tirsdag 25. september 2012

Tysdag 25.sept.

Kor mykje galt kan ein artist eigentleg gjere i løpet av ein einaste turnè? Madonna er jo heilt rå!! Det er sikkert fleire som har vore hakket verre i løpet av den nyare musikkhistoria, men det har ikkje fått tid til å nå mine øyrer enno. Difor seier eg berre "ingen over og ingen på sida". Her kjem ei forkorta liste over "stunta" hennar:
1) Puppeglipp! (Trur kanskje ikkje det er første gongen). Sikkert eit herleg og oppfriskande augeblikk for enkelte, men dei fleste syns vel sånn i bunn og grunn at det berre er teit.........
2) Rumpestunt!! Verkeleg eit kvinnfolk på 54 år verdig.........Hmm!
3) Tårer og verbale angrep. Ikkje noko galt i det å vere følsom. Verbale angrep?? Det skal ein vel i utgongspunktet prøve å halde seg unna uansett (men dog vanskeleg å halde seg til bestandig). Det er likevel ein vesentleg forskjell på om det er noko du gjer til vanleg, om det er ein liten glipp i ein ellers frustrert situasjon eller om du faktisk er pop-dronning og kan påverke x antal mennesker under ein konsert!
4) Kontroversielle våpenshow! Eigentleg ingen smart ting å gjere når du rettar ein pistol mot publikum. Enno verre er det når du gjer det i eit land som Noreg og mange av dei som sit i salen har eitt eller anna forhold til Utøya-massakren. Kanskje lite gjennomtenkt?? (Ho var klar over situasjonen og valgte likevel å gjere det........ Ingen respekt, der!)
5) Fornærma ein Front-Nationalpolitikar i Frankrike. Madonna fekk ordna eit bilete av Marine Le Pen ho viste fansen under ein konsert i Paris. Kva som var så galt med biletet? Joda..........Ho blei avbilda med eit hakekors i panna!! Ikkje særleg snilt med andre ord.
6) Bruker konsertane til å sanke Obama-stemmer. Ho driv rett og slett valgkamp for Obama. Ikkje det at eg har noko imot han som president. For min del er det heilt greit, men kanskje ikkje rette staden for å promotere "den svarte muslimen" som ho kallar han. (Han er ikkje islamistisk!)

Sanninga er at ho er blitt bua ut på konsertar av di folk meiner dei ikkje har fått valuta for pengane. Det skjønner eg godt!! Om eg går på konsert, er det vel mest sannsynleg at det er av di eg vil høyre musikk.

Krever at spillerne tar løgndetektortest etter sjokktap. Det er vel slik det er blitt?? At dei skal til bunns i alt! Det er lenge sidan fotball gjekk frå å vere noko spelerane holdt på med av di det var deira favoritthobby. No dreier det seg for det meste om pengar. Store pengar!! Ikkje berre for spelarane, men også for dei ulike klubbane. Pengane betyr så mykje at klubbane vil ha "full kontroll" på spelarane sine. Dei innfører restriksjonar på det meste og truer med bøter og liknande om nokon bryt reglane.
Den største redsla til spelarane er vel kanskje frykta for å bli satt på benken. At andre skal spele seg inn på plassen deira.

Det er ikkje lenge sidan eg skreiv her om eit lag som hadde sexnekt dei siste to døgera før ein kamp.
No har eg ikkje lest artikkelen om dette laget som testes med løgndetektor, men eg ser for meg at dette også må vere eit lag med blant anna denne regelen.
"Har du hatt sex det siste døgeret?" "Har du tatt deg ei øl dei siste dagane?" "Har du vore lenger oppe om kveldane enn høgst nødvendig?" Tja, det er sikkert mange spørsmål dei kan stille. Nei til privatliv, kallar eg det!! Medaljens pris?? Er det verdt det? At eit styre skal kunne sitje der og bestemme korleis du skal leve livet ditt og ikkje........ Vel, det er pengemarkedet som styrer det heile. Ingen tvil om det.

No kan det jo sjølvsagt hende at det heile kun dreier seg om kampfiksing.......... Vel, då kan ein jo i alle fall seie at det dreier seg om pengar!!!

Skal lage treningsleir for nakendemonstranter. Det vil eg gjerne vite bakgrunnen for!! Kvifor treng ein å trene om ein skal delta i ein nakendemonstrasjon? Må ein ha ein smekker kropp for å stille opp?
Det er sikkert ei logisk forklaring til det heile, men overskrifta gjer oss ikkje akkurat noko hint om kva som ligg bak, så då er det vel rett fram for oss som lesarar å tolke det som vi vil?

Biletet på nettet bugnar over av nakne kvinnfolk med slanke midjer. No har eg ikkje studert biletet så altfor nøye.........Nakne kvinnfolk er vel ikkje akkurat det første ein ønsker å sjå!! Likevel, eg kan ikkje hugse at det var nokon som helst med litt fromme former. Kva kjem det av??
Kan det vere at grensa for å kaste kleda er litt strammare for fromme kvinnfolk enn slanke? I dagens samfunn er det jo så mange som er opptatt av kropp og klede. Ein skal sjå sånn og sånn ut....... Berre blant ungdommen er presset ganske stort.
Vi har alle ulik psyke og det er kanskje vansklegare å ta seg sjølv uhøytidleg som naken om ein har litt feitt på kroppen. Eg veit ikkje........ Det varierer vel frå person til person.

No må eg ærleg innrømme at eg aldri har skjønna kvifor ein har nakendemonstrasjonar. Kvifor mange kvinnfolk kastar klærne for å stadfeste kor dei står f.eks. politisk.
I mine auge er det rett og slett teit, men det er sikkert mange som er ueinig med meg. (Heilt greitt det også!) :=)

Eg vil tru at ein treningsleir ikkje dreiar seg om å få kroppar (fysisk) som gjer at ein skal tore å vise seg naken offentleg!! I så fall er det berre sjukt!
Nei, det må vel vere meir emosjonelt. Treningsleir som går på det å påvirke psyken sin. Det er jo ikkje berre, berre å stille opp naken offentleg. Det mentale speler nok ei større rolle enn det fysiske.

Eg har ikkje tenkt å stille opp på noko treningsleir, men så har eg heller ikkje tenkt å delta i ein nakendemonstrasjon.
Eg syns eg ser det.......... Hundre nakne kjøpsvikjenter i nakenparade utanfor coop-en!! "Skaff oss fergefri E6 NO!!", "Gje oss distriktsmedisinsk senter", "Vi vil ha Da damene dro til Kjøpsvik", "Ei natt med George Clooney!!" (Han skulle fått bli sliten, ja....Stakkars mann!) Hahaha.........
Litt magedans og hula-hula-skjørt for å dekke over den edlaste delen på kroppen. (Nakendemonstrasjonar her i bygda må jo innehalde "litt" anstendigheit??!!)
Eg tippar min kjære kollega på 40 sørger for å få alle med i herleg waka-waka-dans.

Nei, eg trur eg må ta å øve litt på den her waka-wakaen, sånn i tilfelle det blir ein realitet!!
Så resten av dåke må ha ei god natt!! Draum søtt.......

Hasta mañana!! :=)

FY!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar