torsdag 27. september 2012

Husarbeid er visst eit heitt tema for tida. Heile denne uka har det vore fokusert på husarbeid og skilsmisse.
Det siste er at staten må gå inn og gje fradrag for hushjelp for å berge fleire ekteskap. Dersom fleire tar seg hushjelp, vil fleire også få husro!! Jaujau...... Ekteskapa er vel statens ansvar, det også???
Hallo.......Viss rotet verkeleg er så ille, viss det verkeleg er snakk om ein stovegris, ja då vil eg vel tru at ein var klar over det innan ein gifta seg?? Endrar folk seg så dyrisk berre dei blir gift? Ein skulle ikkje tru det. Viss det er rotet som avgjer.....?
Snart skal vel staten pisse for oss også?! Hahahahahaha........... Det ville vore lykke!!! All den unødvendige tida som går bort i å vere tissetrengt.
Det er lite kult å oppdage at ein må på do og det har akkurat ringt inn. Du veit at det er minst 90 minuttar til første sjanse byr seg. (Om du ikkje har inspeksjon, for då kan fort 90 bli til 205 minutt - om alt klaffar feil for deg, vel og merke).
Å vere lærar inneberer faktisk den problemstillinga. Den er høgaktuell. Ein kan ikkje berre forlate ein klasse for å gjere sitt fornødne. Ergo er det berre å knipe att!!
Så viss staten tar over......Gjerne for meg. Så lite er det som skal til for å skape litt lykke!! :=)

Nei, anten er det "løvv" eller så er det ikkje "løvv" ("love" for dei som ikkje er på stasjon i dag.....).

Hva står det i karakterboken til Bård Tufte? Hmm.....Gudane veit. Faktisk så trur eg vi kan vere førebudd på det meste. Eg trur at uansett kva det står, så får ingen sjokk. For det er slik det er blitt i dagens samfunn. Vi er blitt så vane med så mykje, at det skal ein del til for å sjokkere.
Han Bård var kanskje ein grei og roleg elev, han??
Det er berre ein ting å gjere om nysgjerrigheita skal få si tilfredsstilling. Eg opnar saka........

Norsk sidemål: LG. Han der lærern vi hadde var så dårlig........Klart det. Hahahaha......... Mange som er god på den unnskuldninga når dei ikkje får det heilt til , eller berre gjer blaffen. (Læraren prøvde å motivere han med at dersom han ikkje skjerpa seg i faget, ville han ikkje få jobb på Fylkeskommunen!! Hahahaha.......Skikkeleg motivasjon!)
Anmerkninger og meldinger: Denne våren har Bård virket trøtt og uopplagt. Slå den, du!! Dagens ungdom er jo så kvikk på morgonen. Fins ingen av dei som er trøytt og uopplagt. Facebook, mobil osv osv blir lagt bort for kvelden seinast klokka ti. Før elleve søv dei........Snork!!
(Vel, Bård var kanskje hakket verre. Han la seg ned på golvet og sovna ved nokre høve......)
Bård sjølv seier det er av di han aldri burde vore på skulen, men heller drive ein kiosk.
En dag da Bård kom for seint inn i klasserommet, hadde han tatt på seg fru Holgersens kåpe og hatt. Han hadde stjelt det fra en knagg i gangen. Da han kom inn gikk han rett til tavlen og begynte å skrive der. Kul fyr, med andre ord!

Det beste er likevel noko han sjølv fortel frå si ungdomstid. Han var i Kragerø og hadde bikkja si med seg. Han skulle på restaurant og prøvde å få ta bikkja med seg inn. Alle tre restaurantane sa at det ikkje var lov. Tredje gongen laug han og sa at det var blindehunden hans. Noko som utarta seg til å bli ganske pinleg etterkvart som han måtte spele på det inni restauranten osv..... Han kunne jo ikkje lese menyen eller noko sjølv.
Til slutt blei han gjennomskoda av ein mann som sat der. Han reiste seg og sa "Du er faen med ikke blind!!"
Ganske pinleg å då måtte innrøme det og så få ræva med seg i ei forrykande fart ut av lokalet. Vel i vissa om at alle fekk med seg kva han hadde gjort!!  :=)

Om du gifter deg med Gigi får du 360 millioner med på "kjøpet". Snakk om å ha desperat pappa!! I følge nettet er det ei lita hake ved det heile. (Det er alltid det). Gigi er allereie gift med eit kvinnfolk. At Gigi er lesbisk, er ikkje akseptert av faren. Han er faktisk så stor motstandar av det at han er villig til å betale den mannen som klarer å få ho gift med seg 360 millioner kroner.
Det spelr ingen rolle kva bakgrunn du har, berre deu er snill med Gigi.
Det einaste kravet er at du er mann. Sååååååå, "pretty desperate"...........

Jaja....Desperat eller ikkje,.......No er det lalletid! Så ha ei god natt. Ein dag att så er det helg på ny. :=)

Hasta luego!

IWALY!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar