onsdag 19. september 2012

Svimmel?? Neida......

 
Eg har ikkje vore i form på ei stund no (ikkje verre enn influensa) og følgeleg er ein litt meir slakk ein vanleg. Eg sovna tidleg på morgonen i dag. Veggane på soverommet var blå!! Halv tolv vakna eg og veggane var (som du ser på biletet) kvite!!
Eg trudde først det var feberen som spelte meg eit puss, men skjønna etterkvart at veggane faktisk var kvite. (Eg har sånn der magisk hus der ting skjer heilt av seg sjølv). Vel, det er ikkje eg som har mala i søvne i alle fall...........
Ikkje det at det er så stort at veggane har skifta farge, sjølv om det er deileg med noko nytt. Det er berre det at eg lurar på korleis det er mogleg å lyse opp rommet og romstrere mykje utan at eg så mykje som registrerer ein einaste lyd? Eg vakna til ingen gardinar, vindauget på vidt gap og kvite veggar.
Det kan vel kallast å vere slagen............Det var berre å forflytte seg til sofaen.
 
Sånn eigentleg trur eg det er ein som faktisk syns det er ganske bra at eg oppdaga det med ein gong. Det har seg nemleg sånn at eg ikkje akkurat er av dei kjappaste til å sjå endringar som er gjort. Eg lev mest i mi eiga lille verd. Eg har då vel ikkje hovud til å gå rundt å registrere slikt.
Eg har blitt flinkare. Før var elevane imponert om eg oppdaga at dei hadde klipt seg før det gjekk tre uker. Det kunne faktisk vere så ille eksempel som at ein elev hadde langt hår og troppa opp dagen etterpå med heilt kort hår. Tre uker etter kunne eg spørre: Har du klipt deg? Som sagt, eg har blitt flinkare. Så no prøver eg å vere obs på akkurat slike ting som det.
 
Det var eitt eksempel. Likevel, det har jo ikkje akkurat så mykje med endringar i huset å gjere. Det har neste eksempel.
Det har seg slik at bærebjelken på soverommet heile tida har vore trekvit. (I alle fall om eg skal tru på det mannen i huset seier).Du ser bærebjelken midt på biletet over. Den var sånn høveleg lik listene som er rundt døra. I går spurte han meg om eg la merke til noko....... Eg stirra og stirra rundt meg.
Eg svara sjølvsagt nei. Det var jo ingen endringar!!
Ser du ikkje at bærebjelken er kvit???  Kva skulle eg svare til det liksom? Jo, kva er så rart med det? Eg skjønte jo ikkje spørsmålet eingong.
Den var jo trekvit, for svarte! Ser du ikkje at æ har mala den? E du heilt blind? Hmm.........Svar skuldig..........
Er den mala? Har den ikkje vore kvit heile tida? Eg har vel ikkje snøring på at den ikkje var kvit.
Sååååå...... Eg har søve der inne mesteparten av tida i over 12 år no og veit faktisk ikkje kva farge det har vore. Sjølv ikkje etter å ha blitt fortalt at det er mala kan eg hugse det.......
Så sånn sett syns han det er ganske bra at eg har registrert at veggane ikkje er blå lenger.
Hmm........Kanskje litt drastisk å tru at eg ikkje skal få ei slik endring med meg og det sjølv om eg kan vere svimmel på det området. Så det så!! Eg er berre lite interessert. :=)
 
Sonen min har eg knapt nok sett i dag. Han kom heim frå skulen, slengte sekken i gangen og ropte berre "Æ har ikkje lekse å gjær i dag. Æ fær ut."  Uten klokke på armen........... Kvart på seks stod han der att. Eg måtte jo sjølvsagt spørre om ikkje han hadde tenkt å spise middag? Det var liksom ei ny oppleving at han ikkje var tilstades til døgerets fellesmåltid. "Nei, du skjønna.....Æ må få en boks med kylling med mæ. Æ ska på bana å træn!"  Så der dro han avgarde med boksen og ballen under armane. Mora fekk ikkje så mykje som ein klem! OG utan klokke på armen igjen! Så då spørs det........ Kva tid ser eg han neste gong?
Han må vere inne klokka sju, men utan klokke på seg og niste med (som sørger for at han ikkje blir svolten).........tja, det er lov til å håpe!!
 
Solgte kommunens skrapmetall. Brukte pengene på fest. Ja, så rett dei gjorde. Håper det blei ein bra fest!! :=)
 
Opposisjonen krever kloakksvar fra byråden. Som ein spør får ein svar. Kva er eit kloakksvar?? Tja, det kan vere så mangt.
1) Eit svar som stinker?
2) Eit dårleg svar?
3) Eit svar som rydder opp i bruduljer?
4) God dag mann økseskaft??? (Litt dumt å kreve eit slikt svar, kanskje......)
Eller så kjedeleg som sanninga........... Eit svar som omhandlar det lite innbydande temaet som kloakk.
(Sukk........ Det var berre så teit ordspel å ha i ei overskrift at eg måtte kommentere det).
 
Svensk fjell på erkenorsk melkepakke. Stå på!! I heile vår og sommar har det stått på lettmjølka at du kjøper mjølk frå ein eller anna bonde i nærleiken av der du bur.
No er det ikkje lettmjølka som er pryda med det svenske fjellet. Likevel, det er vel dei same som produserer dei ulike mjølketypane? Feit mjølk eller mindre feit mjølk........
Kanskje det heile er lite gjennomtenkt??
For all del. Søta bror må berre vere på mjølka for min del.
 
Her er 16 høstkåper du vil elske. Eg ser bilete av fire stykk utan at eg treng å opne saka for å sjå kåpene. Eg likar ingen av dei!! Så å elske........Neppe!
 
Er du stjernestylisten Charlotte leter etter? Ja, klart det! Come and get me!! Eg, med min smekre kropp, er sjølvsagt stjernestylist! Hahahahaha............Nei, eg har ikkje drukke!!
Eg klarar no å dasje på litt kajal på augevippene om eg vil..... Det klassifiserer vel til stjerne, det?? (Berre i motsatt ende!) :=)  Charlotte Torstvedt........ Di nye stjerne bur i Kjøpsvik!!!  LOL!
 
Bare 100 voksne torsk igjen i Nordsjøen!! Ja, for det er å lite på?! Britiske forskarar slår alarm. Eg vil tru dei bommar litt. Min båt er så liten og havet så stort........
Då kan vi vel forvente at kvotene går ned om litt?! Vi får håpe dei overlever alle 100!! :=)
 
Om ein les saka litt meir nøye, så er vaksne torsk det same som det vi kallar for eldre folk. (Hadde tenkt å skrive oldingar, men i fare for å virke arrogant......). Det er snakk om dei som har led livet og ikkje har så lenge att (sjølv om dei enno er frisk).
 
Nei, jaggu nærmar ikkje klokka seg sju. Tru om det snart går opp ei dør i yttergongen? Tvilar.....
Eg tippar at det mørknar ganske fort no..... Då kan eg i same augeblikk tippe (konstantere) at det er noko som heiter refleks og at den etter all sannsynlegheit ikkje heng på kleda til ein gut som er på bana.
What a wonderful life!! :=)
 
Jaja........calm as always.......Ha ein kjempefin kveld!! (Lurar på om jordbærdram funker mot feber og "hauverk"??) :=)
 
Bueno noches y hasta mañana!!
 
IWALY
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar