mandag 3. september 2012

Jeg har et alkoholproblem, er HIV-positiv og bipolar. Huffdå! Det var då verkeleg eit samansurium av herlegheiter i ein manns liv. Det er Brede Bøe som uttalar seg. Visstnok skal det vere meint som ei støtte til ein politisk motstandar.
Underoverskriftene er som følgande: "Vraker stortingsmann etter hasjrøyking" og "Uakseptabelt å bruke narkotika når du sitter på Stortinget".

Eg vil tru det er greit å forsvare slikt og stille seg bak stortingsrepresentanten dersom det hadde vore snakk om noko som har skjedd langt attende i tid.
Etter å ha lest artikkelen, meiner eg at nominasjonskomiteen frå Austfold gjer rett når dei ikkje ønsker han for dei neste fire åra på Stortinget.
Saka er faktisk slik at Forsberg, som mannen heiter, har røykt cannabis for seinast tre uker sidan.
Det byrja for år attende i tid i tilknytting til ei livskrise og når livet buttar han imot, brukar han å få tilbakefall og bruker cannabis som "hjelp".

Å bruke cannabis er ulovleg etter norsk lov. Så kan dei som har sterke meiningar om lovlegheita meine sitt. Uansett, som stortingspolitikar kan ein ikkje vite at det er ulovleg og likevel bruke det. Ei prinsippsak , liksom!
Så då hjelp det ikkje at han legg seg flat og lovar at det ikkje skal gjenta seg. Nulltoleranse for slikt..... Korleis kan vi eller få tiltru til systemet??

Eg spurte nett ei venninne om kva ho synes om at stortingspolitikarar brukar cannabis? Ho svara dette: "Joda, det er vel egentlig en god idè. Då kan det jo hend at det kom fram nåkka meir fornutig enn det som har vært tell no!!"  Hahahahaha................ Det var kanskje ikkje ein så dum idè likevel??
(No skal det seiast at ho også tar avstand frå det.......Med andre ord fleip.) :=)

Som Helga Pedersen seier: Han har begått et alvorlig tillitsbrudd. Det er uakseptabelt at vi som sitter på Stortinget og lager landets lover, bryter de samme lovene. Eg stiller meg bak den.

Det artigaste med denne saka er faktisk at han eg deler hus med kun hadde eit einaste spørsmål om saka. "Ka betyr bipolar?" Hahahaha............ Så interessert var han i sakas kjerne!! Brede Bøe sin "svake" sider var av større interesse!! Bipolar???? Joda.........

No er eg ikkje heilt sikker på kva det skal vere godt for at Mr. Bøe står fram og seier at han drikk mykje, har HIV og er manisk depressiv, liksom. Hadde han vore stortingsrepresentant eller anna storheit innan politikken, kunne eg ha skjønna det. At ei revystjerne har dei lidelsane hjelper ikkje akkurat ein stortingsrepresentant.

Akkurat no "dreit eg meg visstnok sjølv på leggen"!!! Og det så det monnar............ Det stoppar med kvart litt opp blant dei små grå. Det er ikkje alltid dei syns det er så artig å svømme rundt der oppe og då tar dei seg gjerne nokre små pausar. Ingen tvil om at dei nettopp gjorde det.
Det er ikkje sikkert at alle som les dette skjønnar kva eg meiner no, men fleire av dykk har vel allereie tenkt tanken at "no bommar du fælt, Jomfru Knutsen!!"
Brede Bøe er jo for svarten vara til Stortinget for partiet Høgre.

Hmm...... No slit eg! Heile tankerekka mi blei plutseleg broten ned og så blei det berre svart her oppe. Hjeeeeeelp......... Viss det ikkje blir noko hjerneaktivitet her snart, må eg vel berre skifte sak. Eg blei liksom svar skuldig!!! Jajaja.........Shit happens all the time. Thank you Lord for not making me perfect!!

Det føltes ganskle lettkledd, men det var artig. Kanskje det føltes slik nettopp av di det faktisk var det som var tilfellet. Lettkledd. Ei blondetruse som ikkje skjuler så mykje som einaste plagg på kroppen vil vel klassifiserast som lettkledd??!!

Tre damer, 633 meter over havet. Einaste forskjellen på dei tre er fargen på trusa. (Kanskje dei har kjøpt inn truser akkurat til denne "happeningen"? Likskap........."brorskap"??!

Eg veit ikkje heilt?? Eg trur kanskje ikkje eg føler behov for å "klatre" over seks hundre meter opp i lufta for å kle meg naken. Eg ser ei løysing på det som er mykje lettare og hundre gongar meir triveleg!!! Hahahaha.........

Først trudde eg faktisk at det handla om at dei skulle kaste seg utfor i lufta eller noko sånt. Det viser seg at dei står på ei bergknaus med ryggen til kameraet og løfter armane som om dei viser musklar. (Menn ville nok heller ha sett dei andre vegen! ) :=)
Bakgrunnen?? Noregs beste "naking-bilete" skal kårast og dei håper å vinne denne konkurransen.

"Vi viser ikke noe folk ikke har sett før." Nei, sånn sett........... Vel, eg heller framleis til den andre idèen for å kle seg naken. Eg gidd liksom ikkje gå heilt opp på Lifjellet for å posere i Evas drakt (nesten)! (Utan at eg veit kor høgt det er der.......)
Ein skal jo aldri seie aldri, så då spørs det vel kven som spør om å få ta biletet!! Thihihihihi........... .... Nei, no skal eg ikkje få det så altfor artig her. :=)

Slik var Tom Cruises desperate konejakt. Joda, eg veit mange kan vere desperate, men hallo?? Det er fleire nivå når det kjem til desperasjon og med Tom Cruises utsjånad treng ein vel ikkje akkurat vere desperat!! Sjølv om det sikkert er mange i same bås som meg........Vi gjer oss no katta i heile Tom'n!!
Kvinnene trodde de var på audition for å spille i en informasjonsfilm om scientologi. Tja, det kan vel kallast å vere desperat!!
Det handla visstnok ikkje berre om at ein må tilfredsstille mannen sin. Ein må også strekke seg langt for scientologien.
Jaja........ Eg ville sett den mannen som skulle klart å temje meg til noko sånt!!! Hahahaha.......... Då måtte eg vel ha hatt halband på.............. eller i alle fall droppa 75% av alle sakene eg drøftar her inne!! Definitivt. :=)
God eg ikkje er så forelska i Tom Cruise då! Eg får liksom ikkje den heilt store hjarterytmen hverken av å sjå han halvnaken (naken!!!) i "Eyes wide shut" eller innsmurt i olje i "Mission Impossible".

Etter å ha blitt skilt heile tre gonger sidan 1987, spørs det no om han ikkje bør roe litt ned. Tre havarerte ekteskap på 25 år?? Heftige saker!!

Nei, eg tenker eg vil ha skjønnheitssvevnen min snart. Liza Marklund ligg der på nattbordet og ventar på meg. (Hadde det no vore i ordets rette forstand, er det vel heller ein annan eg måtte ha sendt inn dit først!!! Hehe.......)
Eg satsar på nokre sider i boka før Jon Blund angrip augene med fullt mon..........
Så difor seier eg godt natt og sov godt!

Hasta mañana!! :=)

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar