onsdag 26. september 2012

I dag har eg vore på ein kjempefin tur opp til Kjøpsvikvannet. Det var flott vèr, men eg rakk ikkje sola oppe ved vannet. Eg hadde håpa på det, slik at eg kunne få tatt litt fine haustbilete.
Det er ganske herleg å kome opp dit til blikkstille vann og einaste lyden er ein fisk som hoppar ein einaste gong.
Litt sjokolade, vann og ro.........Rett og slett herleg!!

Bonde: Utrolig vondt og trist. Ungdommer drepte kalv med kniv og spiste den på nachspiel. Vi snakkar Noreg og Jørpeland. Enkelte ungdomar mistar vitet når dei drikk og det har tydlegvis nokre ungdomar frå Jørpeland gjort for eit par uker sidan. Kanskje litt frekt å berre stjele ein kalv.......... Det er vel hakket verre når ein istadenfor å levere den attende, tar ein kniv og skjærer den opp for at dei skal kunne kose seg med god mat på eit nachspiel.
Spørs kor artig det er når dagen derpå kjem og ein skal ta innover seg kva ein faktisk har gjort. (Det kan jo hende dei vaknar og tenker attende på det dei gjorde og berre syns det var kult...?!)

Det dei gjorde, var at dei parterte kalven og tok med seg beina. Resten av kalven (hovudet og kroppen) lot dei berre ligge att. Då kan ein vel sjølv tenke seg korleis det såg ut etter dei!!
Om det fins noko trøyst i det heile (neppe), så smakte ikkje kjøttet særleg bra.

Jeg roter, hun rydder! Jaaaaaaaa!! Det stemmer, det..............:=)  Det er tydlegvis ein normal setting, så då skal ein vel ikkje klage på det heller??!

Flere syke av mystisk virus....... Det er eit coronavirus. Corona??? Hmm.......Då kjem det vel av at vi drikk for mykje vin??? Hahaha............ Neida, ein skal vel ikkje spøke med slikt.
Uansett, vi snakkar ikkje Noreg, men det kan likevel bli ein realitet. Det er kanskje rettare å seie at det berre er eit tidspørsmål før det faktisk er det. Det blei først oppdaga i Storbritannia. No har dei påvist det i Danmark også. Begge to er ganske nært oss geografisk, så det vil i alle fall vere nærliggande å tru at dette viruset som er i same kategorien som SARS-viruset også vil kome hit. Eg håpar sjølvsagt på det motsatte!!

Måtte fortelle om avføring, sexlivet og hvor ofte hun gikk i kirken. Da «Fia» nektet å svare, mistet hun jobben som kokk i Umeå kommune, ifølge Vg nett. Det er ikkje første gongen at avisa skriv om folk som har fått usaklege oppsigelsar. Det er mange rare historiar ute og går, den eine verre enn den andre.
Denne gongen er det i Umeå......
Dei ansatte i kommunen tvinges til å ta pesonlegheitstestar. I den samanhengen er det fleire som har mista jobben sin. Det er ikkje berre snakk om "Fia". Ho er berre brukt som eksempel.
Litt rystande i grunn!

Ateist, kristen eller muslim........Kva har det med saka å gjere? Lærere måtte svare på 700 spørsmål. 700!!! Sjukt........ Private og krenkande spørsmål!

Eg må innrømme at eg flirer litt når eg ser enkelte eksempel på kva spørsmål dei må svare på!! Ler av di det er teit.......ikkje av di det er artig.
Punktene under har eg henta på nettet. Det er berre nokre få av spørsmåla.
 1) Klarer du av- og påkledning?
2) Klarer du står fremoverbøyd over vask?
3) Hvor ofte tar du deg en blund?
4) Er du morgen- eller kveldsmenneske?
5)  Er du fornøyd med ditt sexliv?
6) Plages du av endret seksuell lyst?
7)  Plages du av værfølsomhet?
8) Har du det siste året hatt en konflikt med din partner?
9) Har du det siste året hatt svekket økonomi?


Sukk......... Kva ein kommuneadministrasjon skal med desse opplysningane?? Har dei tørna heilt??
I tillegg settes dei opp til ein time med ein psykolog.
Her er det snakk om full kontroll!!!!
Det måtte vere eg som fekk desse spørsmåla. Eg skulle ikkje berre svart "det har du ikkje noko med". Nei, eg veit nøyaktig kva eg ville gjort og enkelte ville ikkje ha følt seg høg i hatten etterpå!!

Heldigvis bur vi i Noreg. Eg er ganske sikker på at kommunen hadde trødd i salaten om dei hadde prøvd seg. Det ville blitt mange rettsaker i alle høve. Usaklege oppsigelsar fører som regel til det.

10)  Spiser du usunn mat?
11) Kan du gråte når du er lei deg?
12) Går du i kirken eller deltar i religiøse møter?
13) Kan du le helhjertet?
14) Har du en følelse av at noe fælt kommer til å skje?

Ja, du ser vel teikninga?????????

Så med desse punktene skal eg seie god natt!! Sov godt uavhengig om du kan le heilhjarta eller ikkje. Har du ein følelse av at noko galt kan kome til å skje? Ja, då er det vel best å vere kvil!!
Nei...........Sov godt!!
For dei som enno skal vere oppe i nokre timar - ha ein fortsatt fin "kveld"!

Hasta mañana!

IWALY!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar