torsdag 13. september 2012

Torsdag........

Dette hadde du aldri trodd du ville finne i badekaret.
Det er mykje ein gløymer att når ein er ute og reiser. Det er ikkje måte på kva folk har med seg på ferie eller kjøper medan dei ferierer. Det veit reinhaldsdamer rundt om litt meir om enn det generelle mennesket som berre er nøgd om dei får kose seg på eit hotell, gjerne kombinert med litt sol.
På VG nett har dei ei liste med slike ting som blir "attgløymt". Enkelte ting er sjølvsagt litt meir utroleg enn andre. Lista er lang og eg skal ikkje ta for meg alle punktene. Likevel, enkelte av dei må berre nemnast.

Ikkje veit eg kva reinhalderska tenkte då ho fann ein hai (for real) i badekaret. Hai er jo ikkje akkurat eigna for ferskvann og det er vel utenkeleg at den har flydd opp på badet sjølv. Korleis dei som har skulda har klart å få den inn, tja.......kven veit? Det er vel sikkert enno eit mysterium.
Jaja........ Haien blei berga ut i havet att.

Mobiltelefonar, kamera og ladarar er jo klassikerar når det kjem til temaet, men dog alt for kjedeleg til å bli via plass her. Ein fotprotese derimot..........!!! Ikkje skjønner eg at det går an. Gløyme foten sin liksom?? Litt vanskelg å oppdage at ein er utan fot!!! Hahaha...... Godt gjort!

Like godt gjort som det er å gløyme gebisset sitt!! Hahaha........ Om ein ikkje merker den fryktelege lesbinga si før ein er komen velberga heim....... Hmmm.... Som sagt, godt gjort!
Godt at det berre er kontakte hotellet så får du gebisset attende..... Litt kjipt å gå utan, liksom.

Erotiske ting...... Bøker, oppblåsbare sauer, dildoar osv..... Faktisk er boka "Fifty shades of grey" den gjenstanden som er mest vanleg å gløyme att. Ei erotisk bok......

Å finne ein bag med 6000 dollar, derimot, er vel ikkje akkurat å forakte?!
Om eg hadde hatt ein slik bag med meg på ferien, skulle det vore vanskeleg å gløyme når heimturen kom.
Det var misjonspengar, så heldigvis var det ein ærleg finnar. Likevel....... Du er bra svimåt når du klarer slikt!

Eg har sikkert gløymt att ting, eg også. Dog ingenting av det eg har ramsa opp her. Har eg gjort det, må det vere små ubetydelege ting eg ikkje er klar over. Litt støv og slikt...... Hahahaha.
Kan vere greit å pakke til heimturen i god tid så ein får sjekka at ingenting ligg att på rommet. (Bortsett frå den tunge sjampoen osv......som veier litt og som glatt blir att for å kunne putte i litt ekstra vekt med ferienytt).

Kvinne i 50-åra forgiftet baby med livsfarlig blekemiddel på McDonald's. Det er i England det skjer!! Galning, kallar vi det! Tenk å dra rundt og gje babyar tåteflaske med giftmiddel i, sånn heilt med viten og vilje?! Hei, eg likar ikkje babyar, vil du vere snill å drikke dette, liksom??.........
Saka Vg tar opp, gjeld eit spedborn som blei forsynt med ei tåteflaske av denne galne dama på McDonalds. Har eg forstått det heile rett, er det ikkje den første ungen som er utsatt for dette.
Det er fleire som har sett ho, så det er lyst ut ei skildring av ho......... Så får ein håpe at spedbornet overlev utan dei store skadane!
(Det står spedborn, men eg trur jounalisten ikkje er heilt klar over kva eit spedborn er. Guten er 11mnd. Knapt nok baby lenger.......... Vel, om ein sjekkar på wikipedia (ukritisk), kan ein i beste fall seie spedborn til bornet er 12 mnd. Eg er dog ikkje einig i det!!)

Jeg vet ikke om jeg er i et forhold. Rart?? Det er vel naturleg å vite slikt? Kanskje ikkje..... Heidi Klum veit i alle høve ikkje om ho er i eit forhold eller om ho er ledig på markedet.
Ei søt dame, så kanskje det er mange som går rundt og håper på det siste?

Tusenvis av utviste utlendinger kan få komme tilbake. Regelforvirring!! De luxe............ Utlendingslova har to reglar knytta opp til "plikt" til å oppgje rett identitet.
Den eine regelen seier: at ein utlendig har plikt til å klargjøre sin egen identitet......... (Sitat Vg.nett).
Den andre regelsen seier: at utlending bør gjøre sitt beste for å gjøre dette. (Også sitat).

Det er den siste regelen som no skapar "oppstyr". Ikkje det at eg heilt ser problemet. ..........
Så lenge det fins advokatar, vil det alltid vere mykje kontroversielle ting som blir handsama. No har dei klart å få fokus på nett denne saka.
Mange asylantar har lygd om identiteten sin og har blitt utvist frå landet. No meiner advokaten at alle desse har krav på ein ny sjanse, nett på grunn av regel nummer to.

No er ikkje eg anti-asylantisk (er det noko som heiter det?), berre så det er sagt. Vi har sjølv hatt fleire flotte asylantar her i bygda. Dei både oppførte seg fint og var høflege.
Det er meir prinsippet som lar seg gjeldande i denne saka. (For meg). At eg reagerer på dette, er bunn i grunn av di eg er av den oppfatninga at "alle" veit kor dei kjem i frå. Eg skreiv det i anførselsteikn av di det alltid fins unntak.
Om ein har levd i 20 år (berre for å ta eit tal) og rømmer til Noreg, klarar eg ikkje med min villaste fantasi å sjå at ein ikkje veit sitt eiga namn og kva landet ein kjem ifrå heiter. (Er det eg som er sneversynt når eg ikkje kan forstå akkurat det her med namn og land??)

Lyg dei med viten og vilje på identiteten sin (uansett kva grunn som ligg bak det), har dei jo i utgongspunktet brote begge reglane. Det står ingen stader at det er greit om dei ikkje gjer det dei bør gjere..........
Eg er fullstendig klar over at mange kjem hit av di dei er på flukt og er redd for å oppgje sin verkelege identitet i frykt for å bli sendt heim att. Likevel, vi er nøydd til å ha eit regelsystem. Ellers så har vi i alle høve tapt.
For at eit regelverk skal kunne fungere, må dei følge dei reglane som er. Så uansett kor brutalt det måtte høyres ut, så meiner eg faktisk at om dei lyg på identiteten sin, ja, då må dei berre bli sendt ut. (Eg er ganske sikker på at dei får beskjed på førehand om kva som kan skje om dei lyg, så det er eit val dei tek sjølve.)

Ein må kunne lite på at dei som til sjuande og sist tek avgjerdslene, gjer eit forarbeid og vurderer grundig ut ifrå dei opplysningane som blir gjeven.
Eg vil på nytt presisere at eg ikkje er motstandar av å ta imot asylantar, men talet kan ikkje vere ubegrensa og fritt fram. Då er vi pent nøydd til å stole på systemet, sjølv om vi veit systemet har sine svakheiter.
Det er uendeleg mange tema ein kan nemne der systemet ikkje fungerer, men det blir feil å setje saker opp mot einannan. Om det brytes ein regel ein eller annan stad, betyr ikkje det at det er greit at det brytes ein annan stad også, men ein må då heller prøve å rette opp feilen der den blir gjort.
Det skjer mange overtramp i samfunnet våres, og alle har rett til sine eigne meiningar. Det er viktig at vi har nett den retten. Vi må likevel, uansett kva meininger vi har om "ting og tang", respektere at vi har eit lovsystem og eit rettssystem i landet vårt.
Det leiar meg attende til asylantane. Eg ser rett og slett ikkje at den eine regelen skal opne for at alle dei som er sendt ut på grunn av identitetsløgner osv......skal få kome attende. 
Det kjem heile tida nye asylantar. Det kan vere mange av dei som treng hjelpa meir enn dei som er sendt ut. Det veit eg lite eller ingenting om, men det er nærliggjande å tru det.

Eg håper ingen no trur at eg sit her og rir på den høge hesten som eg har nemnt fleire gonger i det siste. Eg er berre tilhengjar av at rettssystemet og regelverket skal fungere i mest mogleg grad, uavhengig av kva vi som enkeltpersonar måtte meine om enkelttema eller enkeltsaker.

Det er torsdag og snart helg. Jomfru Knutsen skal leggje seg om ikkje så altfor lenge. Influensasjuka herjar kroppen og alle desse orda krev sin energi. Eg satsar på at natta gjer sitt til at ho skal snike seg ut av kropp og sjel!! :=)
Ha ein fortsatt fin torsdagskveld! Sov godt når den tid kjem. :=)
Natta!!

Hasta mañana!!

Om det blæs kaldt............





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar