onsdag 12. september 2012

Hysj.........Det spøker!!!

Fikk telefonregning på 1,6 millioner. Bra jobba!!! (Viss det no hadde vore reelt, vel å merke......) Sjølv om ein ringer utlandet, skal ein halde telefonen i bruk størstedelen av døgeret kvar dag i ein månad for å kome opp i det beløpet.
Eigaren av telefonen blei eigentleg åtvara allereie då rekninga var oppe i 180 000. Då blei også telefonen sperra. Likevel går det altså an at tellerskritta fortset......
No har eg null peiling, rettog slett ingenting veit eg når det kjem til hacking. Eg kjem vel aldri til å lære meg/forstå samanhengen i hacking og bruken av "midla" etterpå.
Eg skjønner ikkje heilt korleis ein kan hacke ein telefon og kunne bruke nummeret sjølv om det blir sperra. Er det ikkje simkortet som blir hacka?? Det høyres i alle høve mest naturleg ut for meg.....  Jaja, som sagt er eg grøn på området!!
Viss simkortet er sperra....?? Hmm..... Eg blir vel ikkje noko meir klok på det om eg sit her og lurar.
Endå godt at han ikkje må betale rekninga!! Hahahaha......... Eg veit ikkje korleis eg hadde reagert om eg hadde fått ei slik rekning i posten.
Sjølv om ein sikkert skjønner at det ordner seg, blir ein nok litt stressa medan ein står midt oppi det!

Fant ekskjæresten på loftet tolv år etter de skilte lag. Trodde det var et spøkelse........Hahahaha....... Snakk om å ta feil!! Det første som slo meg, var at ho hadde funne eit tolv år gamalt lik på loftet. Tankar som "æsj" og "ekkelt" gjorde seg gjeldande blandt dei små grå som svømmer for livet der oppe i suppa mi!
Han var nok i levande live......... Så spørs det kor glad ho var for det eller ikkje. :=)

Dei gjorde det slutt for 12 år sidan. Etter det hamna han i fengsel og ho har ikkje sett han.
Så blei han sluppen laus og innkvarterte liksågodt på loftet til eksen sin i to uker.
Kvinna trudde det var noko polstergeist-greier som gjorde ugagn på loftet. (Polstergeist betyr usynleg, paranormalt vesen som gjer ugagn, for dei som lurar på det!)
Det var det nok ikkje!! (Ho må ha sett for mykje på film, stakkars. Som om det plutseleg berre heilt av seg sjølv skulle kome eit slikt "spøkelse" på besøk??!) Hahahahaha........

I praksis betyr det at kvar gong ho låste døra for kvelden, låste ho han inne ilag med seg. Så kunne han ligge der og snike på ho gjennom ventilen.
Fjorten dagar med urin og avføring er vel heller ikkje det som luktar aller best.

Då han blei oppdaga, stakk han av. Han er enno på frifot................

Overdimensjonert bodybuilder eller snakker vi om Bingo-vinger? Gud, eg er glad eg ikkje driv med kroppsbygging!! No har sett ei ny årsak til at eg berre lar andre ta seg av den biten. Noko så ufint............

Begynte med vektløfting for å komme i form. Etter å ha sett bilete av overarmane til Mustafa som har verdas største av sorten, må eg ærleg innrømme at det ikkje ser bar ut i det heile.
No er han sjølv ganske stolt av armane sine og det har han sjølvsagt lov til å vere. Han har jo trass alt trena for å få dei musklane han har. Likevel, eg klarar ikkje å la vere å gje den ein negativ kommentar. Han må jo berre sjå ut som han gjer utan at eg har noko med det å gjere, men eg vil presisere at i alle fall ville eg aldri ha trakta etter dei same armane. Det er godt vi har ulik smak............

Bicepsane måler heile 78,7 cm. Altså.......... For å vise til eit eksempel, så er det omtrent det same som midjemålet til ein heilt normal vaksen mann.
Medaljen er at han no etter mest sannsynlegheit får plass i Guinnes rekordbok.

To kilo kjøtt kvar dag. Tre liter proteindrikk.

Ein eller annan mann har hevda at det kun er snakk om juksermar. Det er han som kallar dei for "Bingo-vinger".
Jaja........ Viss det er noko må i seg sjølv å sjå slik ut, så for all del...... Eg skal ikkje sitje her på den høge hesten min og bry meg meir om det.

Ser du hvem sim sønn dette er? Eg studerer og studerer biletet i avisa, men svaret er like forbanna nei uansett kor mykje eg glanar på det! Sånn er det berre. Burde eg kjenne han att? Dei spør jo heile Noregs innbyggjarar om det, så då er det vel meininga at vi skal sjå kven det er.

Ein kjekk, ung mann som har brunt år, er litt ubarbert (men det gjer han jo berre litt meir sexy!), smiler flott og har brukbar kropp. Hmm......... Det fins vel mange slike?? Så då kan det jo nesten vere kven som helst?

Hanne Krogh sin son!! Jahaa........ Hmm...... Eg ser enno ikkje det! Det kan jo vere dei siktar til gliset hans. Ho Hanne er jo kjent for å vere blid og smile stort heile tida. (Det stemmer også med dei gongene eg har møtt ho.)  Eg ser ikkje noko anna likskap i alle fall. Skjegget kan det i alle høve ikkje vere!!! (Håpar eg)..... Thihihi........:=)  
Han er i alle fall søt!!

Pynt med sykkelen din. Tja, eg trur vel neppe at sykkelen min er så nydeleg at den kan hengast opp etter taket som interiør i til dømes stua her.
No er det riktignok langt opp til taket i stova her, så det er ikkje sikkert at så mange ville ha lagt merke til den, men lell.........
Eg kan jo seie at eg følger moten til ein viss grad. På vinteren heng den jo oppe på veggen, berre i garasjen......:=)

Det står faktisk følgande i avisa: Viser at du er både sporty og trendy. Hahahaha...... Det må vere det teitaste eg har lest/høyrt i dag. Trendy?? Kanskje det, men sporty?? Trur dei vitterleg at eg sit der oppe under taket og trimmar?? 
Det blir som å leike "hide and seek". "Titt tei, ser du meg ikkje?? "
Viss sykkelen er pynt oppunder taket i stova, ja då er ein vel alt anna enn sporty! Skal eg vere sporty, må eg få sykkelsetet mellom låra mine og gidde å trø hjula rundt! Då kan ein heller byrje å snakke om å vere sporty! :=)

Napoli med sex-nekt. Heile to døger må dei avstå frå sex før kamp. Full stopp! Det er sikkert ei logisk forklaring på det heile, men ikkje ser eg korleis det ein gjetr 48 timar før ei happening skal kunne påverke eit kampresultat. Er dei så heldige å få kose seg, vil eg tru dei blir i betre humør og presterer betre?!
Eg tar sikkert grundig feil.........

Ei av årsakene er faktisk at dei skal unngå å få betenneleser. Kva betennelser får dei av litt kos med kjerringa, då?? Det må jo i såfall vere klining. Det er vel der det er mest sannsynleg at det kan skje ei smitte?! Forkjølelse osv.........

Berre eitt spørsmål i forhold til dette........ (For det gjeld både borte- og heimekampar). Korleis kan dei halde kontroll på om spelarane faktisk held seg til regelen?
Tvilar på at dei klarar å seie nei om dei flotte kjerringane deira byrja å klå på dei!!
God sjølvkontroll kan ein kalle det. Så får ein berre håpe det ikkje er snakk om fleire kampar i uka! :=)

Det er på tide å slutte av. Her er det heldigvis ingen spøkelser, høge telefonrekningar, svære bicepsar eller sykkel i taket. Fotballspelarar er vel heller ikkje så interessante at det gjer noko.
Sov godt!! Natta..........

Hasta luego:=)

Always om my.............

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar