onsdag 5. september 2012

Ryanair-sjefen kaller passasjerene idioter. Så bra!! Det er jo knallreklame for selskapet, det! Sikkert nok av "idioter" som biter på bodskapen?? Eller dei fleste bryr seg vel neppe?! "Kall oss kva du vil"-mentalitet, berre prisen er lav. Til sjuande og sist er det vel prisen som gjeld.......

Det er folk som klagar på gebyrer som er dumme og rett og slett idiotar. O'Leary, som han så fint heiter, er frå før av godt kjent som "han som ikkje er redd for å seie kva han meiner". Så kvifor skal han teie stille om dette??

Utsagnet har visst skapt store sjokkbølgjer langt utover luftfartsindustrien. Joda, eg kjenner eg er i dypt sjokk her eg sit!!! Kjempe!! Heilt sant!!
Hallo?? Tru meg no i det minste på det!!
Like I care.......... Sjokket er så stort at eg blir ikkje å ofre det ein tanke om Ryanair dukkar opp som alternativ neste gong eg søker på flyreise. Kan dei få meg frå A til Å, er det eitt feitt for meg.

Eeehhhh......... Etter å ha opna saka, er eg kanskje ikkje like sikker på det siste lenger. Altså..... Eg bryr meg ikkje om uttalelsen hans. Han veit lite om eg er idiot eller ikkje. Det er eit av eksempla som det vises til i teksten.........
Viss dei kan få meg trygt frå A til Å, er det likevel ikkje heilt sikkert at eg vi satse på dei. Ikkje når ein ser kva gebyr det er snakk om. Då seier eg heller "Jeeeeeezes!!"

Det er ei tobarnsmor som skulle ut og fly. Ho skulle sjekke inn i Alicante og hadde gløymt å printe ut bordingkortene. Gebyret ho måtte betale for den gløymselen var på heile 3500 kr.
Eg har fleire gonger flydd utan å vise ein einaste billett. Eg har berre sagt namnet mitt og vist legitimasjon på at eg er eg. Det vil seie at eg faktisk fleire gonger har vurdert om eg skal gidde å skrive ut billetane.
Eg har alltid gjort det og etter å ha lest dette, kjem eg definitivt til å fortsetje med det!!
3500 kroner?!! Sjukt, spør du meg.

Tobarnsmora klaga sjølvsagt.......... Det fekk O'Leary til å tenne på alle pluggane!! Ho må jo vere komplett idiot!! Rett og slett så dum som eit brødfrø! (Brødfrø er mitt ord, berre så det er sagt.)
Idiot er ho av di ho sjølv har betalt mykje for billetane. Ein eller annan stad i informasjonen som følgjer med billettane (der alt står med liten skrift) har det sikkert stått at ho sjølv har ansvar for å ha med gyldige billettar.
I og med at ho ikkje hadde fått printa ut billettane, hadde ho brote avtalen ho ¨"inngjekk" ved kjøp av billett og gebyret. Så "til pass åt ho!!".
Selskapssjefen syns faktisk at ho burde betale ekstra for å vere så dum!! Slå den! :=)

Spørs om det heile rett og slett ikkje er dårleg reklame......... Eg er nok ikkje sjokka, for det meste går an i denne verda, men eg er rysta!!

Seks måneders fengsel for sex med elev. Snakk om å vere så teit at du går til sengs med ein ungdomsskulegut!! Som lærar veit du at sjølv om eleven er fylt 16 år, så er det noko som heiter yrkesetikk og her er det jo vitterleg snakk om å bruke sin tillitsposisjon overfor ein unggut som kanskje eigentleg ikkje veit betre.

Uavhengig av om det var frivillig eller ikkje..... Det har lite med saken å gjere. Seks månader i fengsel er ingenting. Ikkje viss ho etterpå kan kome attende i arbeid og utøve yrket sitt. Kor blir det då av "tryggleiken" og tilliten dei andre skal føle og ha overfor ho? Inkludert eleven ho "forgreip" seg på...
Ho mistar retten i fem år og ein lærer sjølvsagt så lenge ein lever. Likevel..... Eg veit ikkje heilt. Kanskje straffa er høg nok??

Eg er blitt så opphengt i den høge hesten for tida, så då bunnar veldig mykje av meiningane mine ut i at eg skal ikkje dømme. Litt vanskeleg å la vere. Eg er dog berre eit menneske!!

Her får Mette-Marit skyss av søppelbilen. Begrepet "Folkekongen" er endra til "Folkekronprinsessa"! Utan tvil...... Viss ikkje det vil klassifisere til å vere folkeleg når ein sørger for å få haik med søppelbilen, veit ikkje eg. :=)

Nils Arne er en moroklump. Det er sjølvsagt Eggen det er snakk om. At han er ein moroklump har vi nok uttalige eksempel på, så det treng vi ikkje Henriksen til å fortelje oss. Anar vi ein litt "føler meg litt tråkka på"- reaksjon frå Henriksen?? Litt kritikk kan jo ofte vere vanskeleg å svelgje??!!

Skjeller ut Jan Thomas etter smoking slakt. Faen heller, Jan Thomas!! Nei, stakkars Dorthemor! Fekk du plutseleg ikkje strålande kritikk for ditt kjolevalg?? Hmm....... Krise! Vel, "grow up" og "face reality". Du er nok ikkje perfekt.
Det kan godt vere du har god klessmak. Lite veit eg om det for eg ser deg så sjeldan.......... Det er liksom ikkje så ofte du tar turen ned hit i Bakkanvegen for å helse på.
Eg må jo ærleg innrømme at eg føler meg litt snurt, men det går bra! Eg skjønnar jo sjølvsagt at det er viktigare å tenke på kva neste drakt du skal bære er! Heilt klart!!
Stå på, du!! Så blir sikkert Jan Thomas supernøgd neste gong. Tvilar på at du gjer same feilen to gonger. (Viss det ikkje tar nattesvevnen ifrå deg no når du veit at vi "alle" har fått tabben med oss!)

Hotellet er perfekt for par som ønsker å utforske hverandre. Men ikke la deg overtale til å innta frokosten der. Biletet viser ei flott seng som ser ganske behageleg ut. Sikkert ikkje meir behageleg enn mange andre hotell, men den ser i alle høve innbydande ut. Kvifor skal ein ikkje ete der??
Viss målet er å utforske kvarandre, er vel sjansen stor for at store deler av tida blir tilbakelagt i nettopp senga. Kven er då interessert i å bu der viss dei ikkje skal innta frukosten der?? Aller helst burde jo frukosten bli levert på døra!! Det ville jo satt litt ekstra spiss på det heile.
Eit hotell kan jo ikkje vere perfekt om maten "sug" (for å bruke ungdommens uttrykk).

Når eg no fekk summa meg til å opne saka, viser det seg at det er ikkje av di senga er så innbydande. Det er rett og slett av di det er ufatteleg masse speil på veggene og i taket. Hmm.......... Tja, eg veit ikkje heilt. No føler eg ikkje heilt behovet for å liggje å sjå på meg sjølv. Blikket skulle no aller helst ha vore på noko heilt anna.
Med mindre ein plutseleg skulle få kroppen til Pamela Anderson, trur eg at eg klarer meg godt utan alle desse speila!

Så dårleg mat og mykje speil.......... Paris er staden for eventyrlystne!!

Nei, klokka er visst ikkje heilt på mitt parti i kveld, så no er det natta! Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem.
Ole Lukkøye dukkar nok opp dei fleste stader snart. (Nei så søren......... Skreiv eg Ole Lukkøye??? Ikkje fortel den tabben bort til andre!!! Eg meinte jo sjølvsagt Jon Blund...... Jaja, ikkje nytt at ein er litt svimmel innimellom! For alt eg veit, kan sikkert Ole fungere godt som sovemiddel, han også! Berre tel alle slaga hans i ein kamp i stadenfor å telje sauer. Funker sikkert bra!!)

Natta!! :=)

Hasta luego!!

Whatever time may take away, it cannot change the ......................

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar