fredag 7. september 2012

Fredag:=)

Sjekk denne søtingen!!!!

 
Det er visst på tide å innsjå at ein må slutte med å seie den lille guten min! Han er nok ikkje lenger så liten. Det er berre mora som ikkje heilt vil skjønne det!
I dag høyrte eg plutseleg så fine og reine gitartonar frå stova. Eg måtte snike meg bort for å sjå kven det var som spelte så fint.
Kven andre enn Steffen sat der i sofaen og øvde på gitaren?! Eg måtte jo sjølvsagt kommentere til han at eg syns han er flink.  "Mamma, veit du at dettan hær e G-dur??" Herleg!! Eg berre måtte ta bilete......... av G-duren!  :=)
Eg ser fram til forsetjinga!!
 
Det er fredag og det er helg. Eg har nett vore ute og gått meg ein tur langs havet og opp mot høgda. Det blir mørkare og mørkare ute for kvar dag som går og det blei nok mørkt fortare enn eg eigentleg var klar over i dag. Difor snudde eg litt før eg hadde tenkt. Det er vel ikkje noko særleg å gå i mørkret utan eit einaste lys på lang avstand og utan refleks.
Godt var det uansett!
 
Debuterer med dildokiste. Jaja....Kvar sine lyster!! No er det i og for seg ingenting som er galt med dildoer, berre så det er sagt......., men alt til si tid. Det er no eingong slik at ein dildo har sin visjon og i dette tilfellet syns eg kanskje det er å ta det litt for langt??!!
 
Multikunstnaren Christopher Nielsen har ei "Haustutstilling". Han har laga ein minnelund om seg sjølv........ Midt i sentrum av denne utstillinga har han sørga for å ha ei kiste (gravkiste).
Utstillinga er full av grafitti og denne gravkista er dekorert med eit skjelett med ein dildo på.
Det er bilete av kista på nettet og eg må ærleg innrømme at det ser litt teit ut med ei kiste der det står ein sværdildo og peiker rett til vers!
Joda...... Det er sjølvsagt litt komisk, men dog..........
 
Jaja, eg kan i alle høve bedyre for dei som kjenner meg at om eg skulle døy snart, så skal dei i alle fall få slippe å sjå ei dildokiste!! (Eg kan sjølvsagt ikkje gå god for kva tilfellet vil vere om eg lev til eg er åtti! Thihihi.......)
 
Mindre testosteron hos norske menn. Jepp, det var det eg skjønnte!! Det går nedenom og heim med den norske mann! Hmm...... Vi er altå dårleg stilla!! Det er berre å innsjå det. Kva skal vi med norske menn, liksom??
Hahaha...... Eg har ikkje eingong snøring på kva saka gjeld! Eg trur kanskje eg skal opne ho og lese kva det dreiar seg om.
 
Sånn eigentleg, (berre eit spørsmål før eg opnar saka) kva legg ein i begrepet lite testosteron?? Er det av di vi får fleire og fleire menn som ser femi ut osv.....??
 
Hahahaha....... Røyking er faktisk "bra" for menn! Eller, i alle fall sørger det for at skilnaden bløir større mellom kjønna om menn røyker!!
Slå den kreftforskarar!! At menn røyker er visst positivt! Hmmm........tvilar. Eg trur ikkje eg ville holdt ut med ein storrøykar. 30 siggaretter for dagen, liksom......? Tenk for ein kondis det ville betydd??!!
 
Ikkje eit einaste stygt ord om dei som røyker........Vi bur trass alt i eit fritt land. Eg seier berre at eg ikkje kunne vore i lag med ein som må ha seg røykepause to gonger i timen, døgeret rundt.
Moderat røyking ville eg vel klart å "svelgje"....... Det er mengden det kjem an på.
 
Det er Oslo universitetssjukehus som står bak studien. Etterkvart som menn har slutta å røyke, har testosteronnivået blitt lågare!! I takt med at dei også har blitt feitare......
 
Vel, om ein kan trekke inn at dei ser meir femi ut i dag eller ikkje, veit ikkje eg.
Dersom studien stemmer, er det eigentleg ikkje rart det var mykje testosteron ute og gjekk for tretti år sidan. Berre tenk på kor mykje røyk som "gjekk opp i lufta" på den tida!!
 
Så lærte eg noko nytt i dag også!!
 
Hun har verdens lengste. Sjukt!! Det er ei fembornsmor som har dei lengste neglene på fingrane, ever!! Då er det snakk om laaaaange........ I følge nettet vaskar ho, lagar mat, speler piano og brukar datamaskin.
No har eg sett ei med lange negler som speler piano før (då eg var i tenåra), men hallo`!!?? Eg tvilar. I alle høve på kvaliteten
 
Eg kan ikkje akkurat påstå at det er eit nydeleg syn å sjå på denne fembornsmora. Unnskyld meg, men eg syns ho kanskje heller burde prøve å finne noko anna å ta rekord i.
Ho har ikkje klipt neglene sine på 19 år. Ekkelt!! Dei svingar seg rundt og rundt....... Ikkje skjønnar eg korleis ho klarer å få på seg ei skjorte utan å knekke neglene. Ikkje minst korleis ho klarar å knappe att ei dongeribukse!! Kanskje ho kun går i spesialklede??
 
Ho har heile 6,1 meter med negl. Det vil seie eit gjennomsnitt på 61 cm pr finger. Fisj............
 
Hør på denne: "Noen ganger glemmer jeg rett og slett at de er der". Hahahaha....... det må då vere dagens beste?? Som om det er mogleg å gløyme neglene sine når dei er så lange som det??!! Neppe!!
 
Puppene er for store. Jessica Simpson sliter med babyvekta. Så spørs det om det er babyen si vekt ho siktar til, eller om det rett og slett er si eiga vekt etter fødselen som er problemet.
Eg går for det siste.................... For med så mange elendige journalistar i dette landet, så er jo ei sak som dette heilt perfekt for enkelte av dei.
Det beste av alt er jo at eg faktisk gidd å opne saka!!! (Dog berre av di eg skal kommentere ho her, men lell......)
 
Eg har visst heilt rett! :=) Det er fire månader sidan ho blei mor. No slit ho med å bli kvitt "babykiloene". Ho la på seg 30 kg i løpet av graviditeten!! (Og eg som tok av tolv berre den første månaden!!)
Ho skuldar på at ho unna seg kva som helst av di ho ville at første gongen som gravid skulle vere spesiell. (Eg trur ikkje fråtsing er noko som gjer at ein føler seg spesiell??!!)
Ho trur sjølv at det er kombinasjonen makaroni og ost som er hovudårsaka. Litt spsiell favorittmat, må eg seie........men at det er godt, ja det skal eg ikkje nekte for.
 
Problemet hennar er at puppene er så store at det er håplaust å løpe. Så ergo kan ho berre gå. Ho håper at eit liv med skrittellar skal hjelpe ho ned mot målet.
Vel, ho er berre menneskeleg. Fokuset bør vel heller vere på babyen.
 
Eg kjem aldri til å bli klok på norsk nettjournalistikk. Overskriftene er berre såååå........
 
Her sovner kvinnen på scooter. Hahahaha........... Sorry, ein skal vel ikkje le av slikt, men dog litt vanskeleg å la vere! Å køyre ein scooter midt i trafikken og sovne??!! Går det an?
Eg veit at det er fleire som sovnar bak rattet i ein bil, men då har dei som regel køyrt ei stund og så meiner eg heilt klart at det er stor forskjell på å køyre bil og scooter.
 
Veien var sterkt trafikkert, så ho skal vitterleg vere glad ho lever i dag!!
 
Det er ikkje lenge til midnatt og eg skal tidleg opp i morgon. (Viss halv ni kan kallast tidleg!) Glunten skal over fjorden for å spele ein tre-fire kampar på føremiddagen og eg skal vere ivrig tilskodar og heie! Så eg håpar verkeleg på godvèr. :=)
Det betyr med andre ord at eg skal seie god natt og ønske ei god ei, sådan!! Herleg, djup svevn.......
 
Hasta luego! :=)
 
I just close my eyes and.........
 
IWALY
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar