ein i det minste klare å skaffe seg ei saggebukse som eignar seg til den bruken.
Enkelte ser frykteleg hjulbeinte ut der dei kjem gåande av di dei må gå på ein spesiell måte så ikkje bukse faktisk faller av dei!
Nesten 70 og sagger....... Det treng eg vel eigentleg ikkje å kommentere.

No er det slik at jakten på ungdomskjelda meir og meir gjer seg gjeldande. Koneklubben som var så populær før, er no blitt bytta ut med Botox. Eg er sikker på at dei fleste kjenner (eller kjenner nokon som kjenner) nokon som har Botox i kroppen sin.
Tenk berre på alle dei leppene som sprader i blada for tida. Det er nesten meir vanleg å sjå desse oppsvulma leppene enn å ikkje gjere det.
Eg trur eg skal ligge unna Botox.......... Jomfru Knutsen og Botox er nok ingen god kombinasjon. Ein får vere som ein er. Då er det i alle høve ekte vare!!

Passasjerer angrepet av flått under flytur. Ryanair står i fare for å bli saksøkt........
Eg ser ikkje heilt logikken. Passasjerane det gjeld, måtte behandlast for kløe og "sårhet".
Dei meiner plagane må stamme frå flåttbitt.
Hmm....... No veit eg korleis ein flått ser ut! Årsaka til det er at eg sjølv har blitt bitt av ein flått.
Når flåtten først bit, er det jo ikkje slik at den slepp taket. Dersom passasjerane hadde blitt bitt av flått....... kor hadde då flåtten tatt vegen?? Den suger blod og blir større og større. Det er ikkje berre, berre å få den bort. Den sit godt fast!!
Sjølv tydde eg til insektsdrepande middel fø ei venninne brukte ein pinsett av alle ting for å få den laus og av.
Viss det no er slik at passasjerande faktisk blei bitt av flått........ Korleis kan flyselskapet gardere seg om at ingen flått hamnar ombord i flyet?? Flåtten kan jo kome med inn i lag med kven som helst.
Eg tvilar på at flyet har sitt eige flått-reir ombord.
Nie, det må vere ei anna årsak til kløen!! (Eg har jo eit forslag på kva kløen kan kome av, men eg skal vere snill og ikkje komentere det!) :=)

Er du som de fleste, en "lurker" på Facebook? Lurker??? Det var då valdsamt kor fin dei er i språket......... Eg skal ikkje definere kva ordet er ut i frå mitt hovud, for det vil sikkert hamne så langt unna sanninga som det går an å kome. (Ellers ville det vel ha truffe heilt perfekt?!)
Lurker........ Eg håper eg ikkje er ein lurker!!! Det høyres så teit ut!

Vel, eg ombestemmer meg når det gjeld det siste. Det er nok ein lurker eg er. Eg er berre sporadisk inne og sjekkar. To minutt i slengen...........ofte mindre.
Eg kjenner dei som får abstinensar om dei skal bort ei helg og dei veit dei skal vere utan nettverk.
Utan nettverk.......... Det er jo eigentleg berre deileg, det, innimellom. Berre så synd at det skal eindel til for å vere utan nettverk. Dagens mobiltelefonar er utstyrt med Internett og det er velslik at det er dekning dei aller fleste stadane. (Nokre unntak fins nok, men.........)
Dette gjeld nok meg sjølv også!! Eg er ikkje avhengig av å ha nettverk med meg, men det plagar meg absolutt ikkje at eg har det og eg brukar det jamnleg. Til dømes av di eg er inne her. Eg treng jo nettverk for å skrive......... Akkurat det er vel ikkje den verste årsaka ein kan ha. Verre er det vel om ein er avhengig for å kunne chatte og vere tilgjengeleg til einkvar tid.
Eg trur det er viktig at vi ein gong i blant kan vere heilt "borte" frå denne verda. 

Det er kanskje ikkje så bra å vere lurker?? Sporadisk innom......... Då er ein kanskje oftare innom og ein får kanskje eit auka behov for å ha tilgong til nett? Eg veit ikkje....... Eg klarar meg godt utan nett! Eg er ikkje avhengig, men eg har mine årsaker til at eg drar nettet med meg rundt.
Det er kanskje hakket verre for dei som sit oppe halve natta og ikkje klarer å logge seg av........ (Det siste gjeldsjølvsagt ikkje alle som er pålogga nattestid, men det fins mange av dei).

Mora får vite alt.......Hahahahaha.......No snakkar vi om meg sjølv!!! Med ein son som ikkje klarar å halde noko hemmeleg for mora, så......... Vel, han kan veldig godt halde på ein hemmelegheit viss det er snakk om kva ein skal få i gåve og liknande. I tillegg seier han ingenting om mora seier at han ikkje skal seie noko om det til andre. Faren, derimot..............slit!! Hahaha........ Som sagt: mora får vite alt!
Det siste eksempelet på det er frå i kveld. Fotball på tv, landskamp, veldig viktig happening!!! Mora er ikkje heime og faren seier at han skal få sjå litt på kampen, MEN berre dersom mora ikkje får vite noko som helst om at han får vere oppe på overtid.
Avtalen var at om mora kom heim, skulle han skunde seg i seng og late som om at han sov og hadde lagt seg som ein heilt vanleg kveld.
Joda.......... Idèen var sikkert god, den, bortsett frå at det første mora høyrer i det ho opnar ytterdøra er: "Mamma, mamma, han pappa lar mæ ikkje få se fotballkampen bærre førdi han sei at no kjæm ho mamma, no kjæm ho mamma. Skynd dæ i seng! Æ har sett på den heilt tell nu, men så jaga pappa mæ i seng når han skjønnte at du kom!"
Stille kom det ifrå stova: "Du sku ju ikkje sei nåkka om det tell mor di." Hahaha............
Dette var berre eitt eksempel, men det er som regel tilfelle i det meste.
Endå godt han er lojal mot mora!! Thihihi........

Ha ein fortsatt fin tysdag!! Sov godt når natta inntrer. :=)

Hasta luego! :=)

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar