tirsdag 18. september 2012

Tudeliteei.......

Tillit!! Joda, det er greit at ein skal ha tillit til folk, men eg må ærleg innrømme at eg fleire gonger har tenkt tanken "at dei tør" når eg har sett at enkelte butikker, som bl.a Coop hypermarked, bruker systemet med handskannere for kundar som ikkje ønsker å stå i kø. Eg kjem ikkje heilt på kva vi kallar dei kundane for, men gruppa blir i alle høve større og større.

Misforstå meg rett....... Eg er ikkje imot systemet. Ikkje i det heile. Eg syns idèen bak det er kjempegod. Det er berre det at eg ikkje heilt ser kva butikkane har å tjene på det.
Dei bedyrar at det ikkje betyr at dei treng færre ansatte. Det er ikkje for å spare på den sida at dei har innført systemet. Det er eine og åleine av hensyn til kunden.
Den tanken er jo kjempeflott, sjølv om eg ikkje heilt kjøper den.
For min del speletr det ingen rolle kor mange som jobbar i ein butikk berre eg har varen eg treng tilgjengeleg. Det er dei som står utan arbeid, eventuelt, som vil merke det........

Attende til kluet med det eg skriv. Kluet er tillit! Det er meininga at fleire og fleire varehus skal innføre same metoden og etterkvart vil det sikkert bli ganske vanleg å ha det slik overalt. Om nokre år, kanskje til og med i den lille bygda vår. Kven veit??
Det heile byggjer uansett på tillitt og det er ganske spenstig å faktisk tru at folk er ærlege.
Vel....... Dei fleste er vel det?! Eg trur i alle høve at dei aller fleste er redelege menneske.

Det er gjort undersøkingar ellers i Europa som viser at kunder tar ansvar når dei blir vist tillit. Eg er forsåvidt einig i at det høyres "logisk" ut. Likevel er eg eitt hundre prosent sikker på at det ikkje gjeld alle. Sjølv ikkje alle dei som vi ellers ville ha klassifisert som ærlege menneske.
Det handlar om freistingar........... Det er like før lønning og "Anders" har bursdag. Det er lite pengar att på konto.
Kor lett vil det ikkje vere å skanne inn 10 brus istadenfor dei 14 som det eigentleg skulle vere? Kanskje 3 pizza istadenfor 4?....osv....
No har nok dei fleste nok pengar til slikt, men det er faktisk mange som ikkje har meir enn akkurat det dei treng. Så veit vi også at det er menneskeleg å feile.............. Problemet er at viss du først har gjort det ein gong og ser at det faktisk gjekk bra, ja då er vegen til å gjere det på ny ikkje lang.

Joda, dei fleste vil sikkert vere ærleg, men eg meiner heilt klart at det er ei stor freisting dei legg fram.
Sjølv om ein må vere medlem hos butikkjeda og dei difor då kjenner identiteten din, har det lite å seie...... Stikkprøvar er nok ikkje noko dei tar kvar time, kvar dag........ Det er mange kundar i løpet av ein time.

Eg er ikkje redd for at eg sjølv skal falle for freistinga. Ingen fare for det, men eg prøver berre å vere realistisk.
Far min dreiv jo "butikk". Han viste tillit....... Kundane henta seg berre kaffe og eventuelt kake. Då dei forlot lokalet, la dei berre pengar att på bordet. Han hadde ingen kontroll på kor mange koppar kvar enkelt drakk eller kor mykje dei spiste. Han rekna berre med at dei fleste var ærleg.
Det var garantert fleire som utnytta det.
Eg trur ikkje det er mange stadane det er slik lenger. Som regel må ein betale for varane med ein gong.

Dersom butikkane etterkvart får eit system som fangar opp alt som puttes i handlevognene, ja då trur eg vi kan snakke om eit system som gjer det lettare for oss og som ikkje avlar til tjuveri. For det er nettopp det om ein tar ein vare og ikkje betaler den. Uansett kor lite beløpet er.

Vi er på veg mot ei pengefri verd. (Lause pengar....vel å merke).

Mann skutt av sin egen hund. Bra jobba! Bikkja ligg der klar med geværet, ferdiglada og klar til avtrekk. Mannen kjem inn døra og ser geværmunningen som er retta mot seg. Han prøver å kaste seg ned, men kula kommer for fort.........Han er "fitten drive"! Hahahaha........ Eg ser det for meg. :=)
Tidlegare i dag såg eg ein rev som låg klar med ei rifle (på jakt etter fugl). Reven var sikkert daud og eigaren av rifla hadde sikkert "orga" det slik at det skulle sjå tøft ut. For det såg faktisk ganske kult ut!!
No er eg spent på denne såkalla hunden. Kva er det eigentleg som har skjedd??
(Kanskje det er no det skal stå "følg med i neste episode).........

Lite kult å vere jeger når du må amputere handa di. Inga hand, inga jakt! I alle høve ikkje på anna vis enn fysisk tilstades for å bruke augene.......
Jakthunden kom borti avtrekkaren!! Kjempelurt å ha den ferdig lada om hunden er kosesjuk. Det er noko som kallast for sikkerheitslås! Etterpåklokskap med andre ord........

Ny leilighet til 10 millioner har 22 feil. Sjokk!!! Vel, ti millionar? Eg vil tru at ei slik leiligheit kan vere ganske stor, så det er vel ikkje rart om enkelte ting ikkje er heilt på stell. 22 feil?? Joda, eg må innrømme at talet er høgt, men dog veit eg ikkje kva feila er.
I'm about to find out........

Glassrekkverk på balkong som ein kan skjære seg på. Joda....Grei den.
Endel jernspon ligger på terskel og i styreskinnen for skyvedør. Vel......... Fjern det då!! Enkel sak...
Ved montering av hjørneløsning er det hentet labanker på tomten for stilisering av hjørneskapet. Unnskyld meg, men kva i farsken er labanker?? Har eg labanker i hagen min?? Inga aning..... Kanskje like greit. Eg har ingen hjørneskap, så "I don't really care". Lurar på om det er eit ord ein kan søke opp? Labanker. La......banker. Lab......anker. Ingen bjeller, nei!
Justering av skapdører og skrog taler for seg. Dæsken ta! Dei har ein heil båt på kjøkkenet sitt!! :=)
Store tilpasningsfuger er skjemmende og har muligheter for å slippe. Slippe kva?? Er tilpasningsvanskene så store at dei vil stikke av frå probelemet? Kvifor gje dei sjansen?
Ikke registrert noen form for avrenning ved lekkasjer i vegghengt toalett. Målet må vel vere å treffe oppi doen når ein tissar. Ein dagdrøymer vel ikkje såååå mykje om den "hotte" ladyen lenger oppe i gata at ein ikke klarar å treffe doskåla?? Lekkasjer kan lett unngås!! (Vel, ved nærmare ettertanke...... Guttedo stinker alltid forjævlig. Kanskje det er ei årsak til det? Lekkasje?? )

Vel, eg trudde det var meininga at ein skulle sjekke eit hus sin tilstand før ein "paya ut" for det. Det er nemnt fleire punkt, men alle dei resterande punkta er feil som er lett synlege og det er veldig rart at dei ikkje såg det då dei kjøpte leiligheita.......
Med nærmare ettertanke er det vel heller meir sannsynleg at det er snakk om ei heilt ny leiligheit som er ferdigstilla frå leverandør? Eg veit ikkje...... Eg sjekka det aldri ut!

Kvinner må være en del av løsningen. Hahahaha........ Den treng vel ikkje noko meir utdjuping??!!

Dritbra utsikt og innsikt. Ville du turt å gå på do her? Vel, eg trur ikkje det er snakk om å tore eller ikkje...... Det handlar om at vi har våre grenser for kva vil at andre skal sjå. Å la andre sjå på at vi driter og ettrpå tørker driten bort er ikkje normalt å ønske. (?????)
Det er nett det som er tilfellet ved eit hotell i New York. Om det heile er så gjennomtenkt?? Neppe.
Kvart einaste do i 19.etasje er utstyrt med ein vegg som består av berre vindu. Så sjølv om det er eit stykke frå bakkeplan og opp til 19.etasje, så er det faktisk fritt innsyn for dei gåande å sjå på. Det er ikkje problem å sjå dit i det heile.......

Utsikta er nok spanande for dei som er inne, men dei som er ute???
Eg trur eg ille funne meg eit anna do, uansett. Bilete av fleire som er på do har jo allereie hamna i Vg. Det betyr at kven som helst kan ta bilete........ Ikkje rette måten å skaffe seg modelljobb på.

Nei, det er mykje rart i denne verda. Godt at eg er rar, eg også! :=)

Ha ein flott tysdagskveld!! Det er Greys Anatomy, så det betyr at eg har tenkt å putte augene mine på tv'n til forandring i kveld.

Og nei, eg er ikkje blond!!! Eg veit at eit kjøkkenskrog ikkje er ein båt!!!!

Hasta mañana!!

IWALY.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar