søndag 16. september 2012

Hahahaha....... Eg har akkurat sett på eit fotballprogram på nettet. Der diskuterte dei tre beste og tre verste innanfor eitt eller anna. Uansett....... Klippet eg no sit og flirar til er frå ein landskamp. Først såg eg eit klipp av at ein nasjonalsong blei avspelt, mest sannsynleg med kassett. Plutseleg står dei der og syng etter ein kassett som går altfor sakte og det høyrest fælt ut.
Alle har vel høyrt korleis det høyres ut når ein kassett går sakte rundt?!!

Det er ikkje dette eg flirer av...... Like etterpå tar dei for seg ein annan landskamp. Den norske nasjonalsongen skal spelast og "speakeren" er litt usikker på kva kassett han skal spille av. Han spør nokon utanfor speakerbua om hjelp og dei viser han "rett" kassett.
Like etterpå runger det ut av høgtalarane: "Just dine gullbruna øgon....." Hahahaha.... Herleg!! Musikken blei raskt slått av, men alle rakk nok å få med seg tabben. :=)

Den moderne kvinnes kjæreste oppgave er å tilfredsstille sin manns alle behov. Sukk.......Det tok si tid!! Eg har sotte og grubla på denne setningen lenge no. Ikkje kunne eg forstå at det gjekk an å skrive ein såååå feil setning. Kjæresten til kvinna skal tilfredsstille mannen sin?? Kva i alle dagar?? Går det an, liksom? Er det bigami i dette landet, eller?
Som sagt, ting tar litt tid! Når ein endeleg klarar å få dei små grå til å virke, så er det stor forskjell på kjæretse og kjæreste. Kjæreste i denne samanhengen har jo ikkje med "den elskede" å gjere. Kjæreste betyr jo også "beste"/ framste osv....... Ei oppgåve ho liksom skal gjere med glede.
Og dette har eg brukt tid på???? I think I need some help!! Jaja.......

Setningen er rar uansett! Sin manns alle behov.......... Eg ville då vitterleg ha skrive alle behova til mannen. Vel, eg har brukt nok tid på å gruble!!
Så spørs det...... Er det slik den moderne kvinna er?? Og kva gjer ho eigentleg når mannen er "ynkeleg" sjuk? Det kan jo vere ei utfordring. :=)

No er det laga ein tv-serie som tar for seg nett dette. Vil gi deg oppskriften på det perfekte liv. Så då fins det faktisk ei oppskrift på det. Hmmm....... kanskje det er denne serien ein må følgje med på i haust? (Tvilar på at det kjem til å skje!!)

Kva ligg eigentleg i ordet moderne? Er det snakk om ei aldersgruppe, eller det snakk om at dagens kvinner endrar seg etter samfunnet og slik dei trur det forventes at dei skal vere?
Eg lurar frykteleg på kva dei legg i "mannens alle behov". Det kan vere så mangt. Vi veit vel dei aller fleste at mange menn kan vere ganske sære, vanskelege og ha dei raraste oppfatningar av kva som er normalt. Hahaha.......... Det moderne kvinnemennesket må for guds skuld ikkje falle i fella og gje etter for alt. Det heiter jo at bak eit kvart mannfolk står det ei sterk kvinne. Slik må det fortsatt vere!! :=)

Eg trur eg skal la vere å kommentere korleis det ville gått viss denne jomfrua skulle blitt latt seg styrt! (Det blei visst ein litt rar kombinasjon av ord........skulle blitt latt...... Jaja, alt skal ikkje høyres så bra ut i denne verda, så eg lar det stå.)
Uansett.......Ein skulle vel klart å dekke 90% av mannen behov (?), det får jaggu halde. Dei restrerande 10 får dei ordne opp i sjølv.
Vi skal vel klare å plassere ein våt klut i panna på dei om dei skulle få litt feber og syngje ein god natt-song om det skulle bli behov for det. Eg har den perfekte songen klar om det trengs!!

Nei, vi fleipar mykje med menn som syt, er sjuk osv........ Sånn eigentleg burde vi rose dei litt også. Sånn bunn i grunn er jo mannfolk "ålreite" dyr! Vi hadde vel ikkje klart oss utan dei?!! (Joda, men vi kan jo la dei tru det). :=)

Denne kan svenskene kjøre med helt vanlig førerkort. 26 tonn og 12 m. Jaja....... Søta bror har kanskje eit anna syn på sikkerheit enn oss? Ikkje snakk om at eg hadde turt å setje meg inn i "bilen" for å flytte den frå a-å om eg hadde sjansen. Det er jo sjukt!!

Sånn eigentleg har eg trudd at trafikkreglar osv  er dei same i "alle" land. Bortsett frå at det er venstrekøyring i emkelte land.......
Med andre ord bør ein vere kstra våken om det kjem eit stor rakkel av eit "vogntog" mot oss om vi er i Sverige ein tur!!
Det er riktignok ein bobil, men aldri før har eg sett ein bobil som er i den storleiken. Dessutan speler det ingenrolle kva vi klassifiserer bilen som. Det er jo storleiken det kjem an på. Jaja........
Kanskje ikkje så lurt å kjøpe ein slik, med berre vanleg førarkort, om du planlegg å køyre utanlands. Det er berre i Sverige det er tillatt. Noko ikkje alle har fått med seg og er blitt tatt for.

Justin Bieber er tibudt rolle i "Fifty shades". Spørs kor god rollemodell han er overfor fansen sin om han takkar ja til tilbodet. No har han sikkert tilhengjarar i alle aldersgrupper, men eg vil tru dei som er i den tidlege tenåringsfasen er den gruppa som er den største fansen.
Eg har ikkje talet på kor mange gonger eg høyrer namnet hans i løpet av ein dag. Frå tiårsalderen og oppover, er det mange som er så forelska i han at dei trur dei elskar han. Han er verkeleg den store for tida.
Skal han då plutseleg vere med å spele inn ein film som er pornografisk?? Skyt seg sjølv i foten, vil eg kalle det...... Han har nok takka nei for lenge sidan. Han er vel gamal nok til å sjå konsekvensane av det....:=)

Hellstrøm: Nøkkelhullmerket lurer forbrukerne. Det er godeset Hellstrøm som er ute og åtvarar. Han meiner det at styresmaktene villeiar forbrukerane ved at dei brukar nøkkelhullmerking for at folk skal tru at frossenpizza er sunt.
Kanskje det er noko i det, men Hellstrøm må samtidig tru at vi andre eigentleg er litt "dum". Frossenpizza har vel aldri vore sunt og kjem vel heller aldri il å bli det! Kva ferdiglaga mat finn vi i frysedisken på butikken?? (For å setje det heile litt på spissen)...... Klart det fins sunn mat også der, det er ikkje det eg meiner. Eg berre tar det litt langt for å statuere eit eksempel.
Uansett....... Ferdigpizza i dagens kolonialbutikkar er ikkje sunt og vi treng ikkje hverken styresmakter eller andre for å fortelje det for oss. Det er "basic knowlegde"!! Akkurat som at vi veit at ferdigsaus på poser, potetmos og alt anna i same sjangeren aldri kan bli som heimlaga. Vi berre treng det av di ein stor del av dagen går med til arbeid og ein er svolten når ein kjem heim.
Eg ser ikkje heilt for meg at ei elgsteik, til dømes, kan tilreiast med noko pose frå toro. Så er vel ikkje elgsteik det som står på menyen ein vanleg kvardag heller. I alle fall ikkje her, med mindre det er ei spesiell anledning for det. Elgsteik smakar best når det er helg. Dåkan ein tilreie sausen over laaang tid og få den slik ein ønsker. Sausen er halve måltidet!!
Så spørs det......Er sausen sunn?? Den er jo heimlaga! Viss ein kan kalle rømme, brunost, smør, fløte osv......(for å nemne nokre av ingrediensane) for sunt, ja då er den det. Berre så synd at svaret er nei. Den er vel alt anna enn sunn!! Men du dyre kor godt!! (Og det er vel det som er målet??) :=)

Nei styresmaktene kan merke frossenpizza så mykje dei vil. Den vanlege "mann" i gata veit at det ikkje er sunt. Berre lettvindt om du har det supertravelt eller får lyst på noko "godt" til ein god film o.l.
Så Hellstrøm, de kan berre ta det med ro. Ikkje uro deg over at det norske folk skal bli lurt til å endre levestil til frossenpizza. (Bortsett frå dei som allereie gjer det! Det et det på julaften også...)

Gråtkvalt Lillian Müller ute av "Skal vi danse". Litt kjipt å ryke ut av programmet når ein først er med, men hadde eg vore med, ville eg heller blitt stemt ut i byrjinga enn mot slutten. Eg har eigentleg eit ganske stort konkurranseinnstinkt og difor er det kun seier som hadde gjeldt. Ikkje alltid så sunt...... for det hender det kan gå litt hardt for seg. (Eigentleg snakkar eg litt fortid, for eg skjønner litt meir av livet i dag enn for ti år sidan!)
Det er kanskje ikkje så lurt å ta eit renn så alvorleg at ein ikkje skjønner at ein må roe ned før sjukebilen er neste stopp for surstoff. Så noko toppidrettsutøvar kunne eg aldri ha vore. Eg hatar å tape...... (Det trur eg mor og gjer, så det må vere der det kjem frå).

Lillian Müller syns tydlegvis at det var lite skøy å ryke ut først. Eg forstår ho. Det å først delta, gjer sikkert eit megastort adrenalinkick og alle har vel lyst til å vinne (sjølv om det er mange som nektar for det). Ønsket ligg vel der som ein naturleg del av oss alle.
Det som eg reagerer på er at ho etterpå spør om ho skal grine. (Medan tårane låg der og pressa på). Vel, vi er alle ulike som menneske. Eg trur kanskje ikkje eg ville ha tatt til tårene for å ryke ut av ein konkurranse. I alle høve ikkje foran heile Noreg. Eg ville nok ha vist skuffelse, men det er stor forskjell på det og det å grine foran kamera.
No har eg aldri deltatt i noko realityprogram, så eg skal vel eigentleg vere litt forsiktig med å uttale meg. Lite veit eg kva press dei ligg under medan det står på. Det er jo trass alt ikkje berre ein heilt vanleg konkurranse. Joda, heilt vanleg, men tilskodarantallet er unormalt høgt!!

Nei, eg skal ta å sjå Varg Veum no. Sist søndag falt han ti hakk på lista over "hotte menn". Så attstår det å sjå om han klarar å skjerpe seg slik at ha klatrar opp på lista denne uka. Øverst hamnar han ikkje!!!!
Så ha ein fortsatt fin sundagskveld!! Det er berre få timar att til ny uke og nye sjansar! :=)

Hasta mañana!

Part of........



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar