søndag 9. september 2012

Kona til "nakenvandreren" Stephen (53) fortviler: Hvorfor valgte han nakenheten fremfor meg? Stakkars kjerring!! Kanskje eg skulle foreslå det same her heime?? Spørre om han kan ta seg ein joggetur til Narvik i berre nettoen, liksom? Heilt greitt for meg!!

Viss eg forstår avisa riktig, så har godeste Stephen vore naken i ni år. Ganske befriande, vil eg tru.
No trur eg nesten at eg vil påstå at tanken på å gjere det same ikkje freistar. (Legg merke til at eg skreiv ordet nesten!!) Hahahaha..........  For kven veit vel eigentleg kva denne unge jomfrua er i stand til??
For eit nydeleg syn det ville blitt!! Litt henge-mage-rompe-pupper til beskuelse for alle andre.
Eg veit ikkje heilt kven det ville blitt mest flaut for........ Sjølv hadde eg vel ikkje hat vit nok til å bli flau! Hahahahahaha...........

Stephen har blitt arrestert mange gonger av di han har prøvd å gå Storbritannia på langs utan klede. For ein lykke det måtte ha vore om eg kunne sprade rundt langs gatene og plutseleg stod der ein stram uniformert politimann??!! Er det ikkje slik at menn i uniform er dritkjekke???

Kjerringa til Stephen skjønner ikkje at han kunne velgje å vere naken istadenfor å vere med ho. Vel, ho hadde jo tilbodet om å vere naken ilag med han?! Er ikkje det eit brukbart tilbod??
Eg skulle no meir enn gjerne vore naken heile tida........berre ikkje ute langs vegen! :=)

Jaja, enkelte er sære....... Kvar sin hobby!!

Hun er kona mi. Hahahahaha........... Dagens beste!! Viss eg gøymer meg i hagen til Kevin Costner og politiet kjem, så skal eg rett og slett berre påstå at han er mannen min!!! (Det hadde vel vore truverdig?? Thihihi.......... )

Miley Cyrus har nettopp opplevd dette. Ein mann blei pågripen i hagen hennar og han svara naturleg nok at ho er kona hans. I hagen hennar med ei saks!!! Ein heilt vanleg ting å gjere/svare!!!

Derfor elsker Zahid Ali å reise til Finnmark. Mange av dem hadde aldri sett en pakistaner før. Så viss eg vil føle meg litt spesiell, så reiser eg berre til Finnmark?? Dei har garantert aldri sett eit slik "nepskrell" som meg før.............

Sto vakt mens ansatt hadde sex med en voldsforbryter i høysikkerhetsfengsel. Jaja, kven kan påstå at kjærleik ikkje kan oppstå kor som helst??
Spesielt er det supersmart å etterlate prov på mobiltelefon og i form av bileter på cella.
Spørs kor sikkert det var å ha mannen der når han klarar å få ei av dei ansatte til å bli forelska i seg. Skulle det no utvikle seg til noko meir, er det ikkje godt å seie kva han kunne ha lura ho med på. Kanskje han lettare enn lettast ville funne seg ein rømningsveg ut av dette høgsikkerheitsfengselet?

Karen Cosford var sjukepleiar i fengselet. Mange fleire visste om forholdet, men valgte å teie stille om det. Dei er også tiltalt.........
Det beste er at sjølv om det fins prov både i form av skriftlege ting og bileter, nektar Cosford for at det stemmer.  Det er kjærleik på høgt plan, det!!

Nei.......Her sit eg og skriv medan augene er mest på Varg Veum. Varg Veum er ganske kjekk, men etter dagens episodar trur eg  at han har dalt i alle fall ti plassar ned på lista over "hotte" menn. Han er liksom ikkje heilt til å bli klok på i dag.
Til no er det berre ein som har klart å halde seg på same plass på lista over lang tid!! Det skal noko til........... Hahahahaha!! :=)
Veum og blogg er ingen god kombinasjon. Sjølv som kvinne er det vanskeleg nok å konsentrere seg om desse to "tinga" samtidig!!

Nei, det er på tide å avslutte ein fin dag. Vèret har vore upåklageleg. Sol, hav, båt, fisk og måse........ Livet var kjipt då eg fekk ein fisk etter fem sekund for så å ikkje få ein einaste ein dei neste to timane.
Motet var nesten borte då alt plutseleg berre klaffa. I løpet av eitt minutt hadde vi heile åtte fiskar på krokane. Det var berre å dra inn. Det blei no eindel fisk til slutt. Eg veit ikkje kva vi endte opp med, men det blei i alle fall mange filèter av det heile!
Som regel likar eg ikkje måsen. På havet blir ein eigentleg litt fasinert av desse, i utgongspunktet, plagsomme fuglane. Vi fekk oss eindel latter etterkvart som vi trevja fiskerestane litt etter litt i havet så dei skulle få seg litt mat. Innbyrdes kampar og desperate forsøk på å kome først......... Det klarte faktisk å skape litt "lykke".........
Ei innhaldsrik og fin helg med andre ord!!

Kven er det som påstår at ikkje hausten er ei fin årstid??

Hasta luego! :=)

The only one.........



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar